Jølster Mållag
Jølster Mållag
100 ÅR MED NYNORSK I JØLSTER
Markeringa vart ein stor suksess. Dette skreiv Firda Tidend:
Feira 100 år med nynorsken
Av Inger Haldis Aske Lothe, 05.09.11
Jølster: For 100 år sidan vedtok skulestyret i Jølster å innføre landsmål i skulen. Same året bytte seks krinsar ut riksmålet. I førre veke vart nynorsken feira med målveke og ein flott kulturkveld på Skei Hotell. – La Jølster halde fram med å vere ein nynorskbastion, sa Kristian Fossheim.
Kulturskulen i Jølster og Vassenden skule samarbeidde tidlegare i år om prosjektet ”Come as you are”. Fredag kveld fekk publikum høyre tre kjende poplåtar med nynorske tekstar.
Jølstring og professor Kristian Fossheim er preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap i Trondheim – selskapet som i si tid finansierte språkreisene og dermed også målreisingsarbeidet til Ivar Aasen.
– Dette selskapet som i fjor feira 250 år med fokus på forsking og utvikling, løna Ivar Aasen i åtte år, frå 1842-1850. Han fekk eit prosjektoppdrag. Få eller ingen forskingsprosjekt i norsk historie har hatt så vidtrekkande konsekvensar i det norske samfunnet som arbeidet til Ivar Aasen. I dag gler eg meg over å kunne halde fast på nynorsken. Det er det vakraste språket eg kjenner. Men kvifor ville eit vitskapsselskap i Trondheim gje fødselshjelp til nynorsken? For å finne svaret, må vi sjå attende til viktige tankar som oppstod etter den franske revolusjonen, meinte Kristian Fossheim.
2. og 3.september 2011
Skrønekveld på Fjøsen
Hans Jakob Reite gjorde opptak for lokalradioen.
Han skriv mellom anna:
Forteljartradisjonen er gull verd, og all ære til Jølster Mållag som avslutta jubileumsveka si med ei storlygarykt. Å fortelje soger er all teater og film si sanne ”mor”. Til dei som trur at ”Stand up” er noko nytt kan seiast: Dei gamle kjøgemeistrane og historieforteljarane som underheldt i kvilestunda i potetopptaket, i slåtteteigen eller når dei retta ryggen på fiskemottaket, storlygarane som heldt folk med humør i skumringstimen og på kantina på fabrikken – desse dreiv denne folkekjære sporten lenge før mikrofonar og formelle scener var oppfunne. Det er i denne stolte tradisjonen vi høyrer på skrønemakarane i Fjøsen på Skei på laurdagskvelden. Det var godt å vere der – nett so på Rorbua i Tromsø!
Les alt på bloggen hans og høyr opptaka han gjorde.
http://blogg.nrk.no/reite/2011/09/05/løyste-latten-pa-skrønekveld/
Les i "Kjelda nr.3 2006" om innføringa av nynorsken i Jølster og ellers i Sunnfjord.