EIVINDVIK SOM TINGSTAD

 

Dette er ikkje meint som noko innlegg i diskusjonen om kvar den “rette” gamle Gulatingsstaden har vore. Eg vil berre ta fram noko av det eg har lese og høyrt om Eivindvik i den samanheng. Om dette er det skrive og sagt svært mykje, det er nok berre ein liten del eg har funne, og plassen gjer at eg må avgrensa mykje også det stoffet eg har.

Holck meinar, i tidlegare nemnde artikkel, at tinget har vore flytta frå Osen i Gaular til Gulen. Han meinar saka mellom Berg-Onund på Ask og Egil Skallagrimson har vore førd i Gaular, og skriv det er sannsynleg at “man under navn av Sognesøe indbegreb Havstrækningen fra Sognefjordens sydlige Bredder lige til Atle-Øen, ja det er sandsynligt, at denne har hørt med til Signa­fylke,” og meinar at Eirik Blodøks såleis har fare nordover “Sognesjøen” då han sette etter Egil, sjølv om tinget stod i Gaular. Holck meinar så at tinget seinare, under Håkon Håkonson, vart flytta til Gulen og at namnet vart endra frå Gaularting til Gulating. Han meinar det er sannsynleg at tinget her stod i Eivindvik og skriv litt om kor godt prestegarden måtte høva som tingstad framfor “Gaulom, som liggende langt inde i Landet. Dette maa vel ogsaa have foran­lediget dets Forflyttelse til Gulen.”

Dahl motviser dette med at tinget har stått nordom Sognefjorden. Han går grundig inn både i det me finn i soga og i Gulatingslova og samanheld med alt det me ser i landskapet. I artikkelen i “Det kgl. norske videnskabers selskabs skrifter” s. 88, skriv han etter å ha sitert frå Egils soga:”Her siges at Kongen lod sine Folk roe nordr um sundr, saa kaldes Indløbet til Evenviks Præstegaard nordenfra endnu, nemlig Præstegaardens eller Even­vigs-Sundene, og naar det fremdeles hedder “ok er hann kom a Sognsæ, pa rere lid Arinbjarnar inn til Saudungssunda”, kan vel neppe nogen Stedkyndig meer være i Uvished om, hvor både Kongen og Arinbjørn kom fra, saalidet som om hvad Vei de toge”. På side 90 skriv han: “Benægtes Gulathing paa denne tid at være holdt søndenfor Sognefjorden, eller paastaaes det Modsatte, benægtes tillige al historisk og geografisk Sandhed, og dermed ogsaa al Adgang til videre Undersøgelse.”

Dahl er, som nemnt, svært grundig, han har velgrunna vurderingar og verkar overtydande. Gulen, eller i alle fall største delen av området her, høyrde nok den gongen til Nordhordland og også alle dei andre som har granska dette med staden for tinget med bakgrunn i teksten i Gulatingslova, meinar, så langt eg har lese, at tinget må ha stått i Nordhordland. (Brømel seier på grensa mellom Sogn og Hordaland). Eit av dei argumenta som talar for det er m.a. at “tingfararane” derfrå fekk minst reisegodtgjersle, dei hadde så kort veg. At tinget stod i Gulen er det så vidt eg skjønar no heller inga usemje om.

Dahl meinte som kjent at tingstaden var i Eivindvik, på preste­garden. Han meinte også, som nemnt, at gamle Gaulom, med det store heidenske tempelet og kjende blotingsstaden, låg på same stad som tinget. Dette ser det ut for at Brømel, i sin artikkel i Urda, er samd i. På side 75 skriv han om at staden måtte høve godt til tingstad, han nemner krossane “som formodentlig bleve opreiste istedetfor det gamle Avgudstempel, da hviden Christ havde fortrengt Thor og de andre Avguder”, han nemner “en hellig Kilde” og offerlunden og skriv: “saa det er vel ikke uden Føie, når man siger: Prost Dahl har Ret, i det han paastaaer: Gulathin­get har været holdt ved og omkring Evindvigs Præstegaard”. På s. 81 skriv han om då Olav Trygvason i 997 fekk folket døypt og kristna på Gulatinget. “Ved denne leilighed, formoder jeg, blev ogsaa det gamle Avgudstempel, som stod paa Gaulom nedrevet, Avgudsbillederne ødelagte, den hellige Lunds gamle ærværdige Egestammer omhuggede, og først et Steenkors reist, og siden en christelig Kirke opbygget og indviet, hvor et hednsk tempel før havde staaet.”

Holm-Olsen seier i ein artikkel i “Bergens Tidende” i juli 1966: “Har tinget vært i Eivindvik, får vi samme forbindelse mellom ting og kirke her som ved de andre lagtingene. Personlig vil jeg helst tro at tinget først har vært i Eivindvik, at det er dette stedet som i den gamle Gulatingsloven kalles Guli, og at det har vært på dette stedet til Håkon Håkonson flyttet det til Guløy, dvs. til et sted i nærheten av den kirken han bygde på Flolistrand”.

På s. 185 i boka si skriv Birkeli:”Imidlertid har vi ved gjennom­gåelsen av den langvarige diskusjon om hvor stedet for Gulatinget var (se s. 66-70), sett at det må regnes for sannsynlig at nettopp Eivindvik synes å utpeke seg som stedet der Gulatinget holdt til, i alle fall i den tid da kongene Håkon Adelsteinsfostre, Olav Trygvason, Olav Haraldson og deres misjonærer arbeidet med å innføre kristendomen i landet. Da kan det falle lys over den ellers nokså umotiverte plassering av dette korset. Betrakter en nemlig terrenget her i denne gryten, ser en at bakken her skråner forholdsvis bratt opp bak dette korset. Men like nedenfor det og litt til siden for kilden lager grunnen en “plattform”. Nedenfor denne platformen igjen er det masser av plass på et forholdsvis slett område uten å komme ned dit hvor eikestokkene ble funnet. Sammenligner en denne situasjonen med Tingvellir på Island som jo er en avlegger av Gulatinget, er parallelliteten slående. Tinget var nemlig ikke samlet på en stor slette, det var samlet på en slette mot en “plattform” og en bakke, vel ikke minst for akustikkens skyld.” Vidare skriv han på same side:”Hvis tinget var samlet slik som her antydet, ville korset på en måte overvåke hele tinget. Det er ikke merkelig at mange, fra Neumann og Dahl i forrige århundre til Birknes i dette, mener at det var her tinget ble holdt, og at korset har forbindelse med det. Det er i tilknytning til Dahls antagelse av det samme at Neumann i forbindelse med omtalen av korset sier at her “er det højst rimeligt at Thinget stod, som paa det høitideligste Sted”.”

Han siterar også Karl Gåta slik: “Gulatinget har formentlig vært holdt ved det nordligste kors oppe i bakken, hvor det finnes en stor, jevn, svagt hellende flate, paa hvilken flere tusen mennesker godt ville kunne faa plads.”

I eit gamalt avisutklypp, som eg diverre ikkje har funne nokon dato på, står i ein artikkel om “Reising av mindesmerke paa det gamle Gulatingsted”  der “stiftsarkivar dr. Just Bing og banksekretær Skaasheim uttaler sig til “Dagen” “,  mellom anna:

“I august maaned 1918 var en komite bestaaende av professor Magnus Olsen, stiftsarkivar dr. Just Bing, godseier G.F.Heiberg og banksekretær Anders Skaasheim paa befaring av de forskillige steder i Gulen. Efter befaringen kom komiteen enst. til den opfatning, at Eivindvik maa ha været det gamle tingsted.”

Med “av de forskillige steder i Gulen”  meinast dei stadane her som komiteen hadde fått kjennskap til kunne vera den gamle Gulatingstaden. Etter opplysningar eg har funne annan stad ser det ut for at vitjinga som det her er skrive om vart gjort i samband med at den oppnemnde arbeidsnemnda for reising av gulatingsminne hadde synfaring i Gulen. Det var også andre sogeinteresserte med, m.a. bladstyrar Albert Joleik som har skrive ein del om Gulatinget.

Av artikkelen går det vidare fram at dr. Bing, som “holdt først meget betsemt paa Guløy”, no då han “kom paa stedet og fikk se paa forholdene fant jeg at Eivindvik var det eneste mulige sted”, og at “komiteen enst. holder paa Eivindvik som sted for Gulatinget”.

Knut Robberstad seier i sitt skriv om “Gulatinget” på s. 16 at den eldste tingstaden kan ha vore på Stemnebø eller Kongshamn på Hisarøy. Han nemner også at tingstaden kan ha vore i Midtunvågen “på vestre kanten av Midtungarden”, men meinar at “Den tid landet vart kristna, må tingstaden ha vore i Eivindvik”. Han meinar vidare at Håkon Håkonson kan, etter press frå kyrkja, som då hadde fått nokså mykje å seia, ha flytta tinget til Byrknesøy eller til Floli. Albert Joleik, som hadde familietilknytning til Floli, meinar at tinget fyrst vart halde på Midtun (i Midtun­vågen) og så flytta til området ved kyrkja. Ivar Kleiva, som har granska på og skrive mykje om Gulatinget, meinar at tinget frå først av vart halde på Stemnebø, så flytta til Eivindvik, der det har vore den lengste tida, fram til det av Håkon Håkonson vart flytt til Floli og så igjen etter kort tid flytt til Bergen.

 

DAHL OG FURNÆS SINE OPPTEIKNINGAR

I “Gula Tidend” for 26. og 29. april 1905 er attgjeve ei oppteik­ning over utsegner frå folk i Gulen som svar på spørsmål m.a. om dei hadde høyrt noko om at det hadde vore helde “Laugting nogensteds i Gulen”. Spørsmåla er stillte og oppteikninga gjort av prost Dahl og klokkar Furnæs i mars 1823. På Haveland snakka dei med 6 menn. 5 av dei sa at dei hadde høyrt at det skulle ha vore ting på Stemnebø. Ein, Ole Thorsen, som hadde far sin frå Stemnebø (det står at faren var fødd på Stemnebø) “forsikrede at paa Stevnebø stod ikke Tinget, men dertil var de mødende stev­nede, og paa Segløen skulle dommene være forseglede.” “Om Guløe” vitna alle at dei ikkje hadde høyrt noko anna om “dette Sted” enn at der skulle ha vore slag mellom gamle kjemper “som der havde holdt Kamp”, og ein av dei spurde sa han hadde høyrt at ein konge kalla “Gule” skal ha budd på “Guløen”.

Alle dei tilspurde på Haveland sa at på Flolistranda stod inga kyrkje. Det skulle byggast ei kyrkje der, men ved nattetid vart tømmerflåten førd til Eivindvik. Derimot meinte dei at det hadde stått kyrkje på “Næsstranden eller Næsstølen? under Gaarden Næse. Kirkegaarden viser tydelig endnu”.

I same avsnitt står at ein av dei spurde hadde høyrt at det hadde stått kyrkje på Hauge, “paa det Stykke Mark som nu kaldes Instebøen”, og i same linje: “Ved nærmere Eftersyn befantes ogsaa tydelige Spor af Kirkegaard saavel på Floliestranden som paa Høye”. Det kan mest sjå ut som Dahl her må ha meint Nesstranda/Nesstølen, då det er desse kyrkjetuftene (Nesstranda og Hauge) dei spurde i dette avsnittet vitnar om, og som då truleg vart undersøkte.

På Nedre Opdal snakka dei også med ein del menn (5 stykker er nemnde). Av dei var det ein som sa at han hadde høyrt av ein gamal mann på Kjelby at det på “Guløen” hadde vore slag “og Ting tillige”.

På Øvre Opdal fortalde ein 68 år gamal mann at han hadde høyrt at Gulatinget stod på “Guløe, samt at slag har staaet der mellem gamle Kjemper.” På Hauge trefte dei ein som sa at han hadde høyrt at tinget skulle ha stått på Haveland.

Etter det som eg har sett i dei to nummera av “Gula Tidend” var det ingen andre som visste noko å fortelje om Gulatinget. Det går fram at Dahl og Furnæs var både i Brandangersundet og på Byrk­nesøy. På Byrknes snakka dei med ein gamal los som var fødd på Lille Kvernøy. Han visste heller ikkje noko om tinget, men hadde høyrt “at Slag skal have staaet paa Guløen og at stenkorsene i Eivindvik, ere opsatte av Sankt Olaf som Skudmaal”.

 

UROLEGE TIDER

Kva tid tinget vart flytta frå Gulen til Bergen veit me ikkje nøyaktig, det kan ha skjedd alt før 1300. Etter den tydinga me ser av namnet Guløy treng det ikkje tyda at kyrkja som Håkon Håkonson eventuelt skal ha bygd i Guløy vart bygd på Flolid. I kallsboka for Gulen skal det framgå, iflg. Birkeli, at L. Dietrichson meinar at det galdt ei ny kyrkje i Eivindvik. I tida før, ja også etter at Håkon vart teken til konge, var det mykje strid om styringsmakta i Noreg. Det var urolege tider. Av det eg har lese får eg inntrykk av at i denne tida må det ha vore svært lite aktivitet på Gulatingsstaden. Det kan sjå ut som om tinget ikkje har vore samla her på lang tid. Det var då kongen og presteskapet som var dei rådande på tinget, og kongane hadde vel nok å ta hand om med all uroa som rådde. Dei stadige stridane om kven som skulle ha makta gjorde nok også sitt til at det kunne verta lite ro og høve for kongen til å samla folk på dei “rette” tingstadane, og då vart det gjerne til at dei heldt dei mest naudsynlege tingsamlingar på meir sentrale og trygge stader som i Bjørgvin og Nidaros. På s. 94 i artikkelen i “Det kgl. norske videnskabers selskab” sine skrifter seier Dahl at i “Magnus Barfods Sønners Saga i Hryggiarstykke Cap. 116” “sees at det var Lov at Frostething kunde holdes i Staden Nidaros i stedetfor paa det sædvanlige Sted paa Frosten. Saaledes har Gulathing uden Tvivl været holdt i Bergen.”

I Ole Andreas Øverland sitt store sogeverk “Illustreret Norges Historie”, som kom ut i 1895 i 12 store bind, står i bind 3, s. 381, noko som eg synest er interessant i denne samanheng. Det gjeld valet av Håkon Håkonson til konge. På “Hirdstevne”, truleg i Nidaros, uttala Vegar Veradal på vegne av hirden at dei ynskte, inntil Øretinget kunne verta sett, at Håkon skulle kallast “Kongsemne”. “Vil I ikke at gaa ind paa dette, saa setter vi imorgen vore Skibe i Søen og farer syd til Bergen. Der stevne vi Gulathing for at tage ham til Konge og dermed lægger vi hans og vor Sag i Guds og den hellige Kong Olafs Hænder”. Dette var i 1217.

På “et almindeligt Thing i Bergen” på “Seljemændenes Dag (8 de Juli)” gjekk dei inn for at Håkon Håkonson skulle verta konge. “Sigurd af Onarheim” heldt tale på “alle Gulathingsmænds Vegne”. Også Dagfinn Bonde tala for Håkon.

Filip Baglerkonge i “Viken” ville at Noreg skulle delast mellom han og Skule Jarl. Det skulle haldast “et almindeligt Rigsmøde” den neste sommar og der burde saka avgjerast. Til dette møtet skulle biskopane og alle dei fornemste menn i landet innkallast. Dette møtet var i Bergen i 1218. Der bar, som me hugsar frå soga, Inga kongsmor jern. For Håkon fall dette heldig ut, tvilen om at han var kongsson vart rydda av vegen, og det vart inngått forlik med Skule. På eit nytt riksmøte i Bergen i 1223 vart Håkon godkjend som rett kongearving og konge og nok eit forlik vart inngått med Skule.

Kanskje tinget i desse urolege og vanskelige åra ikkje vart halde i Gulen i det heile teke? Dahl og fleire har vore inne på det og det synest nokså sannsynleg når me tenkjer på korleis tilhøva var. Vart Nidaros nytta som tingstad for Frostating, var det vel enno meir naturleg at Gulatingsetene i desse vanskelege tidene vart haldne i Bjørgvin, den største og viktigaste byen. Når ikkje tingsamlingane var her i Guli kom kanskje tingkyrkja til nedfalls. Håkon Håkonson vart nok underretta om kvar den rette tings­taden var og då han fekk fast grep på landsstyringa flytta han tingsetene attende her til og bygde oppatt kyrkja. Kanskje han også la tinget nærmare kyrkja?Kongsmakt og kyrkjemakt var blitt meir ei statsmakt. Håkon Håkonson var oppteken av å betra tilhøvet til kyrkja, prøvde å retta på motsetnaden som hadde rådt sidan bannlysinga av kong Sverre, bl.a. ved å hegna om kyrkjebygga. Rettsvesenet var nok også blitt meir påverka av utanlandsk kultur og styresett. Kyrkja sine tenestemenn fekk meir å seia og kongen let nok også sine tenarar, t.d. lagmennene, ta seg av fleire oppgåver. Mange saker fekk si avgjerd andre stader enn på tingsetene. Tinget var nok på den tid blitt mykje mindre, både i saksmengde og i tal frammøtte, presteskap og kongsmakt avgjorde no mykje av sakene, så plassen under hallet nord for kyrkja, attmed “Lovseieberget”, var nok tilstrekkeleg stor til å røma dei sterkt reduserte tingsetene.

Sonen til ein av dei som var med og grov ut grunnen då det vart bygd ny løe på prestegarden (1895) har fortalt meg at dei under arbeidet fann eit stort trebord. Bordet var så morkna at dei berre slo det sundt. Bjordø fortel også i si bok om at det vart funne eit bord der. Han seier og at det vart funne ein del kubbar som “kunne nærmest henregnes til en slags kubbestoler”. Dette stemmer godt med Westerlund sine “syn”. Eg har også høyrt at der skal ha vore funne restar av veband. I kallsboka for Gulen har sokneprest Hovden skrive at i samband med undersøkinga etter den 3. krossen i 1936 vart det også leita etter det nemnde bordet, som kanskje kan ha vore tingbord, men utan resultat. Dei fann berre nokre eikestokkar.

 

DET VIKTIGASTE TINGET

Stein Sandemose Bårdsen som bur i Smådalen ved Brosvik, seier at han omkring 1990 hadde vitjing av ein mann frå Algeri. Denne mannen fortalde at han på grunnskulen i Algeri lærde at Gulatinget var den eldste demokratiske domstol i verda.

Gulatinget var nok det viktigaste tinget i landet vårt i soge­tida. Brømel meinar at tinget vart skipa av Harald Hårfagre som han ser som ein “ypperlig konge, som, ved mot og klogskab og begunstiget med lykken, gjorde det inntil hans tid i mange småstater adsplittede Norge til et stort og mæktig rike.” Før hans tid kan Gulatinget “betraktet som Alsheriarthing, ei ha været til, straks etter hans tid finnes det omtalt”. Brømel meinar vidare at når det står at Håkon Adelsteinsfostre ga Gulatingslova så må det sannsynlegvis tyda at han ved hjelp av Torleif den Vise sine lovkunnskapar fekk samla, eventuelt betra og endra dei lover som før hadde vore brukte på Gulatinget og at han så la den nye lovsamlinga fram for bøndene og fekk ho godkjend. Godkjenninga skal ha skjedd einstemmig, seier Brømel. Han meinar at Håkon Adelsteinsfostre hadde skrivekunnige menn i sitt hoff og fekk lova oppskriven. Han skriv i tidlegare nemnde artikkel i “Urda” s. 80:”Og nu siger Krøniken udtrykkeligt om Olaf den Hellige: Kongen lod stevne til sig de forstandigste Mænd i Landet, og lod oplæse for dem Håkon Adelsteens Lov, og efter at have taget fra eller lagt til hvad han syntes, saa lovede bønderne at ville rette sig efter denne Lov. Oplæse lod han den for dem; den var altsaa skreven.”

Teiknet "þ" (eller "torn", uttala likt med det engelske "th"), er den fyrste initialen i Gulatingslova. Denne vakre initialen kan symbolisere Gulatinget - Tusenårsstaden i Sogn og Fjordane.

Brømel meinar altså at Harald Hårfagre stod for skipinga av Gulatinget og at Håkon Adelsteinsfostre fekk Gulatingslova oppskriven. Etter Harald Hårfagre si samling var vel framleis Vestlandsfylka den viktigaste delen av landet. Han ervde Sygna­fylket etter faren, Halvdan Svarte, som iflg. Brømel hadde arbeidd med ei lov som vart kalla “Heidsivialoven”. Det kan vel vera at når Harald Hårfagre fekk rå over også heile Vestlandet så vart Gulatinget brukt som ting, og Guli som tingstad, for eit mykje større område enn før, og det kan vera årsaka til at det no vart mykje meir kjent ut over i landet og at det då oftare vert funne “omtalt” som Brømel seier. Men lokalt har truleg Gulatinget og Gulatingslova røter langt tilbake. Alltinget på Island vart skipa omkring 930 seier Robberstad. Dette tinget hadde Gulatinget som føredøme så på den tid må tingskipnaden og lova her vore så godt innarbeidde at dei kunne vera eit mønster som utflyttarane til Island hadde teke med seg. Tinget og lova har nok bygd seg opp frå ein start i tida då folket slutta å vera omstreifande veidemenn, vart fastbuande i samfunn av jorddyrkarar og fekk bruk for lover og reglar til å regulera tilhøva seg imellom. Tinget var tillagt både lovgjevande og dømande makt, her vart lovreglane vedtekne og her vart lovbrot dømde.

Kva tid lova vart oppskriven er det ymse meiningar om. Brømel meinte, som nemnt, at det vart gjort alt under Håkon Adelsteinsfostre, medan professor Robber­stad hallar til den meining at det kan ha skjedd under Olav den heilage, eller at Olav fekk skrive ein del og at resten vart skrive under Magnus den gode, eller seinare på 1000-talet. Den eldste skriftlege lovteksten me veit om er, i fylgje Robberstad, Olavslova, etter Heilag-Olav.

Gulatinget med Gulatingslova vart etter kvart utvida til å omfatta større og større område. På sitt største femnde Gulatinget om alt landet frå og med Agderfylka i sør til og med Sunnmøre i nord. Dertil høyrde Valdres, Hallingdal og Sætesdal her til, og vidare vesterhavsøyane inntil dei fekk sitt eige lagdøme. Det kunne her ha vore på sin plass å teke med litt om korleis frammøte etter lova var frå dei ymse fylka, men eg synest at det vil føra altfor langt. Eg vil berre nemna at det kunne vera nokså mykje folk samla under ei tingsete, opp til 1000 menneske har eg sett ein stad. Det var ikkje berre dei som møtte på grunn av sakene som vart førde her som kom til tinget, nei, i tillegg til nemndarmenn, sakspartar og vitne, var det mange som kom til tings for å driva handel. Dei bytte til seg bruksting, våpen, prydnadsting og mykje meir. Mange kom også for å gjera avtalar, for å treffa frendar og vener, for å fretta nytt, eller rett og slett for å kobla av. Brømel skriv også at tingsetene har vore nytta til lysingar av ymse slag og etter kvart vart det også føreteke justeringar av vekter, målekar og lengdemål. Etter at sysselmennene kom heim frå tinget skulle dei stemna ting i eige syssel for å orientere om kva som hadde skjedd på tinget, og føreta målejusteringar m.m. Mange av stormennene kom mangmente til tinget. Dei hadde både tenarar og trælar med seg, og mykje utstyr, ja til og med dyr, og sjølvsagt mykje mat og drikke.

Robberstad seier at Gulatinget kom saman ein gong i året. Etter Olavslova starta tingseta torsdag etter påske. Seinare vart fyrste møtedag Persokafta,som var 28. juni og så, etter lova av 1274, 17. juni som var Botolvsok. (Denne dagen skal ha vore helgedag i Sætesdal heilt fram til 1850).

Brømel har skrive ein del om korleis tingstaden var skipa og seier at etter Egilsoga var tingstaden på ei vid mark og det stod eit stort avgudstempel i nærleiken. (Ein stad har eg også lese at det på tingstaden var ein krins av store tre.) I dette tempelet avla domarane, partane og vitna den heilage eid før dei gjekk inn på tingvollen. På altaret i tempelet låg ein stor ring. Etter at ringen var overstenka med blod frå offerdyra, tok han som svor eiden, ringen i handa og sa fram fylgjande formular: “Så sant hjelpe mig Freyr og Niord og den almektige As (Odin), som jeg således skal søke denne sak, eller forsvare mig i den, eller være vidne, eller avsi dom, som jeg vet rettest, sandest og mest efter loven å være.”

Etter at kristenretten var innførd i Gulatingslova, vart eiden gjort etter kristent rituale og ved å leggja handa på Bibelen.

Fyrste sundag i tingseta var det vanleg å gje ein træl fri. Ei tingsete kunne vara i vekevis, alt etter kor mange saker det var å handsame. Lagmannen var ein svært viktig person på Gulatinget, han sa fram lovene og styrde tinget. Robberstad skriv på s. 15, i tidlegare nemnde skriv, at det til tingstaden høyrde eit lovberg, “d.e. ein stad der lagmannen kunne stå og tala til folket. Folket stod nedetter i brekka og på tingvollen nedanfor. Lagmannen skulle venda seg mot aust, eller i austleg leid, når han tala til folket.” Som døme på korleis opningstala til lagmannen kunne vera vil eg attgje frå professor Robberstad sin nemnde artikkel om Gulatinget: “I namnet til Fader, Son og Heilagande. Her set eg i dag ålmennelegt lagting med all tingheider og vyrdnad som eit fullmektig lagting bør ha etter lovi. Dermed set eg i dag grid og full lagtingsfred millom alle menn som her er komne eller koma kan med dette lagting varar, og til kvar har kome heimatt, forbjodande kvar og ein å gjera dråp og ulukke eller krenkja nokon med ord eller gjerning. Den som bryt dette grid, skal ha forbrote eige og fred, jord og lausøyre, og aldri få bøta for seg. Sit no dette lagtinget som alle andre, med sømd og god sed, at det er tekkjelegt for Gud og nyttesamt for oss Amen.”

Gulatingslova er rekna for ei svært god og demokratisk oppbygd lov. Lova er omforma fleire gonger og den lovboka som Magnus Lagabøtar hadde fått laga og som vart vedteken på Gulatinget i 1274 kom til å gjelda for heile landet og stod ved lag heilt til Christian V kom med si norsk lov i 1687. Ein kan vel seia at ideane i Gulatingslova er vidareførde heilt fram til vår nover­ande Grunnlov. Det er sagt så sterkt at demokratiet si vogge i Noreg stod i Gulen. Gulatingslova er omsett til dansk, tysk og engelsk.

Det er ein tradisjon om at på Segløya vart avgjerdene på Gulatinget forsegla. Holck seier, i tidlegare nemnde artikkel, at folk utanfor distriktet her kalla Segløya for “Dragerøen”. Han seier også at det har stått hus på Segløya, noko tradisjonen stad­festar, og at murane av desse husa har vorte førde til Vesetvik (det som no vert kalla Hausevik etter den fyrste kapellanen i Eivindvik prestegjeld, han heitte Haugs og budde der) og brukt i ein bygning. Det skulle ha skjedd ca. 60 år før artikkelen vart skriven, altså omlag i 1760-åra.

Kan det at øya har vorte kalla “Dragerøen” ha noko med at dei drog segla å gjera? I så fall har eg lyst til å nemna det som Anna Elisabeth Westerlund sa om Stemnebø, nemleg at det hadde vore ein vaktpost i området der. Kanskje Segløya då var ein del av dette vaktsystemet, og at folk som skulle til tinget, eller kom frå tinget, måtte dra seglet for å la seg kontrol­lere, fira seglet for kontroll på veg inn, heisa seglet etter kontroll på veg ut.

Eg vil også nemna Stafsneset. Staff tydde merke. På dette neset må ha stått eit merke, kanskje merket som markerte innsiglinga til Gulatingsstaden.

Før tingskipnaden på Island kom i orden, ca. 930 e.kr., sende islendingane ein mann, Ulvljotr, til Noreg for å studera tilhøva på og omkring Gulatinget og Gulatingslova. Han var i Noreg i 3 år, og då han kom attende vart tingstaden på Tingvellir skipa etter mønster frå Gulatinget. Som nemnt seier Birkeli i si bok, s. 185, at parallelliteten mellom Tingvellir og området ved Krossteigen er “slående”. Det trur eg alle me som har vitja Tingvellir må vera samde i. Enno større vert likskapen når me også samanliknar plasseringa av kyrkja og dei eldre prestehusa her med tilhøva ved Tingvellir. Ein annan ting som også høver godt for området her i samanlikning med tinget på Island er det eg tidlegare har sitert frå Knut Robberstad sitt skriv om Gulatinget, s. 15, om at “folket stod nedetter i brekka og på tingvollen nedanfor”.

Per Linge (jfr. avsnittet om namnet og om steinkrossane) som samanheld vår soge (m.a.det me har etter Snorre) med tyrkisk og romersk soge, meinar at det var i tyrkarane/hunarane si stordomstid at Eivindvik fekk sin start, og utvikla seg, som sogestad, etter tyrkiske reglar og retningsliner. Han kallar staden ein by etter tyrkisk styringsverk med lovgjevande makt, Skandinavia sin eldste hovudstad. Den gongen var det vanleg at slike hovudstader vart innhegna, som her med den store steingarden som står framleis. Eivindvik låg svært strategisk og sentralt til når ein tenkjer på høve til å utøve styring langs trafikklinene, kysten, Sognefjorden, vidare til dei indre dalar, til Mjøsa og til Sverige (Uppsala). Han hadde ein teori om at Gulatinget har utvikla seg her, etter tyrkisk påverknad, frå lenge før Harald Hårfagre si tid.

For mange år sidan høyrde eg om ”Stjornvelta nord for Bjørgvin”. Stjorn tyder styre og etter no å høyre Linge sine tankar og teoriar synest eg det er nærliggande å setja dette i samband med det han fortel at om hunarane, som rådde over store delar av Europa, truleg har hatt eit viktig knutepunkt her der senatorane/prestane stod for seremoniar og styring.

Etter det me les og høyrer ser det ut for at Eivindvik har vore ein gamal samlingsstad der folk i eit stort område har hatt sine heilagdomar i lang, lang tid. For meg ser det også ut for at Gulatinget må ha stått her, i alle fall i den lengste tida før tinget vart flytt til Bergen for godt.