KJØSNESMUSIKKEN - FORLØPAREN TIL EID MUSIKKLAG


På bildet ser vi i 3. rada: Elling Bjørlo, Eid. Tollef Viken, Jølster. Ola Orheim, Eid.
2. rada: Steffen Myklebust, Eid. Spjelkavik, Volda. Indrebø, Gloppen. Skrede, Jølster. Ludv. Veme, Skodje. Nils Os, Eid.
1. rada: Petter Fylling, Volda. Johannes Kjøsnes, Jølster. Sev. P. Myklebust, Eid. Nils Strømme, Skodje. Hans Myklebust,
Eid. Jon Os, Eid.
Fremst: Samuel Kjøsnes, Eid.

KJØSNESMUSIKKEN I HOLTERMANNS TID

I meir enn 100 år var eksisplassen og det som der gikk føre seg, eit sermerkt innslag i folkelivet her på Eid. Rekruttskulen med omlag 300 mann kalla dei læreturen, bataljonsamlinga med 1200-1500 mann kalla dei storturen.
    Alle mann, offiserar, underoffiserar og soldatar vart innlosjert i hus på Eid og næraste gardane kring. Romslig var det nok ikkje alltid korkje for soldatar eller husets folk. Husa var ofte små og lite tenlege for leigeboarar, det vere seg både for sengeplass og sanitære forhold medan samlingane varte.
    Det er Kjøsnesmusikken vi ser på dette bildet, desse stramme musikantane i elegante uniformer, nypussa frå topp til tå under sin dirigent musikkfanejunker Samuel Kjøsnes. I Oberst Holtermann si tid her på Eid var nok Kjøsnesmusikken på topp i kvantitet og kvalitet. Oberst Holtermann var ein barsk offiser som likte å ha orden på tinga både under feltøvingar og paradar på Plassen der Kjøsnesmusikken eldna soldatane og fryda dei skuelystne eidarane som var møtt fram i stort antall. Ja, mykje gjekk for seg i Holtermann si tid her på Eid - og slett ikkje berre om militære ting. Ein meiner då tida 1895 til kring 1900.
 

Dette er henta ut frå Eidakalenderen 2001 utgjeven av Nordfjordeid Lions Club.


Eid Musikklag, heimeside.


Sist oppdatert: 27.12.2001.
Send kommentarar til:  Inge Asbjørn Haugen.