Fjell og Fjøre


 

 

Sætrar i fjellet og naustmiljø ved fjorden . . . .

 
   
 

. . . vitnar om tider som var. Då alle resursar måtte utnyttas.. Enten det var fjellbeite om sommaren eller ved, tømmer og tønneband for sal eller eige bruk om vinteren.

Gardsbruka låg frå fjorden til "midt-lides".  Dei bruka som låg høgst over fjorden hadde skogteigar også nedmot fjorden, og om vinteren var det stor aktivitet med hogst av ved og produksjon av tønneband.  Produkta blei ført med jekter til Bergen om våren. 

Heime på gardsbruka var det kvinnene som rådde grunnen medan mennene var til skogs.  Enkelte av nausta hadde moglegheiter for overnatting, så enkelte av mennene kunne i periodar vere til skogs i fleire dagar.
 

 
   
         
         

Sølvbergstølen

Ein av dei lettast tilgjengelege sætrene i området, med bilveg like inntil vollen.  Det er ikkje drift på denne sætra nå, men fjøsar og sel blir restaurert og sett i stand.  Enkelte sel blir oppattbygd.

 

         
 

Naustmiljø

Dei største gardsbruka hadde naust ved fjorden, enten eigne naust eller saman med andre.  Kyrkjebåten var også plassert her.  Når ein skulle til kyrkje i preike, gravferd, bryllaup eller barnedåp, gikk folk ned stiane frå grenda til fjorden, sette ut båten for å ro til kyrkja på andre sida av fjorden.  Ein grei tur i finevêr,  kan hende ikkje fullt så lysteleg i sterk vind og regn / snø.

Frå fjorden og oppetter lia var der også frukthagar.
Ettersom gardane ligg frå ve
l 300 - 500 m.o.h. er klimaet i tøffaste laget for utstrakt fruktdyrking.
Ennå kan ein sjå restar av hageflekkane oppetter lia, sjølv om det no er mykje attgrodd og hjorten har rasert det meste av det som måtte vere att.

Der er merka gangstiar frå hovudvegen og ned til Sølvbergs-nausta. ( frå  COOP marked og vegkrysset ved "Bergsetbrua").
Gangtid ca 20 - 30 minutt.

Ved Bergsetbrua, Panoramavegen,  kan ein også sjå ei gammal steinkvelvingsbru på nedsida av vegen.

 
   
   
         
   
   
  Galdsnaustet Kårstadnausta Sølvbergsnaust Kyrkjebåten