BANKAR

 

INNVIING AV NYTT BANKHUS

(Bygget vart teke i bruk 11.9.1978.)

 

Heilt frå Gulen Sparebank starta i 1886

har folk med glede sett på at banken veks.

Ynskje om eige bygg å halda til i

vart til røyndom i nittentrettini.

 

Me syntest huset var både stort og flott,

i lange tider greidde det seg framifrå godt,

hyste bank- ,trygde-, arbeids- og tannlækjarkontor,

husvære på toppen og ein møtesal stor.

Nede vår flinke pedell budde,

som trufast serverte kaffi, vaska og rudde.

Salen hadde litt av ein ærverdig dom,

han vart nytta til forstandarskapsrom,

og til møter, jordstyrekontor og skule,

-huset sine rike tradisjonar vil me ikkje skjule.

Det var då ikkje til å undrast på,

når lokala likevel no vart for umoderne og små,

at tanken om modernisering kom,

halda på det ytre og byggja om,

men Billehaug, vår glimrande konsulent,

gjorde sitt til at våre sinn blei vendt,

moderniseringstankane vart ombytt

med planar om å byggja nytt.

 

Etter ei tid hadde me tomtespørsmålet klart,

bygselkontrakten underskriven vart,

og no blei det ingen fleire stogg her,

inn på vår arena kom arkitekt Dogger.

Planane for området fekk oss nesten til å steile,

vårt bygg vart ein del av eit samla heile.

Når naudsynt vedtak i banken var gjort,

sytte Dogger for at resten gjekk greitt og fort.

Området nord-aust for kaia vart regulert,

anlegget planlagt, teikna, rekna og kalkulert,

for etatane bank, post, lensmann, helse, trygde, sosial,

og eit vertshus med kafeteria og flott gildesal.

 

Det tok enno litt tid før me fekk sett i gang,

saka hadde mykje byråkrati og papir i sitt fang,

søknader om løyver gjekk i aust og vest,

det tok knekken på ein stakkar mest,

men det ordna seg litt etter litt,

og når alle løyva kom på bordet var det verste stridt.

Lån i sparebanklaget og Fellesbanken me fekk,

trøstig me vidare med arbeidet gjekk,

snart tilbod og kontraktar også var klart

og på våren 77 kom endeleg byggestart.

 

Eg vil her gjerne nemna to

som var til stor hjelp no,

arkitekt Krogseth som i stor sinnsro

med begge beina på jorda stod,

og vår eigen energiske kommuneingeniør,

Wergeland, villig til teneste, no som før.

Entreprenør Olsen kom med sine menner,

dei hadde store maskiner og arbeidsame hender,

 

grov, borte, skaut og grasserte,

skar av haugar, jamna og planerte,

at dei kunne sin jobb var lett å sjå,

dei skadde ikkje unødig ein gong eit strå.

Ja, Gjerstad og co. seg ikkje sparde,

og lenge det heller ikkje varde,

før heile grunnbana

var utplana,

støypt, pussa, ferdig til å ta imot bygget,

me følte oss ovanpå og trygge.

 

Så kom byggmeister Nyhammer med sine folk,

dei trong heller ikkje nokon tolk

til å forklare sin dugleik i sitt fag,

svinga hamar, øks og sag

så me såg kor det muna frå dag til dag.

 

Elektrikar og røyrleggar også arbeidet unna fekk,

ei lyst å sjå kor fort det gjekk,

målaren førde kosten utan å feile,

kvikt og greitt han sette farge på det heile.

Det vart lagt ned korkbelegg,

tretfordteppe frå vegg til vegg,

møblar vart monterte greitt og lett,

- bygget var blitt komplett !

 

Når me ser tilbake er soga ganske kort fortalt

- med bankbygget gjekk det svært fint alt.

 

Me takkar dykk her,

konsulentar, arkitektar, entreprenør, arbeidarar,

ja, kvar i sær,

for det gode arbeid de nedlagt har

i vårt nye bygg.

Og at me på alle vis

på arbeidet set pris,

på det kan de vera trygg.

 

Bak vår solide, stilige nye skranke,

likar me å vanke,

mellom moderne, gode bord og stolar

og nye, miljøvenlege skap og reolar

med innlagt varslingsautomat,

i temperatur styrd av termostat,

me føler oss trygge og vel tilrette

alle som i banken er tilsette.

Matrom, garderobe, toalett med vask og speil,

jau, no synest me det er blitt den rette steil,

blomar i krær og på bord,

- overgangen vart stor.

 

Bygget er både solid og miljøriktig,

men ein ting som er enno meir viktig,

for banken av aller største verd,

er om kunden til huset legg si ferd.

Her ha me tilsette vår største oppgåve,

må alltid vera vakne, ikkje sove,

på vår arbeidsplass er me sette

for kunden sine krav å stette,

-syta for at han føler seg tilrette.

 

Me er glade og stolte av huset me har fått,

vonar det vil tena banken trutt og godt,

at kunde og arbeidstakar nytte og glede får

av bygget framover gjennom mange, gode år.

 

Som eit symbol på vår takksemd,

til nemnd og unemnd,

har me bode dykk inn

til ein liten vigselfest,

vonar kvar og ein seg finn

vel tilrette som vår gjest,

ja, måtte de dykk som heime finne,

og dagen verta eit gildt og godt minne.