Mitt Digitale Mørkerom
 

 
                 
      Heimescanna      
                 
                 
             
             
        Redigert   U-redigert        
      Scanna på proff lab.      
                 
             
             
     

 

Redigert  

U-redigert 

       
   

Frå tid til anna må enkelte bilete pyntast på.
Over kan ein sjå eit skrekkens eksempel på korleis det kan gå når bilete blir skanna inn på "feil måte".
Biletet bli teke den 31/07-02  med eit  Mamiya/Sekor 500TL og eit Tamron 400 mm objektiv.
Etterbehandling i Paint Shop Pro.

Det øvste biletet til høgre, er scanna med ein "heimeskanner" og lettare etterbehandla.  Fjerning av prikkar som følgje av støvkorn på filmen, samt justering av fargebalanse og kontrast.  Elles minimalt med justeringar.
Biletet vart etter skanning brent inn på CD-plate i Tiff format.

Det nederste biletet til høgre, blei etter framkalling og kopiering hos ein fotoforhandlar, etterbestilt for digitalisering og brenning på CD i høg oppløysing og kvalitet. .  Då CD-en omsider kom var det meste av bilda veldig kornete og skjemd av "støy"  kvite prikkar og spettar som på eit dårleg TV bilde.
Det ligg bak utruleg masse arbeid for å få bildet såpass presentabelt som det til venstre.
Biletet blei  konvertert til TIFF-format, og lagra med to forskjellege namn.  Det eine vart så behandla i eit bildebehandlings-program.  Begge blei så skalert til same storleik og sidan komprimerte til JPEG på same måten og i same komprimeringsgrad.

Bilda eg fekk frå laben var lagde på CD-en i JPEG format. I varierande oppløysing og storleik  Dette er "greitt nok"  når redigering er ferdig, men IKKJE  før og under  redigering.  Bruk då helst TIFF formatet.  ved JPG ( JPEG)  blir biletet dårlegare og meir og meit kornete for kvar gong du lagrar. 
Skal du bestille bilde frå proffane, eller skanne inn sjølv,  så forlang / brenn i andre format enn JPG/JEPG !!  I alle fall om du har planer om vidarebehandling av bileta.

I alle fall blei det ei heller dyr moro.  Kr. 250  for 22 bilete.
Eg påpeika då at eg var førespeila 96 Kr, og fekk då til svar at det berre var for CD-en.  (Lurer på kvar den skulle vera kjøpt hen).

Eg vil helst sleppe offentleg å oppgje kva forretning/ kjede  som begikk elendigheita oppe til høgre, så sant at det ikkje gjentek seg.  Men eg kan forsikre om at eg har oppnådd langt høgare kvalitet på ringare oppløysing ved å låne skanner hos venner og bekjendte.
Dei som ynskjer det, kan likevel få oppgitt dette ved å sende ein
e-post.

  Nokre av bileta på denne CD-n frå lab-en er vanskelege å få forhåndsvist på skjerm eller lasta inn i div program.  ( Feil på CD-n?? )

Om du skulle ynskje å få overført bilete til CD, og har planer om å overlate det til ein profesjonell lab, pass då på at:

Dei veit kva dei gjer

Korleis dei skal gjere det

At du gjev dei klårt definerte oppgåver. ( biletstorleik, oppløysing, format. m.m.)