Spinnville prosjekt

 

Prosjekt  #1
 

 

Druer?  Her?  Ved 62.grader nord?  400 m over havet?
No har han sikkert tørna,  eller er i ferd med å . . .

For 4 -5 år sidan tok eg til ¨å sysle med tanken om at det kunne vere interessant å prøve noko nytt.  Eg visste at ein fetter av meg har drive med drueproduksjon lenge. Han skal til og med ha prøvt seg på vinproduksjon av eigne druer!  Men han held til i ei av dei beste frukt og grønt bygdene i Sogn.  Våren kjem tidleg og vinteren kjem forholdsvis seint. Og snø er omtrent fråverande om vinteren.

Her, derimot, kjem våren som regel i April / Mai, og vinteren melder seg som regel i Oktober. Og her er snø, vanlegvis Ville det vere råd å få fram brukbare druer?

Litt søk på nettet gav visse håp.  Ein kunne faktisk få fatt i plantar som kunne klare vintertemperaturar ned mot -40 grader C.  Her blir det sjeldan under -15 -20, og då berre i kortare periodar.  Sol har vi rikeleg av når ho først viser seg. Ved juletider skin ho ca 2 - 3 timar på det minste. Om sommaren 16 - 17 timar på det meste.  Kvifor ikkje prøve?

Fetteren blei kontakta og det var ikkje problemer. Han kunne skaffe plantar.  No kontakta eg nokre "potensielle dyrkarar" i området her.  Frå omtrent havnivå opp til 500 m.o.h.  Og sende ordre på ein svær pakke plantar, fordelte dei utover, og så var vi i gang. 

Å få fram druer er eit langt lerret å bleke.  første året skal planten få vekse fritt.  Er planten litt tunn og svak kan ein skjere det tilbake til 3-4 knuppar.  Klasar som dannar seg 2. året skal ein tas bort. Tredje året år kan ein behalde ein klase, kan hende 2.  resten skal pillast bort.  Fjerde året , derimot, er det sagt at det er meir fritt fram..  Plantane set druer på 2. års skot,  så ein skal normalt skjere tilbake til 2 - 3  kan hende 4 knuppar alt etter sort.  etterkvart blir det veldig lange greiner og då må ein skjere kraftigare tilbake for å bygge opp ei ny. eller bygge på ei ny grein frå hovedgreina og korte heilt ned den gamle.

Vel,  korleis har det gått?
For enkelte gikk det vel "så där".  Det var dette med tid til stell av plantar.  Litt for lite vatn i tørrperiodar tok vel knekken på dei fleste,  andre fekk besøk av sauer på ville vegar. Atter andre fekk besøk av ein overivrig dreng med ei ryddesag med grasblad.  No er vi berre to att som etter kvart ser ut til å ha draget på det.

Her er første klasen som min plante fekk lov å bringe fram.  Og  JA  Dei var rett så gode. Året etter var det endå betre.  Ein liten plante gav halvtanna kilo.  Kor mykje blir det så i år ?

Følg med, følg med.....

 

Prosjekt  #2



Ka no?  Ka blir det neste ?

 

 





 


All right,  Noge ser ut til å kome opp,  men ka?

 

 

 

 

 

Personalia