Naturens eigne "kunstverk"
 


         
 

På vestsida av Blakset tunnelane, Fv 613,  finn du denne bergveggen høgt oppe i lia.  Området er temmeleg rasutsett, og det ligg ofte større og mindre stein i vegbana.  Problemet er berre korleis få ned det som er laust. 

Til så lenge kan ein glede seg over "naturens eigne kunstverk".  Biletet er teke med teleobjektiv frå ein møteplass på vegen eit par hundre m lenger nede.
 OBS!! Dette er ikkje manipulert! Om nokon skulle tru det!

Prøv å finn ut kor mange "personar eller figurar" du finn. Det kan hende at det dukkar opp nye etterkvart.  

Slike naturlege kunstverk set sjølvsagt tankane på gli,  Den dominante "personen" midt på bergveggen nedst i biletet. Kan det for eksempel symbolisere  "Meister Jo"?  (Jon Mogensen Schancke, 1570 - 1618),  prest i Innvik, avretta ved halshogging pga påstandar om utsvevande levesett, vanskjødsel av presteteneste og ei rekka andre forhold. Myter omkring Jon seier at mykje av skuldingane var det prestefrua, Magdalena Foss, som stod bak.

Jon var ein lærd mann-  Han skal ha gått presteskule i Wittenberg, Tyskland i 5 år.  Deretter er det sagt at han tok nye 5 år på ein annan skule, den såkalla "Nedgangsskulen".  Der lærte dei å bruke Svarteboka, korleis nytte seg av "magiske formlar"  m.m.  Skulemeisteren er det sagt, var den vonde sjølv. Det blei hevda at Jon kunne tyde dei forskjellege dyrespråka.

Segna kan fortelje, at rett før Jo la hovudet på blokka, sa han som så:  "Om jeg er uskyldig, så skal mitt blod renne oppoverbakke."  Og sjølvsagt gjorde det det!  Almuen tok det då forgitt at Jon vitterlig var uskyldig.  Rettarstaden blei då kalla Mordskogen. Eit namn som halde deg til vår tid.

Med dei som stod han etter livet, gikk det visstnok heller ille.  Kona, Magdalena, fekk ein sjukdom som førte til at ho blei forkrøpla, krøktest ihop ,  tok til å "krympe".  I hennar siste år kunne dei visstnok oppbevare henne i lita kasse eller korg som dei bar med seg eller som stod på eit bord.

Så langt segna.  I Innvik-kyrkja har eg høyrt  at det skal vere eit måleri av Magdalena og Jon. Magdalena skal visstnok vere måla med blod på hendene..

Og her står han no.  Med kappe og krage, held alt og alle under oppsikt, og ser over fjorden mot Innvik, kyrkja, prestegarden og rettarstaden.  Som i er sagt å vere i prestemarka.

Når det gjeld "prestekappa",  Ser ei litt nærare på den, kan ho minne om ein person, ein som står og held noko som kan minne om ei øks eller liknande i handa.  Om hovudet over skal symbolisere "Meister Jo", er dette då skarprettaren??
Og lenger oppe, litt til venstre, er der noko som kan minne om ei gruppe på 3 - 4, kan hende 5 personar, sittande på i hylle eller ein slags benk.  Om ein skal dra "Meister Jo konseptet heilt ut,  er dette då eit slags symbol på "juryen"?

Til høgre finn du eit oversiktsbilete av same bergveggen.  På dette kan du skimte eit par figurar til.  Over bergveggen og til venstre.

Fleire detaljar på oversiktsbiletet under og til høgre