BANKAR

 

SPAREBANKEN ASKVOLL 100 ÅR

24.4.1993.

 

I attenhundreognittitre

skulle ein viktig fødsel skje.

Fram steig då Askvoll Sparebank,

som voks seg solid og rank,

vart ei leiarstjerne lys og blank,

fekk kunden til å kjenna seg fri og frank

ved den gode tanken

på å ha reservar i banken.

Dit ein gjekk med sine slanta,

og der kunne ein få lån om noko vanta,

slik at ein slapp å få hjartesting

om ein skulle kjøpa kotesame ting,

eller reisa sitt bygg,

-ein følte seg ovanpå og trygg.

No kunne ein det lettare i livet få,

sjølv om eigne midlar var heller små.

Banken ytte, romsleg og raust,

lån til dyr og låve, båt og naust,

hjelpte til med ymse tiltak,

støtta mang ei god sak,

var med på det meste,

til hugnad for dei fleste,

og til bygda sitt beste.

 

Innskota i banken var ikkje berre gode å ha

når man økonomiske løft skulle ta,

men dei hadde også inntekter i mente,

i form av tilførde rente,

og dei var kjærkomne og lettente.

 

Etter kvart banken også gåver gav,

til føremål på land og på hav,

med velvilje vart også dei møtte

som søkte slik støtte.

 

Banken vart til nytte for mange

som i situasjonar trange,

sine idear fekk fullføre,

og gav bygdene liv og røre.

Dette vokster, framgang og glede skapte,

sjølv om det hende at banken pengar tapte.

 

Banken har også hatt vanskelege tider

med brysamt press i frå mange sider,

gjennomlevd to verdskrigar,

med problem og intrigar.

Med ei vanskeleg okkupasjonsmakt

kunne ein ikkje gå i takt,

men etter angst og naud største gleda kjem,

slik var det også i 1918 og 1945.

 

Hardt folk prøvde vart,

mange fekk strid medfart,

tunge børar på skuldrer lagt,

men spareviljen, den var intakt.

Folket og banken stod saman heile tida,

både under krigane og sia.

Leiinga kunne likevel aldri slappe av og vakle,

dei fekk mange vanskelege oppgåver å takle.

Det kom ulike former for plasseringsplikt,

avgrensa utlån og meir slikt.

Til tider kunne det jamvel by på litt sut

å få lånt sparemidlane tenleg ut.

Det var nemleg ikkje berre å spare,

pengane måtte også gjerast fruktbare.

 

Tidene alltid vender og snur,

kanskje snøggare enn folk til vanleg trur,

og for midlar vart det etter kvart større trong

enn nokon gong.

Ja, kapitalkravet auka slik på

at lokalbankane følte seg altfor små.

Dei investeringar som i bygdene vart gjorde,

var vortne så store,

at det skapte vanskar for den einskilde no,

difor mange bankar seg saman slo

for å kunne vera til den støtte

som dei i krava frå bygdefolket møtte.

 

Etter kvart som tida gjekk

også Askvoll Sparebank dette føle fekk.

Som ein av fire dei i drøftingar sette seg ned,

og Sunnfjord Sparebank vart til i 1973.

Tanken om ein fylkessparebank mange stødde,

rundt omkring i fylket dei drøfta og rødde,

og 1.april nittenhundreogåttiåtte

skjedde så det store og flotte:

Sparebanken Sogn og Fjordane opar sine dører

og sparebankane inn i vidare samarbeid fører.

Askvoll var med frå start,

noko som har vist seg både heldig og smart.

Samarbeidet gjev betre vilkår for utvikling,

gjer det lettare å setja i sving

saker og ting,

for eit betre samfunn å skape,

sjølv om det hender man må tole å tape.

 

Fondet Askvoll Sparebank starta med,

kronertotusenogførtetre,

var kanskje ikkje så stort,

men kapitalen vaks fort.

 

For best mogeleg å tena folket her ute

opna banken filialar og bankbussrute.

 

Fyrste tida banken ymse lokalar leigde,

frå 1925 han 1/3 i Heradsheimen eigde.

I 1960 L/L Kontorbygg kom,

eit velvakse hus med mange fine rom,

ja, bygningen var så romsleg og stor

at han hyste både leigetakarar og eigne kontor.

Der stod den vakre, frodige eika,

sjølve sparebanksymbolet, traust og trygt,

bankstyret likevel med tanken leika

om sitt nye hus å få bygt.

Og det røyndom skulle bli,

kontora stod klare i 1979.

I eit slikt gildt hus, der alt er lagt vel tilrette,

føler dei seg heime og trygge alle tilsette,

og det aller viktigaste som kan skje der inne,

er at kunden seg også tilrette vil finne.

 

Banken og bygdefolket har no samarbeidd i 100 år.

I dag varme tankar bakover går.

Dei me takkar og minnest no,

som for skiping og seinare leiing stod,

alle dei som støtta tanken

og flittig brukte sparebanken,

og kvar tillitsvald, banksjef og tilsett.

Alle desse har rett og slett

fram gjennom tidene saman gjort

eit livsverk gjævt og stort.

 

Me gratulerar hjarteleg på den store dag,

ynskjer lukke til med banken sitt jubileumslag.

Måtte samfunnet her mot gode tider gå,

bygda og banken også framover vokster få,

måtte sola framleis få «gylla tun og koll»

i det vakre, velstelte Askvoll.