BANKAR

 

FUSJONSFEST

I sparebanken Sogn og Fjordane, 8.4.1988.

 

I våre minner står

mange, tunge år

då me venta på fylkessparebanken,

men såg han berre i tanken.

Det var drøftingar og fusjonsforsøk,

utgreiingar kom i grøne og gule bøk,

og det var nok nære på

at det skulle gå,

men avslutninga var vanskeleg å greie,

og så vart me luta leie.

 

Men i nittenhundreogåttiseks,

ei tid full av data og teleks,

kom det ny fart i saka,

telelinene spraka,

banksjefhjernane knaka,

tillitsmannsveldet skaka.

Sparebanklaget samla troppane på Skei,

no det verkeleg alvor blei.

Handsamingsmøta vart mange og lange,

til dels også trange,

men 8 einingar vart det som

til slutt med i avtalen kom.

Ein del valde utanfor samhaldet å stå,

kanskje med tida dei også vil med oss gå,

- den som lever får sjå.

 

Det var mange spørsmål å løysa

før me saman vart føysa,

men no er det endeleg greidt,

- me er blitt eitt.

Me vonar at i dette nye rike

me alle vil oss like,

ha trivsel i vårt arbeid,

skapa framgang for alle dei

som i distriktet skal bu,

gje banken vekst og tiltru.

 

Sparebanken Sogn og Fjordane

trimmar motorane,

opnar porane,

kvesser sporane,

formar parolane,

satsar alt,

mentalt og verbalt,

sentralt og lokalt.

Me vil at banken vår skal bli best

for flest,

næringsliv og private kundar,

så ingen lenger går rundt og grundar

over kvar dei skal gå

for den beste service å få.

Alle vil føle på

at dei stogga må

når dei vårt symbol får sjå.

 

Rundt omkring i avdelingsbankane

vil me alltid ha kunden i tankane,

både tilsette og tillitsvalde

vil ein høg standard halde,

ekspidera greidt og fort,

rettleia venleg i smått og stort,

alt skal gå som smurt,

- tevling om kunden bli ein triveleg sport.

 

Sparebanken Sogn og Fjordane,

ein god vane !

Strømlinjeforma som ei svane,

sterk og uthaldande som ei trane.

Funksjonærar i stilig uniform

tek publikum med storm,

kundestraumen vert som ein foss,

 - alle vil inn til oss.

Ja, tenk når det blir slik,

då vert  m e  glade, og banken rik.

 

Medan me ventar utålmodige på å ta fatt,

vil me lada opp litt i kveld og i natt.

Me ser fusjonsfesten som eit bindeledd

mellom det gamle og det nye som har skjedd.

Her skal me bli kjende med kvarandre,

og motiverte vidare saman vandre.

 

Takk for innsatsen som i drøftingar er gjort,

resultatet synest me vart gjevt og stort.

M e  skal ikkje skusla tida bort,

men starta arbeidet fort,

odla samhaldet fram,

satsa med brask og bram.

Me takkar forhandlarane under ett,

eg trur likevel det er heilt rett

at Sølvberg med sitt store arbeid har,

største æra for at det saman med oss bar.

Også stor takk for deira arbeid og strev

som ordna alt med utskrifter, avtalar og brev.

 

Her til velfortent fusjonsfest,

velkomen er kvar einaste gjest.

Lat sinnet få ro

ei lita stund no,

kvila frå bilag og kundestimar,

 - slappa av nokre timar.

 

 

Ved bordet har me funne vår plass,

skal svinga gaflar, knivar og våre glas,

samla frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord

vil me nyta gledene ved eit veldekka bord.

Seinare skal me samtale, synse og sanse,

kanskje også til musikken danse,

me kan vitse, synge og tralle,

vonar på ein hyggeleg kveld for alle.

Byks over skranken,

feir fylkessparebanken !

 

Hjarteleg velkomne skal alle vere !

Måtte festen bli alle til glede og banken til ære.