BANKAR

 

FUNKSJONÆRTREFF I BALESTRAND

26.9.1992.

 

Ute ved kysten hadde alle det nokså bra,

både i banken o g rundt omkring,

me hadde det meste av det me burde ha,

og stelte fredeleg kvar med vår ting.

 

Me slo oss korkje gule eller blå,

enden på velværet var vanskeleg å sjå,

men me stod stadig på

og resultata var brukbare då.

 

Me levde som folk flest,

likte oss i regn, sol og blest,

gledde oss til kvar funksjonærfest,

treivst som aller best.

 

Men så var det nokon som sa:

Dette er likevel ikkje så bra,

meir fart på samfunnet me må få

og i banken me pengane låna må.

 

Me vart både gule og blå,

ville dei banken flå ?

Men me stod på

og gode resultat me håpa å nå.

 

I 80-åra tenkte alle det var lett

å tena store pengar på fiskeoppdrett.

Parolen var: Stå på i alt og eitt !

Det lydde enkelt og greitt.

 

Lånesøknadane strøymde inn,

styresmakterne gjekk i spinn,

konsesjonar vart tildelte no

over ein lav sko.

 

Me streva oss gule og blå,

nok kapital var vanskeleg å få,

me stod veldig på

og gode resultat det nådde me då.

 

Men det gode havbruk

vart eit pengesluk,

tømde hyller og skap,

enda i fall og store tap.

 

Me streva oss både gule og blå,

enden på tapa var vanskeleg å sjå,

me stod stadig på,

men positive resultat var vridne å nå.

 

Det gode tillitstilhøve

vart sett på den største prøve,

og så kom pakken med bankgebyr,

noko alle kundar skyr.

Dette kunne dei vanskeleg forstå

kor me enn med forklaringar dreiv på.

 

Me streva oss gule og blå,

vinsten som me håpar å oppnå

vil me nok ein gong sjå,

når me stadig står på.

 

FA planlegg med grundig kløkt

og alt skal skje veldig snøgt

når vedtak fyrst er gjort,

men d e t skjer ikkje alltid like fort.

 

Me strevar oss gule og blå

for tidsfristar å nå

mens me stadig håpar på

litt lengre varsel å få.

 

Forsikringssalg me driv med dagen lang,

men det er som å fiske laks med stang,

få bit på

og dei fleste er små.

 

Det er heller ikkje alltid så lett gjort

å selja alle slags typar kort

når me ikkje har nokon minibank,

og ikkje automat på ein einaste bensintank.

 

Me slit oss gule og blå,

det store gjennombrot er vanskeleg å sjå,

men me står stadig på,

gode resultat me framleis ventar å nå.

 

Me sparar og spinkar det me kan,

slæst om midlane tann mot tann,

pengane vert så altfor ryre,

administrasjonane dyre

sjølv om me har kvart vårt styre.

 

Framgang me venta må,

difor rekruttering me satsar på.

Hos oss ikkje berre pengane økslar seg,

fleire små funksjonærar er stadig på veg.

 

Optimismen må stadig få rå,

ende på permisjonane er vanskeleg å sjå,

men sjølv om me strevar oss gule og blå

står folket flittig på.

 

N o k o  fekk fiskeboomen i bygda til,

arbeidsplassar som kanskje vara vil,

etter konkursar med brask og bram

står dei neste dag refinansierte fram.

 

Dei og strevar seg gule og blå,

meinar betring å sjå,

står verkeleg på,

nye gode resultat dei ventar å nå.

 

Det er slett ikkje lett

å vera banktilsett

og stressa i det dårlege renome

som no er kome te.

 

Me håpar og trur det no om sider

går mot lysare og betre tider

med vokster i vårt bankhus,

med livleg trafikk i fredeleg sogesus.

 

Framgangen er alt komen på gli,

banksjef og funkdsjonærar spelar potpurri,

dei går opp ei trapp,

bles om kapp,

tonane strøymer mjukt og lett,

frå trombone, tenor og klarinett,

blir til vakker, kundevenleg musikk,

huset har glimrande akustikk.

 

No skal me nok sleppa streve oss gule og blå,

rytmiske oppsving er å sjå,

og gode resultat vil me atter oppnå

når me berre stadig står på.