BANKAR

 

SPAREBANKEN GAULAR 100 ÅR

15.2.1994.

 

Engelskmannen Daniel Defoe

i 1697 for skiping stod

av dei pengeinnretningar,

som sparetanken i seg bar

og fyrste steg på vegen var

fram mot våre sparebankar.

Men enno mange år det gjekk

før verda fyrste sparebanken fekk,

heilt til 1778

folket på d e t vente måtte.

Då kom Hamburger Sparkasse.

Og så skjedde det ein masse,

sparebanktanken sopa

ut over heile Europa,

kom også til våre bygder og byar,

vart drøfta i lag og lyar,

og også her etter kvart

mange sparebankar fekk sin start,

og dei snart

til stort gagn for landet vart.

 

Her kunne folk spare,

på sine verdiar ta vare,

byggja opp reserve,

rente erverve.

Oppsparde midlar var gode å ha

når økonomiske løft ein skulle ta.

I tillegg kunne ein få låne,

for slit og sut seg sjølv skåne.

 

Bygdene gjekk mot rikare tider.

Også vårt fylke kom med om sider,

sparebank ideen fekk vekse og gro,

kom til Sogndal i 1841, og Førde i 1842.

 

Ein kraftig spire

steig opp i Gaular i 1894,

og spiren voks svært fort,

2.1. val i «Herredsstyrelsen» vart gjort

av ein «komite» som skulle samle,

frå unge og gamle,

pengar til eit grunnfond,

i tråd med god sparebank-ånd.

Kva ville folk av offer tåle ?

Kr. 3.000,- var målet.

 

Innsamlinga må ha gått svært så glatt,

pengane inn i kassa formeleg trilla og spratt,

folkeiveren feia bort all tvil,

og alt tjuefemte april

gjorde heradsstyret eit vedtak som

sikra fondet, og turvande «Inventariom».

 

Innbetalingane heldt fram i stor fart,

fondet til saman på kr. 7.625,- vart,

banken fekk ein kjempestart,

han steig fram sterk og rank,

under namnet Indre Holmedals Sparebank,

og fyrst i 1924 banken endra namnet sitt,

til Gaular, slik kommunenamnet då var blitt.

 

Den andre februar 1895 skjedde det store,

fyrste kontordag, 28 ekspedisjonar vart gjorde.

Etter drifta det fyrsteår,

kr. 2.378,24 som nettoresultat i boka står.

 

I tida framover fint det gjekk,

banken god vokster fekk,

jente og dreng

sette inn peng, i fleng,

sparde på spreng

til bord, stolar, benkar og seng.

Mann og kone

la krone på krone,

i banken rådde ein hyggeleg tone,

folk våga på framtida å vone.

 

På innskota fekk dei rente,

rimelege lån kunne dei hente,

stort sett i den mengde

kvar einskild trengde

til det vanlege, av fast og laust,

som våning og fjøs, båt og naust,

maskiner og dyr,

reiskap, og anna utstyr.

 

Styret synte stor dug

passa pengane med omhug,

banken liv og trivsel i grendene skapte,

lite pengar han tapte.

Kommunen for sin innsats fekk att,

arbeidsplassar og mykje kjærkomen skatt.

 

Ferdsla vart stor

både til filialar og hovudkontor,

folk likte til banken å ty,

nytta tenestene han kunne by,

vart meir og meir vande

til å samlast i Viksdalen, Bygstad og på Sande.

 

Rom til hovudkontor banken leigde

i huset som kommunen eigde.

«To værelser», vart gjerne litt trangt og smått,

men der likte alle seg så godt

at heilt til 1969 det drygde

før banken sitt eige hus bygde.

I dette nye romslege palass,

både bustad, eigne- og andre kontor fekk plass.

Interessa for rekneskapsservice var stor

og i 1970 opna banken Gaular Rekneskapskontor.

 

I Bygstad både tilsett og kunde

treivst godt i huset til O.A. Lunde.

Fyrst i 1984, den 6. februar,

stod bankbygningen der klar.

 

Hos Ørnehaug, Viken og Hellebust

var det kjekt, godt og flust,

der hadde Viksdalfilialen mange gode dage.

Saman med doktor,bibliotek og barnehage,

leiger dei no rom i nytt bygdetun,

i ei plassering vaker og lun.

          ------------------------

Bak alle våre kundevenlege skrankar

flinke funksjonærar blide vankar.

Banksjef og alle står flittig på

for at kunden god service skal få.

Dei har også det felles mål i sin tanke:

Enno fleire tilfredse kundar å sanke.

Det er viktig når kunden kjem inn,

at han seg velkomen og tiltrette finn,

at atmosfæren i vårt lokale

gjev han kjensle av å vera den sentrale,

at han går ut nøgd og blid,

og kjem att om kort tid.

 

Banken si soge har mange sider,

også om vanskelege tider.

Som hos andre det nok var,

preoblemfyllte periodar,

men vanskane vart takla svært så bra,

banken lei ingen ska.

Av og til dei styrande kanskje følte på

at dei var litt små,

ynskte saman med andre å gå.

Alternativ vart vurderte, og prøvde,

men dei fann ikkje noko som høvde

før bodet om Sparebanken Sogn og Fjordane lydde,

der dei breidt samarbeid innan fylket tilbydde.

Tanken godvilje møtte,

fekk støtte,

og då samanslutninga i 1988 kunne skje

var Gaular-banken med,

-og takk for det !

            --------------------------------

I dag me takkar, og prisar i varme tonar,

dei mange trauste, framtenkte personar,

som gjennom tidene tillitsvalde var

og ansvaret for banken bar,

takkar for det krevjande og store,

banebrytande arbeid dei gjorde.

 

Varm takk me også med rette

sender, banksjefar, og dei mange tilsette,

som gjennom tidene utførde eit fagnaverk,

banken vart sunn og sterk.

 

Ikkje minst me takkar alle dei

som til banken har lagt sin vei,

som heilt frå start,

trutt har spart,

støtta banken frå tid til tid,

gjort han i stand til å bli,

det store gode me har erfart

at han for folket og bygda vart.

 

Samarbeidet som mellom folket og banken rådde

var framifrå i dei 100 åra som no er gådde.

Me vonar det godt også framover går,

at bygd og bank vidare vokster får,

at samhald og truskap alltid må

som leiarstjerner i vårt arbeid stå.

 

Me alle med jubileet gratulere vil

og ynskjer i framtida lukke til !