Briksdalsbreen |
|||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||
![]() |
![]() |
||||||||||||||||||||||
Disse bileta er tekne med nokre års mellomrom, og viser korleis
breen kan "vandre" fram og tilbake i terrenget.
Dette har samanheng med snøfall på breen 3 - 5 år tilbake i tid.
Variasjonar - fram og tilbake - på 50 m ++ er ikkje
uvanleg. For 300 - 400 år sidan, i den såkalla "Vesle Istida", nådde breen nesten 2000 m nedetter dalen. På 60 -talet låg breen langt oppe i fjellsida. Lenge før nokon snakka om "Global oppvarming", eller "Drivhuseffekt". Nå er breen på veg til fjells , igjen. På grunn av dei tildels store endringar i brefronten vil det som de ser, kunne bli betydelege sprekker med fare for nedfall av isblokker, (kalving). GÅ DIFOR IKKJE FOR NÆR !! ( Sjølv om disse bileta syner at enkelte ser ut til å ikkje ta det så nøye ).
Skal du gå på breen, kan det løne seg å bli med på turar med
lokalkjende breførarar. Du vil då bli utstyrt for brevandring. med
hjelm, isøks, stegjern, og blir ei del av eit "taulag". I
2007 var det jevnt slutt med brevandring på Briksdalsgreen. Breen hadde
minka formykje til at det var forsvarleg, men det har til no vore mogeleg å
ta turar på andre bearmar i distriktet . Dei siste åra er nye aktivitetar komne til. Breen har minka på grunn av lite snø om vinteren og varme somrar. Og det vil om nokre år kan hende bli vanskeleg å klatre opp brefronten. Blant anna er det laga ei paintball bane, klatretårn. I tilegg er der ein løypestreng ved kafeen der ein under sikre forhold kan sleppe seg laus, og sigle over vegen og elva over til tårnet på andre sida. Vedf breen kan du padle på brevatnet. Mai 2008, På grunn av overskot på snø dei siste to åra, har store mengder is rasa ned frå toppen av brefallet. Ekspertar seier at det er ekstremt farleg å kome fornær. |
|||||||||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||||||||
![]() |
|||||||||||||||||||||||
Litt fornær ? Forestill deg ei aldri så lita bre-kalving her.. |
|||||||||||||||||||||||
![]() |
![]() |
||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||
![]() 2007 |
|||||||||||||||||||||||
Breen Minkar | |||||||||||||||||||||||
| Heim | Personalia | Områdeinfo | Koplingar | Foto | Post | | |||||||||||||||||||||||