GULEN KYRKJE

 

Flyfoto av kyrkja ifrå 1962, kommunalt fotoarkiv.

På s. 222 i boka om steinkrossar i Noreg skriv Birkeli: “Tingenes vedtak om å gå over til kristendomen betød faktisk en nesten automatisk opdeling av landet i sogn.” Kristendomen vart, som nemnt, rekna som vedteken på Gulatinget i 997, og det vert sagt at “Evindvig Prestegjeld”, no Gulen prestegjeld, er eit av dei eldste prestegjeld i landet. Namnet på prestegjeldet var Eivind­vik heilt fram til det vart endra ved kgl. resolusjon av 17. mai 1890, frå Eivindvik til Gulen.

Eit kart frå 1771 syner at prestegjeldet femnde om mest heile ytre Sogn, nemleg gamle Gulen, Brekke, Lavik, omlag heile Solund og Bø sokn i Hyllestad. Dette har eg også fått stadfesta på Statsarkivet i Bergen. Kyrkja i Eivindvik er merka som hovudkyrkje med annekskyrkjer i Brekke-, Bøe-, Lavik-, Husøy- og Solund sokn. I aust grensa prestegjeldet til Vik prestegjeld på sørsida av Sognefjorden og til Leikanger på nordsida, og i nord til “Ytre Holmedal”. Kva tid dette store hopehavet starta veit me ikkje, men det vert hevda at det er svært gamalt. Lavik og Bø vart fråskilde ved kgl. resolu­sjon av 18.12.1807. Brekke vart lagt til Lavik ved kgl. resolu­sjon 24.4.1858, og siste kyrkjelege hopehav med Solund vart løyst opp ved kgl. resolusjon av 22.10.1887. Brekke sokn er no igjen ein del av Gulen prestegjeld, som ei fylgje av kommunesamanslå­inga i 1964.

Det eldste skriftlege som hittil er funne om kyrkje her er eit oldbrev i Diplomatarium Norvegicum av 14. juni 1327. B.E. Bendiksen skriv på s. 610: “I 1327 indsætter den pavelige pengeindsamler Bernhard de Ortis sognepræsterne i Hammer og Evindvik til ombudsmænd for at oppebære to aars indtægter af ledige kald (annater) på Nordhordland og derfor at aflægge regnskab i Bergen”.

Johan Litleskare som har skrive om Haus kyrkje seier på side 13 i boka si at i eit brev av 1329 utliknar Herra Audfinn pavetidenden på kyrkjene (og prestane) etter kyrkja sin “rang og rikdom”. Haus-kyrkja er der “sett i lag med Eivindvik og Fana og stend som nr. 2 etter fylkeskyrkja, som sjølvsagt stend fremst.” På s. 32 skriv Litleskare om kor mykje Haus-kyrkja i 1563 betalte i krigsskatt til “den danske krigskasse” og han legg til:”Berre Hammarskyrkja og kyrkja i Eivindvik betalar meir”.

Sogegranskarar meinar at her har stått kyrkje lenge før 1327, truleg er kyrkjestaden mellom dei aller eldste i landet. Det som er skrive ovanfor skulle tyda på at kyrkja her var godt kjend og innarbeidd då ho alt før 1330 vart rangert som ei av dei mektig­aste kyrkjer i eit større distrikt. Ho er nemnt i offentlege protokollar som hovudkyrkje. I ei fullmakt (ligg i kyrkjearkivet) av 11.3.1814 står om ein eid avlagt i “Evindvigs Hovedkirke” same dag. I Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt skriv av 4.8.1900, vedk. bygging av kyrkje på Mjømna, vert kyrkja i Eivindvik kalla “Gulens hovedkirke”. Der står at det, på Mjømna, skal vera 15 gudstenester årleg etter Bergen biskop si nærmare avgjer, “dog saaledes at gudstjenesten paa de store høitiders første dag altid afholdes i Gulens hovedkirke”. Hovudkyrkjene var bygde etter påbod frå kongen (statsmakta) og hadde høgare vern og rang enn andre kyrkjer. Straffa for fredsbrot i ei hovudkyrkje var t.d. at fredsbrytaren vart dømd fredlaus, medan det i dei såkalla “høgendekirker” gjekk av seg med bøter. For meg ser det ut som at dei kyrkjer som vart nemnde hovudkyrkjer også har vore fylkeskyrkjer. I kristenretten i Gulatingslova går det fram at det er ei kyrkje i kvart fylke som kallast hovudkyrkje og som alle fylkesmenn har plikt til å vedlikehalde. I “Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder”, utkomen i 1960, s. 39, står: “Opprinnelig var det en fylkeskirke eller hovedkirke i hvert fylke”. I “Historisk Tidsskrift, Anden Række, sjette bind”, utgjeve i 1888, skriv Taranger på s. 343-44 at Eidsivathingslagen kap. 32 pålegg bispen å koma ein gong i året “hver treding og der synge messe ved hoved-kirken, som svarer til Borgarthingslovens fylkes-kirke.” I merknad nr. 2 på s. 344 går det fram at “Identi­teten” mellom fylkeskyrkje og hovudkyrkje “gjælder kun i Frostat­hingslagen, Viken og for den ældste tid ogsaa Gulathingslagen.”

Kanskje me av dette kan rekna med at kyrkja her frå gamalt var fylkes- og hovudkyrkje?

I ettertid ser eg at i brev,av 21.04.2008 frå riksarkivet til sokneprest Jens Linde, står: "Det synes klart at kirken i Eivindvik, altså Gulen kirke, har status som hovedkirke i hele perioden som omfattes av arkivmaterialet."

No er nemninga "hovedkirke" gått ut, kyrkjelova skil ikkje lenger mellom forskillige typer kyrkjer.

Segna seier at då Olav den heilage samla folket for å byggja kyrkje i Eivindvik budde det ein høvding i Virkesdal, ein kjempekar, som heitte Torstein. Bodet frå kongen kom også til han. Det var midt i slåtten og Torstein gjekk og slo då han fekk meldinga frå kongen. Han vart sint og tok så hardt i at ljåen laga store forer i marka. Forene er synlege “den dag i dag”. Stykket der han gjekk og slo heiter framleis “Torsteinslette”.

Då meste sinnet hadde gjeve seg, gjekk han til skogs og hogg eit stort tre. Stokken tok han med seg til Eivindvik, og han svor på at om ikkje denne stokken vart nytta til dørstolpe i kyrkja, ville han ikkje gjera eit hogg meir på Olav si kyrkje. Kongen tok med glede imot den prektige stokken som vart tilhogd og innsett som dørstolpe i kyrkja.

Tradisjonen vil setje denne dørstolpen i samband med ein stolpe med innhogd T.V. og årstalet 1600, som det vert påstått stod i den kyrkja som vart riven for å gje plass til kyrkja som står i dag. 

Det høyrer også med til ovanfor nemnde segn at kong Olav ikkje kunne like at Torstein, til niste, hadde med seg eit hestelår som han åt av under arbeidet og som han ikkje ville gje slepp på. Alt det kong Olav fortalde om Kvite-Krist let Torstein stå for sitt verd, men at han ikkje skulle få lov til å eta av sitt velsmakande hestelår kunne han ikkje skjøna.

Den synske Anna Elisabeth Westerlund meinte at den fyrste kyrkja her kom alt i det 11. århundre. Det var ei lita, enkeltbygd trekyrkje med jordgolv og mest ingen sitjeplassar. Taket var og av tre, av brune, truleg tjørebreidde fjøler. Det var ikkje ei stavkyrkje, sa Westerlund. Kyrkja var svært kald, folk stod inne med mykje klede på seg. Ho hadde våpenhus og ein liten 8-kanta altarring. Denne fyrste kyrkja vart ikkje godt motteken av folket. Dei hadde vanskar med å godta den nye trua, og dei øydela kyrkja. Det vart sett opp ei ny kyrkje som også var av tre. I denne var det ei form for oppvarming ved at dei hadde glødande kol i jernfat. Kyrkja vart stelt med og utbetra, jordgolvet vart bytt ut med tregolv.

Etter reformasjonen vart kyrkja endra. Seinare forfall ho meir og meir og vart til slutt i dårleg stand. Westerlund “såg” mellom anna taklekkasje. Til slutt vart kyrkja riven og den kyrkja som står i dag kom i staden. Så langt Westerlund sitt “syn”.

Kan det vera så at kyrkja Westerlund “såg” som kyrkje nr. 2 her, kan ha vore flikka på og ombygd fleire gonger og faktisk, i utgangspunktet, vera den same som stod her før den som står no kom i 1863?

 

GAMLEKYRKJA

Om kyrkja som stod her før den me no har, er det ein god del opplysningar, og frå kopiar frå riksantikvaren sitt arkiv har eg plukka ut noko. Mine kjelder for stoffet om “nyekyrkja” er for det meste E. Bjordø si bok, og i tillegg kallsboka for Gulen sokn, tidlegare jubileumsskriv for kyrkja og samtalar med bygdefolk.

Det meinast at “gamlekyrkja” skal ha vore bygd litt før 1600. Frå eit bustadhus i Gulen, som vart omvølt i 1993, har eg fått ein bit av ein stolpe som skal ha stått i “gamlekyrkja”. I dette huset er brukt ein heil del materialar som vart kjøpt då kyrkja vart auksjonert bort i 1863. Eigaren av huset ynskjer ikkje å stå fram med namn, eller med plassering av huset, men eg har også frå andre hald høyrt at i dette huset finst det mykje materialar frå “gamlekyrkja”.

Stolpen har halde seg svært godt. Det ser ut for at han har stått inntil ein vegg, var slett og fin på 3 sider, medan 4. sida, som nok stod inntil veggen i kyrkja, ikkje var fullt så fint forseg­gjort. Det var laga grunne, langsgåande forer i stolpen.

Stolpebiten har eg hatt inne til datering ved Labratoriet for Radiologisk Datering i Trondheim. Professor Reidar Nydal har ordna med analysen av materialet, og dateringsrapporten, datert 14.1.1994, underskriven av Nydal og Fred H. Skogseth, syner at materialet høgst truleg er frå 1455-1635 etter Kristus, altså 359-539 år gamalt.

Om storleik og utforming av kyrkja er ved ei synfaring i 1686 notert at skipet er 28 alen langt og koret 10 alen. Det er ikkje nemnt noko om breidde. Det er heller ikkje skrive kva type kyrkje det var, anna enn at det er ei lafta tømmerkyrkje som hadde våpenhus, “samt et maadeligt taarn”, og eit “utskot paa korets søndre side”. Kyrkja var då tekt med panner. Det er sagt at to nye vindu skulle innsetjast bak altaret og at dei to “skilderier” som var bak altaret skulle setjast opp på “nordre side enten af koret eller af skibit”. Tårnet skulle bordkledast.

Kyrkja fekk i 1668 ny preikestol “udstaferet med billedskjæreri”. I 1686 nytt våpenhus og “4 al. kanifas sat paa taarnets fløis­tand”. I 1694 vart “det gamle pulpitur over Kvindestolene nedtaget og flyttet lengere nede i kirken” I 1697 vart det sett 19 dreia pelar mellom koret og skipet, “med ramme om”. I 1700 vart den gamle altertavla vølt og “forfærdiget med nyt smedeverk og med “bildthuggeri” af lindetre.” Snikkararbeidet var utført av ein i “disse egne” mykje brukt mann, “Simen Snedker”. Kven som har utført “bildthuggeriet” kan eg ikkje finna ut av, men til det er knytt namnet “Fredrich Wessel” med tilføringa:”som sandsynlig­vis har bestilt det”.

I 1703 vart bygt til eit nytt kors på nordre side av kyrkja og i 1706  “ble pupilturet flyttet hen i det nye kors.” I 1712 vart det opplagt nye panner på kyrkja og “fonten ble flyttet”. Dette galdt ikkje den døypefonten som me kjenner, han stod den gongen utanfor kyrkjegardsporten, “ved siden af det store kors.” I 1718 vart det sett inn nye dreia “traler” over kordøra og laga “ny font med dæksel”.

I 1722 står om kyrkja at ho var ein “smuk tømmer-bygning”. På nordsida var tilbygd eit halvt kors. Det var eit våpenhus av stavar framfor hovudinngangen og eit mindre våpenhus framfor kordøra på sørsida. Kyrkja var over alt tekt med panner og velhalden både “inden og uden”. Koret var oppgjeve til “10 al i kvart”, skipet 27 alen langt og 14 alen breitt, korset 12 alen langt og 11 breitt, vestre våpenhus til “6 al i kant” og søre våpenhus “4 al lgt, 3 al br.”

Av ei opprekning av inventaret i kyrkja i 1690 er det svært interessant å sjå at her var ein av Christian 3. sine biblar. I Øverland si Norgeshistorie står at desse biblane kom til Noreg i berre 96 eks. I opprekninga er nemnt at kyrkja er godt utstyrt med bøker. Der var såleis to biblar til, ein av Fredrik 2. sine og ein frå Christian 4. sine. Der var vidare 3 klokker, ei var nokså lita og den mellomste var sprukken og låg nede i kyrkja. I 1712 vart to gamle “brustne” klokker omstøypt til ei. I 1720 vart kjøpt “en malet treæske til oblatene”.

Etter “Beretning af Dahl” var det i 1811 i kyrkja ei gamal altartavle som vart nedteken i 1768 av sokneprest Sommer då han fekk måla ei ny. Der var også “2 gamle portræter af en ukjent mand og kvinde, malte i 1643”.

I den tidlegare nemnde boka av E. Bjordø nemner han at bestefar hans hadde fortalt om ein seglskutemodell, ein fullriggar, som hang under kyrkjekvelven. Når kyrkjedørene vart opna, blafra det i segla og skuta svinga svakt i taua ho hang i.

Kor det er blitt av den gamle altartavla og dei bileta som Dahl har nemnt og den seglskuta som Bjordø nemner i boka si, har eg ikkje funne noko om.

Frå ca. 1720 og framover vart mange kyrkjer selde på offentleg auksjon, truleg for å skaffe kongane pengar til krigføring. Kyrkja her vart seld 15.11.1723 til magister Nicolai Stabel for “129 riksdaler croner”. Stabel var då prest her. Med i handelen fylgde 3 av gardane til kyrkjegodset, Lid, Knarvik og Grimstad. Kongeskøytet er datert 12.8.1724. Kyrkja skifte eigar fleire gonger og vedlikehaldet svikta etter kvart, det kom m.a. taklekkasjar. Med sine 350 plassar vart kyrkja også for lita, noko som fleire av prestane peika på i sine meldingar til biskopen. Det vart arbeidt for å få ny kyrkje, særleg gjekk Dahl i si tid hardt inn for nybygg. Siste eigaren av kyrkja før ho vart seld tilbake til “Eivindvig menighed”, var sokneprest Daae i Fana. Enkja etter han, Edvardine Daae, skreiv under skøytet 22.10.1862. Denne kyrkja vart riven og seld på auksjon 15. juni 1863 etter “rekvisisjon fra Eivindvig kommunestyre”. Auksjonsfor­retninga vart styrt av R. Haugland med Lasse J. Sande og Mikkel Rørtveit som vitne. Det var 480 salsnummer som gav i alt 298 speciedalar og 19 shilling, og restane av kyrkja vart spreidde rundt i prestegjeldet

 

DEN NYE KYRKJA

Ny lov av 24. september 1851 hadde reglar om kor stor ei kyrkje skulle vera i høve til folketalet i prestegjeldet. Denne lova sette fart i bygging av kyrkjer rundt i landet. Ein annan ting som nok også skunda på reising av ny kyrkje

i vårt prestegjeld, var at Dahl døydde 4. august 1852. Folk hadde stor vørnad for han og dei ville gjerne heidra hans minne ved å få reist ei ny kyrkje slik han gjekk så aktivt inn for.  

Kyrkjesaka vart handsama i kommunestyret 2 gonger i 1851 og vart ein hyppig og aktuell post på kommunestyremøta i åra framover. Det vart ei stor, vanskeleg og kostbar sak. Den gamle kyrkja skulle avhendast, og den nye skulle finansierast, løyve skulle innhentast - det var mange instansar saka måtte igjennom.

Reglane i lov av 24.9.1851 tilsa ei kyrkje på vel 800 sitjeplas­sar for vårt prestegjeld. Sokneprest Meyer hadde i sine utgrei­ingar gjort merksam på dette. Kommunestyret søkte om å få bygge for 700 plassar. Dei søkte vidare om at kommunen “uden udgift for sig må erholde tegninger og overslag udarbeidet ved dette Departements foranstaltning”. Det heiter vidare at både soknep­resten og prosten har “erklært at en kirke som indredes til 700 pladse under enhver omstendighed vil være fuldkommen tilstrek­kelig for den kirkesøgende almue.” Ved kongeleg resolusjon av 22.12.1860 vart det gjeve løyve til å byggja kyrkja med 700 plassar. Kostnaden med teikningar og overslag vart også dekka. Det heiter at “det i medhold av lov av 25. februar 1860 nådigst tillates at en ny kirke beregnet til 700 pladser oppføres i Eivindvig prestegjeld hovedsogn”, og vidare “..departementet ved offentlig regning ved Bygningsinspektøren har ladet udarbeide vedlagde tegninger og overslag til en kirke av den ved resolu­sjonen fastsatte størrelse.”

Kommunestyret hadde på møter i Fonnevik 1. april og 14. juni 1862 godteke teikningane med små endringar. Presten vart pålagd å få fram oversikt over kvar ein kunne få billegast tømmer fram. Trygve og Kåre Lie har fortalt etter bestefar sin, Truls Lie, at for å gjera det så rimeleg som mogleg, vart tømmer frå Masfjorden frakta ved at dei batt tømmeret saman i flåtar, sette segl på flåtane og siglde det hit på den måten. Truls var 6 år då kyrkja vart bygd og han hugsa desse “farkostane” kom nordover Brandangersundet.

Grunnarbeidet skulle gjerast på dugnad med arbeidslag på 6 mann dagleg. “For ikke mødende bliver at udrede 36 s. daglig pr. mand, 2 dager pr. gårdmann og 1 dag pr. plassmand.”

Alf Sæternes seier etter far sin, Anders Sæternes, at det var Lars i Livra som stod for utskytinga av stein til grunnmuren. Lars fortalde at presten ba han om ikkje å skyte så tidleg om morgonane. Presten ynskte ikkje å bli uroa så grytidleg. Men alt neste morgon sette Lars av tre skot med det same han kom på arbeid.

Etter det eg har høyrt, var det Jon Midthun (gnr. 19, bnr. 1) som stod for muringa av grunnmuren under kyrkja.

Kyrkja vart oppførd av byggmeister Ole Syslak frå Lindås som tok på seg arbeidet for 5 560 Spdr.

Nyekyrkja vart bygd på same tomt som gamlekyrkja stod. Det vart ei vakker langkyrkje. Skipet er innvendig 19,9 m langt og 12,6 m breitt. Koret er 5 sider av ein åttekant og er 7,8 x 7,6 m. Kyrkja står i retning aust-vest. Ho vart vigsla 3. sundag i advent, 13. desember 1863. Det var ein stor festdag for folket i distriktet. Sjølv om veret ikkje var det beste vart kyrkja fullsett. Prosten i Ytre Sogn prosti, Tommas Eriksen, stod for innviinga, sokneprest Arnold Meyer forretta og det var fleire representantar for presteskapet til stades. Ein frå ytre delen av prestegjeldet som sjølv var med på vigslingshøgtida har fortalt: “Det var lenge tvil om kyrkja vart ferdig det året. Eg var med på dugnad saman med mange andre, særleg med opprydding. Me sigla heimatt laurdags kvelden. Sundag var det gråver og bles friskt. Men slikt syn skulle ein vel skjeldan sjå: Det krydde av segl inn gjennom leia. I Prestesundet var det båt i båt, utanfrå og innanfrå. Kunne kyrkja verkeleg røma alle? Ja trongt om plassen var det. Eg tykkjest enno høyre brusen av den kraftige salmeson­gen. Det heile var ei stor og ugløymande høgtid.” (O.B. f. 1841, d. 1928).

 

INVENTAR, GÅVER OG OPPUSSING

Gamalt interiør med det gamle orgelet oppe til høgre. Foto: Jørgen L. Midtun.

I 1897 (etter Bjordø si bok) kom det pipeorgel i kyrkja, det same som står der enno. Altartavla er signert C. Brun, årstalet ser ut til å vera 1872. Måleriet framstiller Jesus i Getsemane, omgjeven av engelen med kalken, og sovande apostlar i bakgrunnen. Altar­tavla vart sett opp, i vakkert utført råme, i 1873. Bjordø opplyser at dei to kyrkjeklokkene er overførde frå gamlekyrkja. Den eine klokka er laga i Bergen i 1711 og omstøypt i Stockholm i 1821, den andre er det ingen innskrift på. (Det har vore sagt at klokka utan innskrift er frå 1400-talet, men kan det vera den som vart til av dei to klokkene i gamlekyrkja som vart smelta saman til ei i 1712?).    I ettertid har eg sett eit notat frå eit møte der arkeolog Alf Tore Hommedal, som mellom andre var tilstades, har uttala at klokka som det ikkje er skrive noko på truleg kan vera frå 1300-talet. Ho har gotisk form og grunnforma nede er lik dei klokkene som vart støypte på Sola i det 12. hundreår.

Dei to lysekrunene som heng i kyrkjeskipet, vart i 1912 mottekne som gåve frå kong Håkon VII og dronning Maud (etter “tiggarbrev” frå Johan Klokeid). Lysekruna over galleriet er truleg den som Sr. Michel Normann gav til gamlekyrkja i 1706. Preikestolen og altaroppsatsen er vakkert arbeid av stort verd. Den solide døypefonten si soge har eg nemnt tidlegare. 

I det handskrivne bladet til Eivindvik Ungdomslag, “Fremad”, av 3.12.1899, står det at omnane til kyrkja då var komne på “ekspedisjonen”, men enno ikkje monterte. Dette viser at det ved hundreårsskiftet vart bytt omnar i kyrkja. Det er truleg desse omnane me ser på biletet i 125-årsjubileumet over interiøret i kyrkja ca. 1913. Biletet syner at røykpipene går rett opp inni kyrkja og gjennom taket. På sørsida var omnen plassert langt framme i kyrkja, på nordsida lenger bak. Det viser enno merker på golvet der omnane stod. Skorsteinane vart oppførde under ombygginga til 75-års jubileet i 1938.

Til 75-årsjubileet i 1938 vart kyrkja vølt og oppussa. Innven­dig vart ho ombygd og kledd med finerplater, orgelet vart snudd 90 grader og bygd inn, og galleriet fekk tett frontrekkverk. Ombyggingsarbeidet vart gjort etter utkast frå arkitekt Johan Lindstrøm og målararbeidet etter utkast frå statskonsulent Dominicus Erdmann.

Etter det eg har fått opplyst vart, under oppussinga i 1938, utgangsdøra som tidlegare stod i søre langvegg i kyrkjeskipet, flytt til nordre langvegg. Det vert fortalt at då kyrkja vart bygd (1863) var denne døra på teikninga plassert på nordsida, men på grunn av at “ein mann i Fonnevika” ynskte å sjå kven som gjekk til kyrkje, vart døra likevel sett inn i søre langveggen. Mannen kunne då fylgja med både hovuddør og sidedør.

Meister for trearbeidet i 1938 var Søren K. Lie. Som fast mannskap hadde han med seg Trygve Lie, Konrad Lund, Bernt A. Lid, Kristoffer Lund og Reidar Norstein. I tillegg var det og nokre som arbeidde i kortare tid. Målararbeidet vart utført av målarmeister Ola A. Korsvold,  med Erling Korsvold og Erling Ullebø som hjelparar.

Tårnkjegla vart reparert i 1956 og fekk lagt på kopardekke i staden for dekke av bly.

Ein utflytt guling gav ei pengegåve til glasmåleri i dei to vindauga i koret. Desse målarstykka kom på plass til 100-årshøgtida i 1963. Til dette jubileet vart det også montert lyskastarar til altartavla og altaret. På sørsida av kyrkja vart det bygt til dåpssakristi, noko som vart eit stort gode for dei som bar born til dåpen. Prestesakristiet vart også ordna og oppussa. Vidare vart det utvendig montert lyskastarar som lyser opp fronten og tårnet. Den vakre kyrkja vår tek seg godt ut i flaumlyset, som er gåve frå Gulen Kraftlag.

Til jubileet i 1963 vart det og gjort ein del fornying av utstyret på altaret. Det kom nye lysestakar, ein del nytt altarsølv, døypefatet vart vølt og pussa opp, ny vassmugge vart kjøpt, det vart lagt teppe i koret og inni altarringen og det kom nytt stoff på preikestolen og på altarbordet. Mykje av det nye var gåver frå utflytte gulingar.

Utflytte bygdefolk har gjennom tidene også gjeve mange andre vakre gåver til kyrkja, mellom anna den fine altarduken og blomsterglasa på altaret, vakker biletvevnad til teppe i altar­ringen, trekk til bedeskammel, fire messehaklar (ein kvit, ein grøn, ein fiolett og ein raud), sølv altarkalk, disk og oblat­øskje m.m.

I åra rett før 100-årsjubileet vart det lagt inn elektrisk straum i kyrkja, og orgelet fekk elektrisk motor. Til då hadde den store orgelbelgen vorte driven med handpumpe. På høgtidsdagar med mykje folk i kyrkja, lange salmar og stor styrke på musikken kunne nok “belgetredaren”, oftast ein unggut, sume tider få sveitten ut. Eg har sjølv prøvt det.

Det vart også i desse åra sett opp høgtalaranlegg i kyrkja og lagt fram vatn til kyrkje og gravstad. I 1982 vart høgtalaranlegget bytt ut med eit nytt, kjøpt for innsamla midlar. Same året vart det skifta kledning på vestveggen og inngangspartiet og sett inn ny hovuddør. Året før, 1981, var det ein større reparasjon på tårnet. Ein god del av tømmeret vart skifta, ytterveggen i øvre delen av tårnet vart fornya, og det vart lagt nytt skifertak. Det gamle spiret, laga av smijern, var sundrusta. Nytt spir av messing vart laga i same form og sett opp. Kula er frå det gamle spiret. Det nye spiret, som er laga av Bernt Stendal, dugnadsarbeid, fekk stor ros av fagfolk.

Tilbygget til dåpssakristiet og dei store reparasjonane i 1955, 1963, 1981 og 1982 vart utførde av tømrarane Magnus Kvamsdal, Mons Haveland, Einar Hope, Leif Nyhammer, Olav Brosvik og Henrik E. Haveland.

I 1986 vart det kjøpt inn lampettar til kyrkja. Same året vart det bygt rullestolinngang på nordsida. Ved hovudinngangen vart det sett opp handred.

 

BÅREHUS

Bårehus ved kyrkja var lenge eit stort sakn. I 1979 vart planane realiserte og me fekk eit godt og tidhøveleg bårehus oppført attmed kyrkjegardsmuren nord for kyrkja. Huset går fint inn i terrenget. Det har torvtak og veggen mot kyrkjegardsporten er gråsteinsmur. Huset inneheld bårerom, rullestortoalett og eit pause- og kontorrom. Huset er teikna av kommuneingeniør Trygve Asbjørn Wergeland og oppført av firma Anton Olsen A/S, Bergen. Ein del av kostnadane vart greidd med innsamla midlar.

For å få plass til bårehuset slik det står, måtte minnestøtta over dei falne i 2. verdskrigen, flyttast ca. 20 m mot nordvest. Denne støtta var reist i 1947 og vart avduka under stort folkeframmøte 3. august av major Skåtun. Marinesoldatar stod æresvakt. Det var 75-årsdagen til kong Håkon VII, ein fin og svært varm sundag. Kongejubileet vart markert i kyrkja under gudstenesta før avdukinga. Då var det ofring til minnesteinen og det kom inn 700 kroner.

I 1985 kom den fyrste kvinnelege soknepresten i Bjørgvin bispe­døme, Signe Sandberg, i teneste her i prestegjeldet. 1. påskedag hadde ho, i Gulen kyrkje, si fyrste gudsteneste i embetet.

 
SAMLINGS- OG KULTURSTAD

I generasjonar har folket i distriktet hatt kyrkja som samlings­stad. Hit har dei kome i sorg og i gleda, her er mange minner gøymde. I den tida dei rodde og siglde til gudstenestene, vart det gjerne kapping mellom dei einskilde båtlaga om kven som kom fyrst fram til kyrkja. Det siste stykket fekk dei ekstra kraft av den malmfulle klangen frå kyrkjeklokkene. Folk hadde kledebyte med seg, dei kledde seg om til sin finaste stas før dei gjekk inn til gudstenesta. I tillegg til gudstenesta vart det på preikesun­dagane også føreteke lysingar og andre offentleggjeringar. Kunngjeringane på kyrkjebakken var i eldre tider mest like viktige for folk som avisene er for oss i dag.

Kyrkjefolket samla seg på Borggarden etter gudstenestene. Dei hadde rikeleg med niste med seg, gav seg god tid, åt, snakka med kjende og frette nytt. Det kunne li langt på dag før dei tok på heimveg. Det er fortalt at unggutar fekk “eksersisøvelser” på Borggarden etter gudstenestene.

 Borggarden er området der "Herresalen" og "Borgstova" står. Borggard er eit område under open himmel mellom hus eller murar i ei borg. Det har ikkje lukkast å koma i kontakt med folk no som har høyrt noko om at her har stått ei borg, men fleire av oss eldre hugsar restane av ein mur i området ved "Borgstova" og det er fleire som seier dei har høyrt at det skal ha funnest restar etter hustufter i området.  Kanskje ei borg i rett gamal tid har gjeve namn til området ? Og var det her tenarane på prestegarden budde ?

Me veit at prestane dreiv mange former for samfunnsbyggjande arbeid. Til dømes dreiv Dahl, mellom mykje anna, undervisning for lærarane, han ordna med vaksinasjonar og andre lækjartenester. Det er nokså sannsynleg at prestane nytta tida etter gudstenes­tene, med mykje folk samla, til ein del av dette arbeidet. Vidare veit eg at bankkasseraren, og nok også andre tenestemenn, fekk oppdrag som han måtte ordne ved kyrkja. “Ta med til fyrste preikesundag...” byrja gjerne oppdraget frå kunden.

Instruksen for kyrkjetenaren, vedteken av kommunestyret 19.11.­1900, syner at tilhøva var litt onnorleis den gongen enn no, der heiter det mellom anna: “Kirken vaskes 3 ganger årlig og feies hveranden lørdag.” “...besørge Borgstuen vasket 12 gange årlig og feiet hver lørdag”. Løna var kr. 100,- pr. år, utbetalt kvartals­vis, “samt ret til at slå kirkegården.”

At gulingane er glade i kyrkja si er alle gåvene og all gratis innsatsen ved arbeid og innsamlingar, eit godt prov på. Me er også stolte over kyrkja vår - ho er vakker og solid, fint ligg ho til. Kunne ho tala hadde ho nok mykje å fortelja om prestar, klokkarar, kyrkjetenarar, organistar, ålmugen, vakker song, mektig musikk og eit rikt pulserande liv gjennom mange slektledd. Måtte kyrkja vår verta hegna om og vel stelt med, og også framover vera ein samlingsstad - eit kultursenter - for folket. 

         

125 ÅR

Kyrkjejubileum i gamal stil ved Prestekaia.

125-årsjubileet for kyrkja vart høgtida 4. september 1988. Sjølv om veret var dårleg den sundagen, vart den storstilte feiringa, som kyrkjehelg på gamal vis, gjennomførd på ein fin måte. Mange var i kostymer frå “gamle dagar” og kom seglande og gåande lange vegar til kyrkje, ja, nokre kom også i gamaldags hestekarjol. Der var krunebrur og sogespel med splintefylgje. “Sokneprest” og “lensmann”, med fruer, alle i gamaldags mundur, høyrde også med.

Under jubileumsgudstenesta medverka prost Geir Sørebø, sokneprest Signe Sandberg og tidlegare sokneprest i Gulen, Olav Rossabø. Utflytt Guling, stortingsmann Håkon Randal, heldt festtale. Per Indrehus frå Voss hadde komponert og arrangert eit musikkverk med religiøse tonar som vart uroppført av eit blanda kor av songarar frå Brekke mannskor, Dalsøyra songkor, Gulen kyrkjesonggruppe og eit barnekor frå Dalsøyra skule. Solistar var Berit Opheim, sopran, Olav Dale, saksofon og fløyte, Einar Mjølsnes, harding­fele og Per Indrehus, synthesizer, dirigent var Ludvik Kjellevold. Ei mektig framføring som det vart gjort opptak av for seinare utgjeving på kassett.

I alt var det truleg 1200 menneske tilstades. Det er sagt at det var omlag 1000 personar inne i kyrkja under gudstenesta. På tross av det dårlege veret vart dette ei minnerik kyrkjehelg - eit storstilt og fint jubileum.

 

NYTT ORGEL

Det nye orgelet bakarst i kyrkja. Foto: Henrik Tveit.

Sundag den 21. januar 1996 vart nytt pipeorgel vigsla av prost Geir Sørebø under gudstenesta i kyrkja. Bjørn Magne Hansen var tekstlesar og sokneprest Berit Bjørnerud heldt preika. Kyrkja var mest fullsett, og det var stor glede over at me no endeleg hadde fått nytt orgel etter mange år med saksgang og innsamling.

Etter gudstenesta var det festsamkome på Eivindvik Hotell med høgtideleg overlevering av orgenykkjelen frå orgelbyggjaren, Brødrene Torkildsen, Åsen i Nord-Trøndelag, v/Per Øyvind Torkildsen, til kommunen v/ordførar Ola Byrknes, og vidare til soknerådet v/leiar Helga Westervik.

Ordføraren overrekte eit våpenskjold til Torkildsen og takka for godt utført arbeid. Ein annan som fekk stor takk og god omtale for arbeidet var Jann-Magnar Fiskvik som stod for det gode klangresultatet.

Middagen vart avslutta med kaffi og “orgelkake”. Kaka, som var laga av Ingrid H.Haveland og Eldbjørg Rutledal, var fint forma som ein kopi av orgelet og smakte framifrå.

Etter middagen fekk me den fyrste konserten på det nye orgelet ved konsulent Stein Johannes Kolnes. “Det var klangfullt og fint, og viser til fulle at Gulen kyrkje har fått eit instrument til glede og inspirasjon for oss og komande slekter.” (Sitert frå Gulen kyrkjelydsblad nr. 1 for 1996.)

Orgelet har 18 stemmer og 1086 piper. Det har kosta kr 1.789.367,- inklusive mva. Innsamla midlar, pluss renter av midlane, som har stått på konto i lokalbanken, utgjer kr 1.310.000,-, resten har kommunen ytt.

 

Interiøret i kyrkja sett mot det nye orgelet. Magnor Midtun t.v. som guidar slektning og naturvernar Magne Midttun.