|
||||
|
|
RV 613, også kalla "Panoramavegen" . . . . . .Tek av frå Rv 15/60 ca 7 km vest av
Stryn. Langs vegen vil du finne levande bygder, rikt kulturlandskap,
forskjellege aktivitetar som ein kan delta i og ikkje minst fin natur med
"panoramautsikt" til fjord, bygder, fjell og isbrear på sørsida.
Som her på bildet over, frå Robjørgane |
![]() |
||
I aust, ved krysset der du tek av fra riksvegen, kryssar det ein annan veg med historisk sus, "Den Trondhjæmske Postveg", som var ei viktig ferdselsåre mellom Bergen og Trondheim. Vegen kryssa fjorden ved Faleide og gikk derifrå opp lia, gjennom Markane og Hornindal og over til Møre. Deler av vegen er restaurert og godt farbar til fots. Enkelte brukar også sykkel på delar av vegen. |
![]() |
||
Nordsida Kyrkje, Roset Det har vore sagt at denne kyrkjegarden har ei av dei finaste utsiktene i landet |
![]() |
||
Ulvedal
Ei lita grend med ei rik samling
av kulturhistoriske attraksjonar. |
![]() |
||
Nordfjord Fritidssenter, Bergset
Skisenter og leirskole.
Fint utgangspunkt for turar i
merka løyper sommar som vinter.
Arena for NM, jr.VM, og World Cup renn
Nordiske greiner. |
![]() |
||
Ungdomshuset Fjellvarden,
Sølvberg
Oppført i 1916 etter teikningar
av Magnus Dagestad, Voss.
Huset har vore gjennom eindel
ombygging. M.a. blei kjellargolvet senka for å få betre takhøgd og
isolasjon + varmekablar i golvet, nytt kjøkken og toalett blei bygd til.
Det var eit heller møysommeleg arbeid å sprenge ut fjellet under
betongplata utan å skade gråsteinsmurane eller resten av bygget. Her på Sølvberg går det vegar og stiar til sætrar i fjellet og naustmiljø ved sjøen. |
![]() |
||
Galdstunet, Gald,
Her under restaurering våren 2006. Husa var i bruk til utpå -60 talet. Då blei nytt hus og driftsbygning oppført oppe ved vegen. Den bratte lia nedover mot husa er tidlegare slåttemark. No hovudsakleg brukt som beiteland. |
![]() |
||
På Gald er der utsikt til storslått natur., Som her frå eit beite høgt over vegen. |
![]() |
||
Nos
Utsiktspunkt ved fylkesvegen.
500 m.o.h. |
![]() |
||
Kleiva
Frå toppen av anleggsvegen.
|
![]() |
||
Frå Kvalen. Topp-punktet på neset mellom Hopland og Hennebygda. |
![]() |
||
Vestover, ved kommunegrensa mellom Stryn og Eid. Hennebygda med Øvre Henden kan skimtast i høgre billedkant. Det lange lave neset til venstre midt i bildet, er Anda, Her kryssar E39 fjorden til Lote med ferge, Her finn du også Sandane Lufthavn, Anda |
![]() |
||
Utsikt frå Henden,
Hennebygda.innover fjorden mot Molderheim, Tistam, Djuv, (Djup), Kristisonen og
Utvik på Høgre sida av fjorden. Oppå 2. neset til venstre, finn vi Nos. Bak første neset, "Kvalen", finn vi Randabygda og Hopland. |
![]() |
||
Hennebygda Mellom Lote og Hopland. |
![]() |
||
Lote E39 på veg ned til ferga Frå Lotetunnelen. |
![]() |
||
Høgt oppe i lida over ferjekaien finn vi Lotsberg Drive gardsbruk her oppe er for proffar. I alle fall må du ha lært å handtere ein traktor. Ikkje det??. . . . Pytt, pytt. Det er då berre nokre få hundre meter ned på fjorden! |
![]() |
||
|
|||