Kulturdagar
juli 2002
på Ulvedal


 

         
   

 

Gravferd på husmannsplassen Rabben

Anno 1802.

Slekt og grannar samlar seg i tunet før avreise til kyrka.

Servering av mat  øl  og kaffi.  Kaffi var etterkvart kome inn (etter påtrykk frå prestane ? ) for å fa ned forbruket av øl.
Ennå blir gravferder enkelte stader omtala som gravøl 

Det blei under arrangementet sagt at det i tidlegare tider var vanleg med "lause kistebotnar" når fattigfolk skulle i jorda, slik at ein kunne ha "gjenbruk" av kista.  Det var heller ikkje uvanleg at det var utlån av kister mellom forskjellege bygdelag,  F.eks. mellom indre og ytre delar av fjorden,  Kista kunne då brukast til anna transport, f. eks. fisk.

Det blei fortalt at det var mykje overtru knytt til dødsfall og gravferder i gammal tid.  
Kista med den døde blei som regel plassert i eit anna hus på garden Kanskje  på låven.  Grannar og slektningar sat då ofte og song salmar ved kista.  Gravferdsdagen vart denne så sendt ut ein opning i veggen, ( lik-gluggen ).  Meininga med dette var at den avdøde ikkje skulle finne vegen inn att på låven som eit gjenferd.  Når så kista blei ført bort, brende dei sengebolet til den avdøde ved porten.  Trua var då at sjela til den døde skulle styggast bort av den vonde lukta og ikkje heimsøkje dei attlevande.

 
         
 

 

Bryllaup anno 1820

Det blei synt brudepynt frå tidlegare tider,
og korleis ein bryllaupsfest kunne arte seg.

Festmaten var rømmegraut og spekekjøtt,  og alle som møtte fram på arrangementet fekk smake på brullaupsmaten.