BANKAR

 

GULEN SPAREBANK 100 ÅR

 

Velkomen til vår 100-årsfest !

Velkomen me helsar kvar einaste gjest.

Me er glade for at ingen plass er tom,

takk for at de kom !

 

I kveld me vil feste og vake,

også gleda oss over å sjå litt tilbake

og ha eit lite møte i tanken

med dei trauste menn som skapte banken,

og minnast dei unemnde kvinner som stod støttande bak,

slik det oftast gjer ved dei fleste skippertak.

 

I fyrstninga av det attande hundreåre

skjedde det store endringar i bygdene våre.

Folket sitt livsmønster forvandla,

dei byrja nytta pengar når dei skulle handla.

 I gode tider dei lærde å spare

for å ha noko å tæra på når tidene vart harde.

Bankane grodde opp som nyttige innretningar

både for småspararane og dei som dreiv forretningar.

 

Også  på våre kantar festna sparetanken,

fleire og fleire stader kom sparebanken.

Her i fylket fyrst til Sogndal og Førde,

men over alt ideen i tankane seg rørde,

det vart som ein handlingsrefleks,

vår bank kom i attenhundreogåttiseks.

 

Evenviks Sparebank då namnet på banken var

i samsvar med namnet kommunen den gong bar.

I 1890 vart kommunenamnet til Gulen ombytt

og i 1901 igjen banknamn til kommunenamn knytt.

 

Banken sprang ikkje fram på dei raskaste føter,

men vart skapt etter drøftingar på mange møter.

Startkapitalen var ikkje stor,

kr.1.220,59 låg på startarane sitt bord.

Den gongen var ikkje pengane ryre,

dei vart godt tekne vare på av styre.

 

Der sat trauste folk med bart og skjegg,

bileta heng på vår styreromsvegg,

namna vil eg gjerne ta med her,

dei fyrste folkevalde i banken er:

Andreas Sandberg, Otto L. Midthun, Johan Landmark,

Otto Schreuder og Lasse Tveit.

Jobben sin gjorde dei samvettsfullt og greitt,

forvaltingsansvaret tungt på deira skuldre låg,

fyrste kasserar var Lars Follevaag.

Han hadde pengane i ei lita trekiste,

og for at han ikkje eit øre skulle miste,

han, etter det folk fortel,

passa pengane så vel

at han heile skrinet under hovudputa gøymde

mens han om natta sov og om pengane drøymde.

Hos Follevaag på Midtun fyrste møtet halde vart,

der fekk banken 7. august sin spede start.

 

No var altså tenesta komen i gang.

Ikkje alle med det same i banken sprang,

men verksemda auka smått i senn.

Innskotr kom frå kvinner og menn

som  sparde av det vesle dei tente,

i banken fekk dei rente,

og medelen var god å ha i reserve

om dei noko kostesamt skulle erverve.

Også lån dei fekk

når dei til banken gjekk.

Ved å studera låneprotokollsidene

ser ein at fram gjennom tidene

er det mange som hjelp har fått

både i stort og smått.

Takka vera den velvilje banken møtte,

og bygdefolket si støtte,

har banken gjennom åra vunne

å hjelpa både den enkelte og samfunnet

med å løysa oppgåver til felles beste,

til glede for dei aller fleste.

Det var nok mest på lån det gjekk,

men ålmennyttige føremål også gåver fekk.

 

Gjennom tidene har bankane og hatt tunge stunder,

etter fyrste verdskrig bukka enkelte under.

I Gulen Sparebank var tapa etter måten små

og banken var snart igjen ovanpå.

Utviklinga heldt fram i sitt vanlege gjenge,

forvaltningskapitalen voks og banken tente litt penge.

Dei fylgde med tidene, bygde og moderniserte,

men etter kvart

slik det vart

at dei store tal over alt dominerte.

Det vart vanskeleg for småbankane no,

fleire og fleire seg i saman slo.

Til sist me også følte oss altfor små

og i fusjon måtte gå

for at kundane større lån skulle få

og i meir ekspertise og betre service kunne nå.

Det var ein trend som i tida låg.

Dette dei fleste såg

og tilgav at me skifta namn

og gav oss Sunnfjord Sparebank i famn.

At hopehavet til nytte vart

er no for alle klart.

 

Folket og banken har samarbeidt i 100 år.

Me vonar samarbeidet vidare går

og at det gode tilhøvet stadig får

veksa seg endå sterkare mellom folket og banken vår,

her, på øyar, i fjordar, mellom åsar, fjell og kollar,

i ånda og sogesusen frå Gulatinget sine gamle vollar.