LIVET I BYGDA

 

SOSIALT SAMKVEM

Ungdomslaget Vårbrud, forløparen til Eivindvik Ungdomslag, skipa i 1898. Bilete av dei første medlemmane, truleg teke i 1899 utanfor Herresalen til N.G.A. Dahl. Foto: Ukjent

Livet i det daglege har vel i Eivindvik vore som i andre bygder på våre kantar. Folk streva med sitt arbeid, men dei tok seg også fri, kobla av med festlege samkomer, gjekk i selskap til kvarandre og hadde nok mykje sjølvlaga moro og mange hyggelege stunder rundt omkring i heimane. Då laga og organisasjonane kom, vart større samkomer, som møter og festar, arrangerte gjennom desse.  Ved å lese lagsbladet for ungdomslaget får ein eit godt bilete av korleis folk hadde det. Frå fyrst av heitte bladet “Fremad”, seinare vart namnet “Opp og Fram”, det same som teksten på laget si fane.

Folk klaga over dårleg ver med mykje regn, over turke og kulde, då som no. I bladet for 29.12.1927 heiter det såleis m.a. i “Bygdenytt”: “Skal turken og frosten halda ved, så kan me her i bygdi snart koma til å ljota henta vatn frå Dingja i staden for elektrisitet”. I Dingja hadde dei då alt hatt elektrisk kraft i over 10 år. Dingeelva vart utbygd i 1911 til 1917 av Johannes Steine som brukte krafta til tunnefabrikken sin.

Eit år var det så lite snø at dei ikkje fekk gå på skitur i Midtundalen, men turen vart redda då det kom snø til påske. 1928 vart eit rekord år, med omsyn til veret fordi det var uvanleg stor nedbør, særleg i sommarmånadane, og ikkje minst på grunn av at det var 8 brudepar i bygda det året, “dei fleste gifte seg for fyrste gong, men ein sette ein skjeldan rekord ved å gifta seg fjorde gongen”. Dette står i avisa for 26.12.1928. Den gongen var det sjeldan med skilsmål, så dette måtte vera ein som hadde vorte enkemann 3 gonger alt.

Motsetninga til 1928 måtte vera 1904. 8.1.1905 melder avisa i eit tilbakeblikk på året som gjekk, at det hende lite i Midtunvågen, ingen trulovingar, og då ingen brudlaup, så presten og klokkaren vil snart gløyme “Hvordan en brudevielse skal udføres”. Forfat­taren av stykket meinar at jentene i eit tidlegare skotår var “altfor rolige af sig”, og det ville dei nok koma til å angre, for “Snart skal alle brave gutter ud og slaas med Svensken, og da bliver her bare enkemænder igjen, og dem er faa.”

I tida frå starten og framover inn i fyrste delen av vårt århundre ber innhaldet av bladet tydeleg prev av at folk var påverka av “øvrigheita”. Den nedarva respekta, særleg for presten, låg nok igjen. Mykje av stoffet var det ein må kalle opplysande med mange lærerike, og svært gode stykke, men det finst også mange døme på god folkehumor. Eit eksempel frå utgåva 17.12.1899: “Mormonen og bonden.”

Er du døpt?  Ja. Husker du det? Nei. Da er du ikke døpt.

Kan jeg også gjøre et par spørgsmål? Versaagod.

Er du født? Ja. Husker du det?  Nei. Da er du ikke født, du må være et spøgelse, ud med dig!

21.1.1900:”Man fornærmer kvinderne ved at se for meget paa dem, man saarer dem ved ikke at se nok paa dem”.

I same nummer er det fyrste gong eg ser landsmål brukt i ei historie: Ein gut, innkalla til skrivaren, vart beden om å setja seg, men på tross av skrivaren sine fleire oppfordringar vart han ståande, p.g.a. at der ikkje var fleire stolar enn til skrivaren og skrivekaren. Då skrivaren skreik “Sit ned, siger jeg!” sa guten :”Nei det er her som i fjøset heime hjaa han far.” “Hvordan er det der da?”  “Jau, der er`kje fleire baasar enn det er naut.”

På lagsmøta var det ofte opplesingar, og ordskifte om eit tema, etter innleiing av ein som hadde kjennskap til emnet. Dette at dei var med på å underhalde, og kanskje særleg ordskifta, hjelpte folk til å frigjera seg slik at dei kunne ta mot til seg å stå fram å ta ordet når det trongst.

Det vart brukt mykje song, i kyrkja, i ungdomslaget, og elles i bygda, noko som fremja trivselen og skapte god kultur. Dei mange gode stykka og fine heimelaga dikta som kom fram i bladet synte at det gjennom åra har vore mange gode talent i bygda. I det heile viste lags- og foreiningsarbeidet at det på bygdene fanst mange gode, unemnde, kulturskaparar.

I ungdomslaget var skogplanting alt tidleg ei viktig sak. I protokollen frå ei synsforretning på prestegarden, 15.8.1908, er nemnt at ca. 70 mål av garden si utmark er “indhegnet og beplan­tet med forskillige sorter trær” og at det er “Midtunvågens ungdomslag” som “for den største del har utført plantningsar­beidet”.  (Laget heitte “Vårbrudd”, så dette er feilskrive i protokollen). Også på Midtun engasjerte dei seg tidleg i skog­planting  og i “Fremad” for 30.12.1911, har eg funne eit dikt om “Midttunskogen”. Det er underskrive med H.V. (Hans Vatne? Han var ein god del i Midtunvågen, og eg veit at han skreiv fleire dikt), og lyder slik:

“Gaardene Midttun ligger dyrket og slette

bøndene der kan æte sig mætte

og gaa til sit arbeid saa glad og tryg.

Mot syd er der intet som stænger for solen

om nordvinden kommer med kulde fra polen,

saa har de barskogen bakom sin rygg.

Fra furu og grantopper fuglene syng!

det er andet end lyng.

 

En vandrer som kommer frem over stien

der fører ned gjennem Midttunlien,

jeg raader dig til: der er viktige ting!

Skulde du dig i skogen forvilde

du kommer til kundskab saa sørgelig silde

at bedre det var at gå skogen omkring.

Smaafuglen fær der inde og smett

i skog som staar tet.

 

Naar du kommer ind over Midttun-veien

og solen lyser over heile greien

hvad er saa det vakreste du faar at se,

er det huser og bøen med myrer veita,

poteten hans Joans som ikke er reita?

Nei er det ikke lien utsat i træ,

den frodigste skog i hele vor grend

saa vidt jeg er kjend.

 

Ja der kan vise hvad folk kan gjøre

naar de møtest med alvor og sig sammen raadføre

og viser i gjerning det er noget de vil.

Og vi som vort hjemland med skog vil beklæde

vi vet, ja vi ser at Vorherre med glæde

saa rikelig gir sin velsignelse til.

Den bonde som ikke har skogsaken kjær -

ugudelig er. “

Dei fyrste åra av dette hundreåret var spente tider i landet vårt,  det er i lagsbladet nemnt om eventuell krig med svenskane, og statsstyringa vert kritisert. Her er litt frå eit dikt frå 29.1.1905:

At statsmænders bryst dekoreres saa flodt

af ordener ganske de kjøves

fordi de har styret os landet saa godt

det tror jeg ikke behøves.”

 

8. januar 1905 står eit dikt om tankar ved årsskiftet og siste verset lyder slik:

 

“Fremad da med de tanker

begynd det nye aar,

set ham som ror og anker

som altid sikkert staar,

set op kompassen riktig

tænk på det sjønne navn

da skal vi veien finde

til livets stille havn.”

 

Om kvinnene og stemmeretten har det også vore innlegg, som t.d. dette verset frå 4.12.1904 minner om:

“Tenk da vel for en regjæring

om til sjef vi fik en kjæring

som sku styre folk og stat.

Ja man saa sit land forfremmet

om hun var forblidt i hjemmet

til at stelle hus og mat.”

Dette hadde vel neppe vorte skrive so, slik tilhøva er no, med ein statsminister som heiter Gro, og som faktisk er ganske god.

Eg har lyst til å ta med eit par ordtøke som står 10.4.1910:

“Livet er ikkje bestemt aa vera ei plage for mange, og ein fest for sume, men for alle eit arbeid, som einkvar må syne rekneskap for.”

“Det er lei kost aa eta sine eigne ord.”

“Skulde ei kvar usanning støyte ei tann ut, so vart det mange tannlause.”

Og så nokre glimt frå eit referat av sokneprest Ottesen sin tale til framhaldskuleelevane, “og nokre gjestar” på ein fest 25.2.1911:

“Menneski er ikkje ferdige nokon sinne i livet dei skal utvikla seg i alle tider.”

“Kultur er det same som dyrking, helst jorddyrking. Gaardsbruket er det beste kulturarbeid som fins i verda.”

“..alt ærlegt og samvetsfullt arbeid etter Guds vilje er fint og kulturberande.”

Som ei “underavdeling” av ungdomslaget arbeidde “Eige hus”- foreininga. Her kom jentene saman, og med strikking, broderi, sying og anna, laga dei masser av fine ting som dei lodda ut på basarar til inntekt for å skaffa laget eige samlingshus. Dei gjorde eit stort arbeid her.

 

ANDRE FOREININGAR OG LAG

Prestegardsforeininga i 1920-åra. Foto: Ukjent.

På biletet ser me: Fremste rekke frå venstre: Wilhelmine Hanssen, Sygni Tveit, Solveig Midthun, Olina Hauge, Gjertrud Underthun og Elisa Takle. 2. rekke: Kristine Henriksbø, Gjertrud Sandal, Marta Myren (i Urda), Margrete Midthun, sokneprest Olaf Ottesen, Anna Undertun, Orlaug Korsvold og Andrine Henriksbø. 3. rekke: Janna J.Sætre (Fagerbakken), Marie Henriksbø, Julia Fosse, Jørna Midthun, Serine Johannesdotter (Storesørina), Anna Hjellestad, Tilla Fosse, Ølla Navdal og Hansine Ellingsen. Bakre rekke: Anna Norstein, Marie Skauge, Guri Færevik, Anna Undal og Ragna Tveit (klokkarkona).                                  

Det var også andre foreiningar i bygda, t.d. misjonsforeiningane som Sjømannsmisjonen og Det Norske Misjonsselskap. Seinare kom sanitetsforeininga og redningsskøytene sin støtteforeining.

Den viktigaste misjonsforeininga var nok Det Norske Misjonssel­skap sin foreining, som vart kalla “Prestegardsforeininga” av di møta vart haldne i prestegarden, og det var prestekonene som styrde med foreininga. Her samlast dei fleste av kvinnene i bygda til jamlege møter. Det finst eit bilete frå eit slikt forein­ingsmøte der 28 personar er tilstades, og det har lukkast å finna namna på alle som er med på biletet. Biletet er truleg teke omlag midt i 20-åra. Sokneprest Ottesen er med og han reiste herfrå i 1927. Denne foreininga har vore i live heilt til nyleg.

Songkor fekk bygda vår tidleg. I ein songarfest på Undertun fekk Otto L. Midthun gåve og mykje skryt for sitt arbeid med song og songleiing i bygda. Han starta med borna, men etter kvart kom også dei vaksne med, fyrst kvinnene. Seinare vart det mykje lærarane som tok seg av arbeidet med songkoret. 21.1.1900 er det i lagsbladet til ungdomslaget ei oppmoding om innmelding i “sangforeningen”, og i bladet for 28.10. same året står det at songinteressa er blitt stor, også gutane er komne med. Koret har gjeve mykje god underhaldning og vore til mykje glede, både for publikum og for songarane sjølve, fram gjennom åra.

I bygda var også “Skjotarlaget Gula”, “Idrettslaget Gula” og “Avholdslaget Gula”. I”Fremad” for 29.1.1905 er lufta tanken om at “Vaarbrudd”, “Skjotarlage Gula” og “Idrettslage Gula” skulle byggja eige hus. Skyttarlaget vart skipa alt i 1878 og har fostra mange gode skyttarar som har gjort laget kjent og skaffa fine vandrepokalar inn til bygda. Laget har arbeidt opp ei god skytebane og har fått svært godt ry som dugande stemnearrangør. Skyting er den idretten som har samla mest interesse her inntil fotballsporten no er blitt så populær. Dei fleste menn i bygda var medlemar av skyttarlaget, ein del jenter var også med, og der rådde ei svært god lagsånd og godt samhald. Der var mange hyggelege stunder på skytebana, både under arbeid og på tevlingane.    

”Idrettslaget Gula” er blitt til Eivindvik Idrettslag.

Om “Avholdslaget Gula” står i “Fremad” av 21.1.1906 referat frå ein svært vellukka fest som laget hadde ved innviing av fana si 14. januar 1906. Lokalet var veldig fint pynta, der var mykje god underhaldning. Det var lærar Hanssen (far til tidlegare nemnde Kristian Hanssen) og fru Nilsen som hadde ordna til festen (med mange hjelparar). Pynting av lokalet og “kokingi og bordreidingi” stod fru Ottesen for med hjelp frå fru Hanssen, Rikka Risnes og Brita Ødegård. Hanssen opna samkoma, heldt avdukingstalen og las dikt. Fru Nilsen heldt også tale “um samfundskjensla” og “fru Ottsen og dotteri” spela piano, m.a. spela fru Ottesen “marsjen til Håkon VII”. Ho hadde også opplesing og “hr. J. Henriksbø sa fram eit gildt digt um avhaldssaki. Han er reint ein meister til sovore”. Jakob Pedersen Haukøy avslutta med bøn. Vikarpresten, Arstein, heldt også tale “paa sitt heimemål og det lett og fritt.” “Gjev han ville tala so i kyrkja og”.

J. Henriksbø er han som me kalla Jo i Brekka. Han var svært flink til å deklamere dikt og mykje brukt til det.  M.a. fekk han mykje skryt av sine framføringar av “Terje Vigen”. Jakob Pedersen Haukøy budde på Haukøya og reiste mykje som emisær. Om fana til fråhaldslaget står det: “Sverande fin var ho og.”

“Paa ljosblaa duk som rakk fraa taket og i golvet var avhaldsmer­kje maala. Uppyver merkje stod: Gula avhaldslag og innunder var tvo eikegreinor med næter paa, samanbundne med eit raudt band. Greinorne strakte seg uppetter sidarne av merkjet og nedunder dei stod lagets fyremaal:”Alles vel” “.

Eg har teke med så mykje frå denne festen fordi det er så lite eg har funne om dette fråhaldslaget. Det er også verdt å merke seg at dette referatet er på det dei då kalla landsmål. Det viser seg at nynorsken no etter kvart tek meir og meir om seg i lagsbladet, og då også i skriftlege framstillinga i bygda elles må ein tru.

“Avholdslaget Gula” må ha “gått inn”. I bladet “Sogn” for 25.10.1935 finn me referat frå skipingsmøte for losje “Tingfred” i Eivindvik og i referatet er ikkje nemnt noko om “Avholdslaget Gula”.  Skipingsmøtet vart halde sundag 20.10.1935 i “det gilde ungdomshuset (som dei tilreisande gav sterke lovord)”. “Bygde­folket i Eivindvik var flinke til å møta fram, det vanta korkje prost eller lensmann i laget, og klokkaren var organist, møte­salen var heilt fullsett.”

“Storesalen lyste i godtemplarbunad, sterke og fine fargar, tykte dei som såg han for fyrste gong. Alt var so vel fyrebutt.” Der var også mange tilreisande, frå Bergen og frå nabobygdene.

“18 nye losjesyskin vart vigsla. Vigslehøgtidi (i 3 bolkar), var ugløymande ven.”

Namnet “Tingfred” tykte alle var eit fagert namn som minna om den gamle tingstaden i Gulen.

“Desse vart umbodsmenn: L.F. (tilråding) Johs. Norstein, Ø.T. Erling Wevling, V.T. Trygve Lund, S. Agnes Langenes, F.S. Kristine Bøe, Sktm. Lydia Hansen, M. Lydia Wevling, F.B. Anna Norstein, Stl. Alida Larsen, F.Ø.T. O. Vevling, K. Elida Grøne­vik, D.V. Odd Korsvold, V. Kåre Henriksbø, V.M. Brynhild Underthun, V.S. Hildur Midtun.”

“Dei nye umbodsmenn vart vigsla, dei tok plassane sine, og me skal helsa dei var flinke.”

Det vart bore fram “ei mengd med helsingar og gode ynskje for den nye losjen”.

“Tru og eldhug bar dei gode ordi som vart sagde, ei ugløymande høgtidsstund for kvar og ein”.

“På heimferda sa fleire losjefolk at dei aldri hadde upplevt maken til skipningsmøte”.Denne losjen var i verksemd også etter krigen 1940-45, men det er no lenge sidan han har vore aktiv.

Sundagsskulesamling i Eivindvik. Dette er truleg frå avskjedsdagen med leiaren, Solveig Midthun, som i 1927 reiste frå bygda. Foto: Ukjent.

 Søndagsskulen var ein fast institusjon i bygda fram til for ca. 20-30 år sidan og dei aller fleste borna var nok med der.  Eg har funne eit gamalt bilete frå ei søndagsskule-samling i 1920-åra.

Eg vonar at nokon vil ta for seg å granska på dei ymse lag og organisasjonar som har vore i bygda. Både ungdomslaget, skyttarlaget og idrettslaget, som alle er aktive, vil nok feire sine runde jubileum og vonleg då også med jubileumsskrift. I alle laga er det lagt ned store dugnadsarbeid, idrettsplassen er vel kanskje det største dugnadsprosjektet i bygda, i alle fall i nyare tid.

Som fyrste skulemusikk i Gulen vart Eivindvik Skulemusikk starta i 1973. Skulemusikken har vore, og er, til stor hygge for bygdefolket ved mange høve, ikkje minst kvar 17. mai. I dei relativt få åra korpset har vore i aktivitet har det gjeve bygda mykje god kultur og skapt musikkinteresse og glede både hos dei aktive jentene og gutane og for oss som har høyrt på, og marsjert etter, musikken.

I 1969 kom “Eivindvik Vel” som arbeidar for bygda sitt beste på ymse vis. Mellom anna stod dei for skipinga av “Eivindvik båtlag” som frå fyrst av var ei underavdeling av “Eivindvik Vel”. Båtlaget vart skipa i 1981 då fyrste steg av båthamna vart utbygt, også eit stort dugnadsarbeid.  “Eivindvik Vel” ordna også med oppset­jing av veglysa i bygda.

Organisasjonane og laga gjorde bygda livlegare og miljøet rikare og trivelegare. Dei vart ein avveksling for folk i det daglege slitet og dei skapte meir samkvem også med dei omkringliggande grendene. I “Fremad” står om at det vart halde “ungdomsstemner for Gulen”. Sommaren 1906 skulle stemna haldast i Eivindvik.

 

BÅTAR, FLY OG BYGNINGAR

Skyssbåten Lillegutt. Foto: Utlånt frå Bjarne Dåe.

I frå den 6.4.1908 finn me eit stykke om ein hyggeleg tur til fest i fråhaldslaget “Elisabetminde” i Sygnefest. Stemnefolket hadde også vore oppe på Vatne og det var mykje godlæte over program og oppdekning. Turen gjekk med doktorbåten “Lillegutt”. Eg har høyrt at dette var den fyrste skyssbåten i Sogn og Fjordane som var driven med maskin. Det var dampmaskin i båten og det er sagt at skyssmannen, Hans Hermansen (i Prestneset), måtte opp svært tidleg for å fyre og få “dampen opp” når lækjaren skulle på tur. Seinare var Jon Henriksbø (i Brekka) førar av denne båten. Han var, etter det eg har høyrt, også mellom skysskarane for både prest og lækjar i tida før maskiner kom, då dei rodde, og siglde,  på dei lange reisene. Det var nok mange slitsame turar i alle slags ver.

Eg har prøvt å få litt nærare greie på denne doktorbåten “Lillegutt”.  Alf Sæternes og Lars Nygård meinar at dr. Nilsen hadde to båtar med namnet “Lillegutt”, den fyrste hadde damp­maskin.

Lars Nygård seier at dampbåten hadde skorstein omlag midt på, hadde nokså “spissforma” frampart, og var truleg mellom 30 og 35 fot lang. Den andre “Lillegutt” meinar Nygård var klinkbygd og hadde omlag same storleik som “steameren”. I denne nye båten var fyrst ein “Gidion”-motor, seinare utskifta med “Rapp”, og båten gjorde god fart. I fyrstninga var det ikkje styrehus på “Lillegutt”.  Sæternes seiar at då Nilsen slutta som lækjar og flytte her frå (det var i 1925), vart båten seld til Masfjorden. Siste gong båten var i Eivindvik meinar Sæternes var i slutten av juni 1935, då vart han nytta som gravferdsbåt i jordeferda til Eirik Sæternes. (Det var slektningar av Eirik som eigde båten).

Med opplysningar frå ein gamal mann på Takle, Mons Takle, seier Bjarne Dåe (skulesjefen) at båten tidlegare gjekk i eit slags fraktefart på Sognefjorden og at det, etter opplysningar både frå Mons og andre, var berre ein “Lillegutt”. Dampmaskina vart etter kvart bytt ut med motor, men båten var den same gamle. Dåe opplyser også at den fyrate eigar av “Lillegutt” i Masfjorden var Arne Brugger, at Hans G. Daae (bror til Bjarne) kjøpte båten i 1951 og at “Lillegutt” seinare sokk i Nordåsvatnet.

I synsforretning 15.8.1908 skriv prestegardstilsynet at dei ikkje har noko imot at det vert sett opp ein slipp “for bundskrabning av motorbåte på strækningen mellem badehuset og nøstet”, men dei går i mot “at det på strækningen mellem kommunens eiendom og den gamle badehustomt bortbygsles nøsttomter, da denne strandstræk­ning anses nødvendig som landingsplass for den kirkebesøkende almue”. Årsaka til denne protokollen var nok at dr. Nilsen hadde søkt om å få ein slik slipp til båten sin, og i protokollen for 2.9.1912 går det fram at Nilsen, med departementet sitt samtykke, hadde sett opp slik slipp. Tilsynet skriv: “..og vil der blive betinget ret for sognepresten til gratis at benytte denne slip til bundskrabning av sin motorbåt.” Eg har ikkje sett noko om at sokneprest Ottesen hadde motorbåt. Det må kanskje her ha vore tenkt på eventuell framtidig motorbåt for soknepresten.

Det gamle badehuset stod truleg der som Eivindvik Slipp og Mek. verkstad ligg no. Prestenaustet stod ved støa vest for Astrid Haveland sitt naust.

Også lensmann Bredvik skaffa seg båt, det var, etter bygdeboka, den fyrste motorbåten i Gulen. Han kom i 1905 og heitte “Veslemøy”.

Sigurd Trædal som var distriktslækjar her frå 1925 til 1939, kjøpte eit lite fly som han brukte til sine tenestereiser i kommunen. Det var sjeldan å sjå fly her den gongen, og det vert fortalt at når han kom i flyet, sprang folk ut for å sjå på “vidunderet”. Dei gløymde at dei var sjuke, og vart friske.

I tidlegare tider stod det på prestegarden mange bygningar som no er borte. Om dette finn me ein del i bygdeboka som m.a. viser til nokre dokument som vart lagde fram 26.10.1698 og som syner at der då var i alt 15 bygningar, pluss “it gammelt forfalden, Smalehuus, ganske udueligt og til nedfalds.”

Borgstova vert rekna for den eldste bygningen som no står i området, det ser ut for at ho var ein del av ein gamal preste­bustad som stod der. Då prestebustaden som vart oppførd i 1902 vart bygd, vart det ved underskrivinga av byggekontrakten, mellom sokneprest Ottesen og byggmeister Korsvold (i Fonna), datert 28.2.1902, også inngått kontrakt mellom dei same, om flytting og endring av  “det gamle presthus (ikke Hovedbygningen) og dets Innredning til Borgstue og Ildhus på Gulen Prestegaard.”

Som tidlegare skrive er det nemnt om reingjering av borgstova  i instruks for kyrkjetenaren av 19.11.1900. Det må såleis ha stått borgstove på Borggarden før den som kom ved ombygginga av det gamle presthuset i 1902.

Borgstova vart nytta til mange ting, m.a. veit eg at idrettslaget si turngruppe ei tid hadde øvingar der. No gjer ho teneste som reiskapshus for kommunen. Den gamle jordkjellaren, under hamarslaget nord for kyrkja, var tidlegare lagringsplass for rotvokstrar på prestegarden.

Innan bygda vart det også skipa til fellesturar, mellom anna såg det ut for at at dei mange turane, både sommar og vinter, til sela i Midtundalen var svært populære. Ein gong, dette må vera på ein meir tilfeldig tur, hadde turdeltakarane gløymt å ta med seg fyrstikker. Fyr i omnen måtte dei ha, og så kom ein på at dei skulle skyta fyr med hagle. Dei prøvde med det, men oppnådde ikkje anna enn å grise til med sot og krutrøyk. Etter to freist­nader ga dei seg. Det står i “Fremad” om dette. Eg har også høyrt folkesnakk om det.

Folk såg fram til å koma i lag på møta og festane, og til turane. Etter hardt arbeid heile yrka var det fint å koma saman til hyggeleg samvær i helgane. Det at folk deltok aktivt i lags­arbeid, og i dei ymse former for samyrketiltak som etter kvart kom til, gjorde at dei også fekk meir glød og interesse for arbeidet med gardsdrifta. Det vart meir liv og trivnad. Om sommaren var det gjerne ein stogg i lagsarbeidet. Det var så mykje å ta seg til ute i den lyse og varme tida, og folk hadde det så travelt med slått og anna innhausting, at det vart ikkje så mykje tid til overs til lagsarbeid.

 

ARBEIDSLIVET

Om våren var det sauelemming og våronn med jordbryting, pløying, harving, gjødsling, såing, potetsetjing og alt som skulle til for å skaffa god grøde til hausten. Om våren skulle og garden ryddast, det vil seia at alt slåttelandet vart gått over med rive, og stein og anna rusk og rask raka saman og bore bort.

Når varmen hadde kome ordentleg i lufta vart sauene klypte og slepte i marka på beite. Den dagen kyrne vart “løyste”, det vil seia kom ut or floren, var det eit svare liv, kåte som dei alltid var etter heile vinteren inne på båsen. Ei buring og ei buldring, renning og stanging så det var eit syn. Jakob Sande har skrive eit godt dikt, “Når bølingen slepp ut”, som skildrar dette på ein framifrå måte.

Ei tid framover vart dyra sett inn att kvar kveld, men då dei hadde vant seg til “utelivet” vart dei “lagt ute”. Den kvelden kyrne skulle leggjast ute vart det “daura” (brent bål som laga røyk), og det såg ut som om dyra då skjøna at no skulle dei ikkje inn att meir før til hausten. Det å gå i marka og mjølka kyrne var ein tung jobb heile sommaren i gjennom. Det var ofte kvinnene som “gjekk til kyrne”, attåt at dei hadde husstel­let, med borna og det heile, og også hjelpte til med utearbeidet heime.

 
STØLAR
Midtundalen: Ragnhild Midtun framfor selet på gnr. 20, bnr. 1. Foto: Ukjent.

I eldre tider var det støl i Midtundalen, og enno tidlegare skal det også ha vore støl på Arefjellet, der viste før seltuftene. Så langt eg hugsar tilbake var det ingen som “støla” her i Eivind­vik. På Midtun og i prestegarden nytta dei sela på den måten at dei, etter å ha mjølka om kvelden, overnatta i selet, og så bar dei all mjølka med seg heim etter mjølkinga om morgonen. Seinare vart det til at dei gjekk begge vegar, fram og heim att, både morgon og kveld. Då måtte dei tidleg opp om morgonen, dei gjekk i 4-5-tida. Mjølka bar dei på ryggen i bytne (holk) av blekk. Det kunne vera temmeleg tung bør og når mjølkemengda var på det største, vart ofte einkvan sende til møtings med “kyrefolket” for å avlaste ved å overta børa.

Konene som gjekk til kyrne hadde strikketøy med seg, og på vegen, under den tunge mjølkebøra, vart mange fine, varme og gode vottar og labbar til, samstundes med at “Treskoposten” også “gjekk” livleg. Ei tid på sommaren var kyrne på fjellet. Det saftige fjellgraset gav fint, lett gulfarga og ekstra godt smør.

Om våren, før kyrne vart slepte ut, var det felles innsats med å setja merkegardane, også på fjellet, i stand. Bruka på kvar gard hadde ansvaret i lag for vedlikehaldet av garden.

Utanom ved Svartevatnet, der selet no står, har eg høyrt at prestegarden tidlegare hadde støl ved “Sela” nord for Svetjønna, i Navdalsbotn og i Botnane søraust for Mjånes. I enno tidlegare tider skal prestane også ha hatt støl i marka over Grøskaret på Henriksbø.

 

SOMMAREN, EI TRAVEL TID
Høykøyring på Midtun i 1950-åra. Foto: Ukjent.

Om sommaren gjekk onnearbeidet som hardast. I våre foreldre si tid slo dei berre med ljå, langorv og stuttorv. Då eg vaks opp hadde dei fleste også hesteslåmaskin. Det fyrste slåmaskina her var det, iflg. bygdeboka, Otto J. Midttun på Henriksbø som kjøpte. Det var alt i 1898 og skal vera den fyrste slåmaskina i Gulen, ho var av merke Dering Ideal. I 1903 kom det også slåmaskin på Midtun, hos Otto L. Midthun, det var ei amerikansk Adriance. Denne maskina var i bruk på Midtun til 1950, då vart ho seld til Halvor Vatne i Sygnefest, der ho var i bruk enno i fleire år.

Ein skulle tru at det også må ha vore slåmaskin på prestegarden nokså tidleg, men dette har eg ikkje funne noko om. Om prestegarden sa dei gamle at der var det så vindstille at der var vanskeleg å få turka høyet.

Køyrereiskapane i eldre tider var hest og slede, både vinter og sommar, men seinare vart hjulet teke meir i bruk og dei fekk vogner og kjerrer. Kjerrene, der karmen oftast kunne vippast opp for å kunne tøma lasta, høvde godt til utkøyring av møka og transport av mindre ting. Til høyet vart nytta “høyvogner” med grinder. Høyvognene hadde oftast 4 hjul, med sving framme, kjerrene berre to.

Mellom onnene, slåtten og innhaustinga, vart tida nytta til arbeid i skogen med å fella og gjera klar ved som skulle køyrast heim på snøføret om vinteren. I marka vart veden oftast kappa i lengder som høvde til å leggja på sleden, gjerne slik at kvar stokk vart på 4 skielengder.  Ei skielengd var 60 cm. Reiskapar i skogen var øks og bogesag. Til felling av større tre vart nytta store tomannssager (storesaga) med grove tenner og ein pinne i kvar ende til å dra etter. Ofte var det to mann på bogesaga og, ein i kvar ende av bogen.

Her var det hovudsakleg bjørk som vart nytta til ved. Det var god ved, og det gav fin ange i stova når me fyrte med turr bjørk.

Når trea vart felte høgt oppe i liene kunne det vera mykje slit med å få stokkane ned til der me kunne koma til med hest og drog eller stubbsle. Var det berrfrost kunne arbeidet gå lett, stokkane sklei lange strekningar på den frosne, glatte marka. Enkelte stader brukte me løypestreng. Det gjekk som regel fint. Var det litt yr eller regn vart strengen på ein måte smurd av veta og vedbuntane for så det susa nedover. Det hende då at me kappa stokkane i 2-alningar, saga dei så nesten av på midtten, braut dei i hop, hengde dei over strengen og slepte dei av garde. Det gjekk også fint.

Heime på gardane, gjerne tidleg om våren, vart veden kappa i skielengder, kløyvd og lagd i la til tørking. Vedkløyvinga føregjekk med øks og kilar, og var eit hardt arbeid. Å kløyva 3 mål ved var eit vanleg godt dagsarbeid for ein mann. Oppkappinga føregjekk med bogesag inntil sirkelsag med elektrisk drift vart vanleg i bruk her i etterkrigstida.

Enkelte tok også torv til brensel. Eg hugsar at dei i Stien hadde torvhytte bak Grytehogen.

I tida mellom slåtten og haustonna vart det også drive med løgging, tillaging og turking av lauvkjerv som, om vinteren, vart nytta som tilskotsfor til dyra, særleg til sauene. Geiter var det slutt med her då eg vaks opp. Eit anna tilskotsfor var lyng som det vart skore og brukt ein del av om våren før dyra slapp ut.

I eldre tider var det vanleg at bøndene, når heimeslåtten var ferdig, slo høy i utmarka. Bruka hadde kvar sine teigar som dei hausta. Høyet vart “frakta” ned liene i rodder (store sekkar av not, som fullstappa med høy, vart trilla nedetter bakkane), turka og lagra i små steinløer, og køyrt heim på vinterføre. Dei som var med på desse uteslåttane budde gjerne i sela, og eg har høyrt at tenarane rundt på gardane gledde seg til denne “uteslåttida”.

Før verdskrigen 1940-45 var det sjeldan med silo. Det aller meste av høyet og håa vart turka, men noko hå vart sett i stakk. Kornet vart skore med sigd, eller slege med ljå, og seinare med slåmaskin, knytt i band og turka på staur eller i hes. Den gamle treskemåten med tust hugsar eg ikkje til, men dei eldre snakka om det. Det var hardt arbeid å stå dag etter dag å slå med tusten. Tusten vart avløyst av treskemaskina.

 

KORNET VERT TIL MJØL

Under treskinga trongst det mykje arbeidshjelp og naboane samarbeidde om dette. Oftast vart treskemaskina driven med handemakt, to menn, som stod ved sveivene på kvar si side av maskina. Å “snu” treskemaskina var tungt og mennene delte på øktene ved sveivene. Enkelte nytta turbin og vasskraft. Under krigen (1940-45) for Lars Oppedal (han budde i det som me kalla “Mottevika”) rundt på gardane og hjelpte folk med treskinga med ein liten oljemotor som drog treske­maskina.

Etter treskinga var det fleire dagar med dryfting der kornet gjekk gjennom dryftemaskina for å gjera det reint for agner og anna rusk. Dryftemaskina var, samanlikna med treskemaskina, lett å snu, ein mann greidde ho fint åleine. Ho hadde fleire såld, grove øvst, finare nedover og det finaste nedst. Sålda gjekk att og fram og under maskina vart det reine kornet samla i eit trau og tømt over i sekker. Inne i maskina var det ei vifte som bles dei lette agnene bort. Det hende at også det “reine” kornet hadde små halmstrå mellom seg, så ved trauet hadde ofte ein unge plass for å reinska bort eventuelle rusk. Tidlegare, før dryftemaskina kom, vart kornet dryfta i trau. Trauet vart rista opp og ned slik at agnene fauk ut og sjølve kornet låg att i trauet.

Etter dryftinga vart  kornet lagra i bingar med lok på, rotte- og musefritt, og turt. Rundt på gardane var det kvernhus langs elvane. Eg hugsar to slike langs Kvernhuselva på Midtun, men der hadde vore tre. Eitt, det som høyrer til Ytre Midtun, står enno. All skrifta som er rissa inn i veggene der, minner om mang ei lang natt på kverna.

Før malinga vart kornet godt turka på turkeheller, store jernheller som låg på omnar mura av stein. Det vart fyrt med ved under hellene, og under turkinga måtte kornet vera under stadig omrøring for at det ikkje skulle verta brent. På kverna vart det turka kornet tømt opp i ei teine av tre. Teina stod over, og smalnast av ned mot, den øvre kvernsteinen, og enda i ei slags trakt, der opningen vart regulert ved hjelp av ei fjøl med ein pinne som stengje. Utvendig på teina gjekk “skaldreteinen”, gjennom to klossar med hol i, ned på kvernsteinen. Når så kvern­kallen dreiv steinen rundt, skaldra (riste) dette slik at kornet glei fram gjennom “trakta”, ned i steinauga, inn mellom kvern­steinane og kom ut att som mjøl i brya framfor. Nymale mjøl var lunka og både anga og smaka “veldig” godt. Vasskrafta var sterkast om natta. Då gjekk kvernsteinen snøggare, skaldresteinen rista meir og opningen i teina måtte regulerast. Under krigen (40-45) vart bygdekvernene plomberte av tyskarane.

 

NYE REISKAP

Ikkje så lenge etter krigen (1940-45) vart det slutt med korndyrking på våre kantar. Dei kornslag som vart mest dyrka her var havre og bygg. For å få bukt med ugraset vart etter kvart ymse sprøytevæsker nytta, og under krigen kom ugrassprøyter (ryggsprøyter) i bruk. Desse sprøytene vart også nytta i kampen mot turråte på potetene.

Under innhaustinga var det vanleg at potetene vart spadde eller pløygde opp, plukka med hand, tømde i kassar og køyrde heim til frostfri lagring, oftast i kjellaren. Den einaste eg kan hugse som hadde potetopptakar, med hest som drakraft, var Ivar Henriksbø.

Eg vil her nemna at Gerhard Wergeland ein gong tok patent på ei greip særskild eigna for potetopptak.

Her var natur- og kunstgjødselspreiarar for hestekraft i bruk. Ivar Henriksbø hadde også høyvendar og hesterive. Hesterive hadde også Ole J. Midtun. Sleperiver for hestekraft vart også nytta, eg hugsa at me hadde ei slik heime. Etter kvart som bøndene gjekk over til bruk av silofor, vart dei gamle måtane å turka høyet på, brøying og hesjing, mindre og mindre nytta og dei vanlege høyreiskapane gjekk litt etter litt ut. Sleperiva var vel den som heldt seg lengst i bruk.   

Ved brøying vart høyet spreidd utover marka, snudd ved middags­tider og sæta (raka i hop i såter eller skårar) om kvelden. Dei same prosessane vart gjentekne kvar dag til høyet var så turt at det kunne takast inn i løa. Det tok to til tre dagar, alt etter kor tjukt graset, og kor høveleg veret, var. Ved hesjing stod gjerne høyet i hesa fram mot ei veke, vart det dårleg ver ofte lenger.

Etter kvart kom traktorane med svansar og andre reiskapar som harver, jordfresar, plog, natur- og kunstgjødselspreiar, slåmaskin, potetopptakar, vedkløyvar og forhaustaren som no er det vanlege innhaustingsreiskap for høyet. Den fyrste traktoren som kom til bygda var tohjulstraktoren til Sigurd Haveland som pakta preste­garden. Det var ein “Hummel” på 8 hk med slåmaskinskniv. Den fyrste 4-hjularen kjøpte Rolf Midtun. Det var ein “Farmall” på 17 hk. To-hjularen kom i 1953, “Farmallen” i 1957. No er det traktorar og motorslåmaskiner på kvart bruk.

Om vinteren var køyredoningane hest og slede, eller kane dersom det var berre personar eller lettare last som skulle transporter­ast. Det var fleire sortar sledar, karmsledar som vart nytta til til dømes transport av møk, steinslede som var lav for at ein lettare kunne få tunge steinar oppå, og vedslede til køyring av ved frå marka og annan vanleg transport. Til å dra tilrette stokkar i ulendt skogsterreng vart nytta drog eller stubbsle.

Når man køyrde med slede, i alle fall ved bruk av kanen, vart det nytta bjølle på hesten.

 

NYTTING AV NATUREN

Alle bruka her hadde sjørett og naust. På Midtun hadde dei nausta i Stien, på Henriksbø på nedre Henriksbø og på Undertun. Eg har høyrt at i eldre tider hadde dei også notbruk på gardane i Midtunvågen. Det siste notbruk som var i drift her var det Nils Navdal (på Haugane) og Ola Flolid som hadde. Dei dreiv landnot­fiske med ein liten gavl fram til nokre år etter krigen (40-45).

Skogen vart nytta på mange vis, mest til brensel, men stokkar som høvde til det, vart tekne på saga og skorne til bord og plank. Saginga føregjekk mest i Dingja eller på Eidssaga.

Av vyrke som høvde vart det plukka ut emne til ymse ting, t.d. meiar, skjeker, tindler, orv, skaft og mykje meir. Never av bjørk vart nytta til taktekking, bork til barking, seige, mjuke kvistar vart nytta til vidjer og band av ymse slag, lauvet vart som nemnt brukt til for, og det same vart delvis det tynnaste riset nytta til, dyra likte å gnaga på dette. Det vart også laga soplimar av riset, særleg av bjørkeriset, skrubberis vart det laga gryteskrubbar av, av spraken kokte dei sprakelog som vart nytta til reingjering, og også til ølbrygging. Vidare vart sprake nytta til korgbinding og til å laga kiper, askar og andre binner av, raunebork vart stundom nytta til for, den inste delen av borken var jamvel god til å tyggja på for menneske. Raunen var svært mjuk og kunne nyttast til ting som skulle bøyast, t.d. kyreklavar. Han, og selja, var treslag som eigna seg godt til å laga fløyter av p.g.a. at dei slepte borken lett tidleg om våren. Av raun vart det også laga ski, dei vart ledige og me syntest dei gjekk spesielt godt. Raun måtte ikkje brukast ombord i båtar, sa somme, det var fårleg i fylgje gamal overtru. Det var noko dei kalla “Flograun”.

Dette var ei kort opprekning av noko skogen vart nytta til, men lista kunne ha vore mykje lenger.

Somme brukte rivelyng til ved, den og det me kalla småved (kvistar og tunne greiner), brann fort og laga sterk varme, og var fin til t.d. å koka kaffi med, det måtte jo nesten alltid skje fort. Rivelyngen vart riven opp, annan lyng skoren med sigd.

Det hende at folk plukka og turka mose som vart nytta til strø i dyrebingar. Mosen blanda seg då med møka og det vart god gjødsel av det. I eldre tider vart mose brukt til tetting ved bygging av tømmerhus. Det var også ein mosetype som vart nytta til farging av tøy.

Ved barking/garving med bork vart borken hakka i småbetar og lagt i vatn i store kar av tre (barkekar) for å trekkja ut garvesyra. Det vart også nytta tilsetningsstoff, eg trur m.a. kalk, men eg kjenner ikkje til korleis prosessen gjekk føre seg. Det som skulle barkast/garvast vart så lagt opp i karet. Heime hadde me eit barkekar, det hadde oval form og var omlag 2 ½-3 m langt. Det var ikkje i bruk som eg hugsar.

 

LIVET PÅ GARDANE
Prestegarden var lenge den største garden i bygda. I 1930-åra såg garden slik ut. Foto: Ukjent.

Under krigen (40-45) nytta me potetstilk og halm til for. Det vart blanda og sendt gjennom ei maskin med eit stort knivblad, ei hakkemaskin, som me snudde med hand og såleis hakka blandinga av stilk og halm i små bitar. Dette vart så bløytt i vatn, tilsett mjøl og, nærmast som ein masse, gjeve til kyrne. I underkant av høystålet samla det seg gjerne mykje høyfrø. Dette vart av og til samla opp og, med mjøl på, gjeve til dyra.  Under krigen fekk me også noko som heitte melasse, eit slags sirup, som også vart nytta som tilskotsfor.

På fleire gardar hadde dei rothakkemaskin til å skjera neper og andre rotfrukter til dyra med. Av andre reiskapar som me brukte på dyreforet hugsar eg høykniven. Turrhøyet vart i løa lagt i store dungar, høystål, der høyet etter kvart vart så fastpakka at det kunne vera vanskeleg å få laust att under foringa om vinteren. Då var det at me brukte høykniven til å skjera opp høyet i blokker som vart løyste opp og gjevne til dyra. Høykniv fanst i alle løer. Det gjorde også høykroken som vart nytta til å slita laust høy frå stålet.

Fjøsstellet vart oftast delt mellom kvinne og mann. Dei vanlege husdyra var kyr, sauer, gris og nokre høns (nok til at huslyden hadde egg til eige bruk), tidlegare også geiter. På dei fleste bruk var det også ein hest, nytta som trekkdyr. I tillegg hadde mest alle hund og katt.

All mjølking føregjekk med hand. Mjølkemaskiner kom ikkje til bygda før etter krigen. Den fyrste mjølkemaskina her (med mjølking i spann) var det Harald Nese som fekk. Det var i 1955. Det fyrste mjølkeanlegget (røyranlegg) i Gulen vart montert hos Rolf Midtun omkring 1970.

Då det i fyrsten av 1930-åra vart bygt nytt uthus i Stien, kom det der automatiske drikkekar til dyra. Etter det eg har fått opplyst var dette dei fyrste av det slaget i bygda. Slike innretningar vart ikkje vanlege i florane her før etter 2. verdskrig.

Slaktinga føregjekk mest om haustane, og så til jul. Også der vart ressursane godt utnytta. Alt vart teke vare på og brukt, skinn, kjøt, innmat og blod. Til og med tarmane vart reinska og brukte, m.a. til skinn på pølsene. På alle gardar var der kjøtkvern, og innmaten vart oppmalen m.a. til kurv. Det vart også laga syltaflesk og mykje anna god mat, som vart lagra på ymse vis. Kjøtet vart gjerne salta og turka. Dei la også ned (hermetiserte) kjøt på “Norgesglas”. Sjølve nedlegginga var arbeidskrevjande, men det var snautt å ta igjen når ein skulle ha ein lettvindt, og god, søndagsmiddag.

Mykje av kjøtet vart selt for å skaffa inntekter, ein del sendt til Vestlandske Salslag. Desse sendingane gjekk i dei sokalla “slaktekassar” der kjøtet vart lagt nedi innpakka i sterkt papir. Seinare gjekk dei over til å senda slaktedyra levande til salslaget.

Ulla vart reingjort, kara og spunne til trå, som vart strikka til vottar, sokkar og mange andre varme, gode plagg. Somme hadde også vevstolar der dei vov både tepper og tøy.

Spinning, strikking, veving, brodering, sying, lapping, bøting, matstell, husstell og kledevask, var det kvinnene som tok seg av. Broderinga føregjekk, då som no, med nål og trå. Det gjorde også mykje av syinga, men på alle hus var det symaskiner som dei snudde med hand. Enkelte hadde symaskiner som vart drivne ved trøing. På somme hus var der strikkemaskin. Med slike maskiner gjekk det fort å strikka både genserar, sokkar, labbar og kva det no måtte vera. Dei som var flinke med sying og strikking, og hadde stunder til å strikka og sy til andre enn eigen huslyd, kunne ofte tena ein fin ekstraskilling på slikt arbeid.

Kokeklede vart koka i svære gryter, eller koparkjelar, på store omnar (vaskekomfyrar) i vaskekjellar eller eldhus. I eldre tider var det, i staden for omnar, gruer der ein fyrte under gryter, eller kjælar, som hang i store skjerdingar. Ein skjerding var samansett av to flate jernstenger. Den eine var brei med ein stor krok i eine enden, tett med hakk langs kanten og med ei hempe på sida i den andre enden. Den andre stanga, noko smalare, som gleid gjennom hempa på stanga med hakk i, hadde i øvre enden ei lykkje som kunne bevega seg om ein tapp, og som høvde inni hakka. Denne glidestonga enda nedst i ein mindre krok. Øvst i grua gjekk det ein solid stokk tvers over grua, gjennom murveggene på begge sider, og i denne stokken hang skjerdingen etter den største kroken. I kroken på glidestonga hang gryta som då kunne skyvast opp og ned i hakka på skjerdingen, frå eller mot elden, alt etter kor sterk varme som trongst.

“Brannfot”, ei form for vaskekomfyr, vart også nytta. Dette var ein jernring som låg på tre eller fire føter (av jern eller stein) og som dei sette gryta på og fyrte under. Brannfoten kunne nyttast både i grua og ute, t.d. ved elva under klesvask i sommarhalvåret.

Til vasking av kleda hadde dei store stampar og vaskebrett. Vaskebrettet, eit trebrett med små føter og ei riflut stålplate på, sette dei oppi stampen med høveleg varmt vatn i, og så gnidde dei tøyet opp og ned langs den riflute stålplata. Øvst på vaskebrettet var det plass for såpestykket. Såpa var oftast heimelaga, koka på garden, råstoffet var fett.

Etter vasking vart tøyet grundig skola, ofte føregjekk dette i elv eller bekk, og det var mange koner med naglebit og frosne hender om vintrane. Kleda vart turka på snorer, ute om veret var lagleg, elles inne, på turkeloft eller i uthus, men også inne i stovevar­men om det var plagg som det hasta med å få turre.

Husmødrene var nøye med å gjera fint arbeid, og kleda, særleg gangklede (skjorter, blusar m.m.), mindre dukar (helst dei med broderi på), broderte putevar, lommedukar m.m. vart fint strokne, utanpåklede vart dampa. Til damping og stryking vart nytta store, innhole strykejern, med lok på, der varmekjelda var glødande kol som vart fylt inni strykejernet. Det var også mindre, heil­støypte strykejern, som vart varma i jernskåler på omnen.

Større dukar, dynetrekk, enkle putevar og liknande plagg vart “rulla”. Rullinga føregjekk i eldre tider med rull og mangle­brett. Tøyet vart lagt over ein slett og fin rull, og med manglebrettet, ei glattpussa fjøl med handtak på, slo dei så på tøyet som med denne handsaminga vart slett og fint. Det eg hugsar føregjekk rullinga med det me kalla rullemaskin, eller klederulle. Dette var to trerullar som stod over kvar andre i eit slags råme av jern. I den eine enden var det eit stort hjul med handtak på. Dette verka som ei sveiv og ved hjelp av små tannhjul vart handkrafta overført til rullane. Med ein skrue med ratt på, øvst på rullemaskina, kunne ein pressa rullane saman alt etter kor sterkt press ein ville ha på tøyet. Tøyet som skulle rullast vart lagt fint i hop, gjerne dynka litt med vatn, og sendt imellom rullane medan dei vart sveiva rundt. På andre sida av rullane kom tøyet ut att jamt og glatt.

Før krigen var det mange av husa som ikkje hadde innlagt vatn. Dei bar i bytter frå brønnar og bekkar. Om vintrane kunne det ofte verta vanskeleg med vatn når frosten vart langvarig. Ikkje så sjeldan måtte me køyra vatn, i tunner, kjelar eller andre store binner, frå storelva. Det var ikkje lite som trongst til menneska og dyra på garden.

Bad var ikkje så vanleg i private hus den gongen, men det var ein del som hadde. Heime hadde me eit badesystem der me varma vatn i ein stor innelukka koparkjel, forma som ein sylinder, som eit slags varmtvassberedar med vedfyring, der omnsrøyret gjekk på langs gjennom kjelen slik at også varmen av røyken frå omnen under vart nytta. Vatnet gjekk rett frå springen inn på kjelen der det var påmontert både dusj og kran til badekar. Dette systemet verka nokså greitt.

Folkebadet i ungdomshuset kom i drift hausten 1941 som det fyrste folkebadet i Ytre Sogn. Eivindvik ungdomslag var eit av dei fyrste ungdomslag i landet som dreiv med folkebad. Eg har også høyrt at ungdomshuset vårt var det fyrste ungdomshus i landet som var teikna med plass til foløkebad.

Til omnen (og brannfoten) i vaskekjellar eller eldhus var det også steikehelle som ein la over omn/brannfot og nytta til steiking av flatbrød, lefser, hellekaker og andre kaker. Deigen vart knadd og kjevla ut på kjøkenbordet, med kjevle av tre, til høvelege leivar som vart lagde i hop og borne til steikehella. Der vart leivane rulla ut over hella med ein fløy (kona steike­pinne av tre). Skulle ein verta heldig med steikinga måtte det jamn og passe sterk varme til, og til det trongst det god ved. Dei ferdigsteikte leivane vart lagde i stablar og lagra på loft eller stabbur. Dei kveldane steikinga føregjekk var oftast ungane, ja vaksne med, samla rundt steikehella. Det var kjekt å bryta stykke av dei sprø, nysteikte flatbrødleivane, og det smakte så godt.

Baking av brød, anna gjærbakst og kaker føregjekk på kjøkenet. Der vart steikinga gjort i bakaromnen på komfyren. Her og var fin ved og høvande varme avgjerande for eit godt resultat. Husmødrene hadde ein utruleg drei på å få det til, og godt vart det.

All knaing føregjekk med handemakt. Likeeins vispinga, med vanlege vispar, eller hjulvispar. Det var mykje baking rundt om på gardane. Folk bakte brøda sjølve og det var alltid kringler og småkaker i spiskammerset, ja ofte kling og. I mi barndomstid var vanleg at borna hadde fødselsdagsselskap med mykje kaker og kakao, og ofte var det litt “ekstra” når dei vaksne fylte år og.

Kaffi kjøpte folk som bauner (umalen). I alle hus var der små kaffikverner. Dei vart snudde med sveiv, og dei fleste i min alder hugsar nok godt den trivelege lyden av kaffikverna og den gode angen av nytrakt kaffi som stod i kjelen over ringane på komfyren, eller heldt seg varm på etsajeomnen i stova.

Det knyter seg ei gåte til dette med å mala kaffi. Det var oftast kvinnene som stelte til kaffien, og når dei sat og mol vart gjerne kverna halden fast mellom låra. Gåta er slik: “Det ramla og skramla i bestemor si gamla, nedanfor livet, ovanfor kne, kva er det?”.

Etasjeomnar var svært vanlege til husoppvarming. Om vintrane då det var mykje fyring, både på kjøken, i stove, og andre rom, hende det ikkje sjeldan at skorsteinane vart så fulle av sot at det oppstod pipebrann.

Det gjekk  mange år etter krigen (1940-45) før det i hushaldet her vart vanleg med dei moderne, elektriske maskinene, slik som støvsugar, miksmaster, kaffitraktar, vaskemaskin, turketrommel, kjøleskåp, fryseboks, brødskjerar, oppvaskemaskin, elektriske symaskiner og alle dei andre tekniske hjelperådene som er i heimane i dag.

Som nemnt tidlegare, vart det slutt på korndyrking her i åra etter siste verdskrigen. I dei varme sumrane under krigen var det nokre som, i tillegg til dei vanlege kornslag som havre og bygg, også prøvde seg med kveite, og med godt resultat. Ja, til og med tobakk vart dyrka i den tida. Det var svært lite tobakk å få under krigen, så desse plantane vart særs godt skjøtta og mange fekk dei bra til. Dei store blada vart turka og sende til tobakksfabrikkar for å verte foredla til røyketobakk og skrå. Det var stas når pakkane med ferdigvare kom att frå fabrikken. Enkelte laga tobakken til sjølve ved noggrant å fylgje særeigne oppskrifter.

Kvaliteten på heimedyrka tobakk kunne nok ikkje måle seg med det som kom frå tradisjonelle tobakkstrøk, og straks etter at krigen var over vart det heilt slutt på tobakksdyrkinga her.

I tillegg til korn og poteter vart det også dyrka ein god del grønsaker som kålrabi og gulrot, og litt kål av ymse sortar. Mainæper og turnips vart dyrka som dyrefor. Dei mest dominerande bærsortane var rips, solbær og stikkelsbær. Ein del bær vart selt til saftfabrikkane. Av frukttre var her ikkje mykje, men ein del eple-,pære- og plommetre var det rundt i hagane. Mange var også flinke til å planta prydtre, -busker og blomar, omkring husa.

Då eg vaks opp vart det mest ikkje drive jakt her, berre litt orrejakt om våren, og så var det jakt på reven for å verna lamma. Det vart betalt skotpremie på rev den gongen og det var lov å driva hijakt. Det hende at folk arbeidde i fleire døgn med eit revehi for å få tak i ungane.

At det tidlegare vart jakta hjort her vitna det store hjortehornet som hang over stabbursdøra heime (gnr. 20, bnr. 1) om då eg vaks opp.Etter at her så ikkje hadde vore sett hjort på lange tider, kom hjortedyra att i markene i 1950-60-åra. Dei fyrste hjortane som eg kjenner til då vart sett i marka her i Eivindvik var 3 hjortar som Rolf Midtun såg på Kjerringfjellet under sauesanking i 1957. Fyrste fellingsløyve her hadde Ole J. Midtun og Rolf Midtun, gnr. 19, bnr. 2 og gnr. 20, bnr. 1. I lag fekk dei løyve på eitt dyr i 1964, eller 65. Det var den gongen ikkje lov å skyte kalvar, jakttida var kort, eg trur berre 2 veker, og dei gjekk berre om sundagane, så mange jaktturar vart det ikkje. Magnor Midtun var også med på jaktturane. Det var han som ”lokka” Ole og Rolf til å søkja om jaktløyvet. Det vart ikkje felt noko dyr, men på fyrste jaktturen hadde Rolf, øvst i heimste Sølia, ei kolle med kalv på ganske kort hald. Han sparde kolla så kalven slapp å gå morlaus. I tillegg til løyvet på Midtun kom det året etter også eit løyve på Henriksbø der Mons Haveland og Magnor Midtun gjekk nokre jaktturar.

 Etter kvart vart det søkt om fleire løyver, det vart ordna med hjortevald og  den fyrste hjorten her vart felt i Holtedalen i 1965, eller 66. Det var ei kolle på 84 ½ kg og det var Edvard Fosse som skaut ho. Dei andre på jaktlaget var Ole J. Midtun, Johannes Hauge, Leif Hauge og Hall Midthun. I 1966, eller 67,  vart det også utdelt eit løyve i preste- og Grønevikmarka. Det var Magnor Midtun som hadde dette løyvet i samarbeid med Mons Haveland og ei kolle vart felt, av Mons, i lia sør for Svartevatnet. 

I Storelva (Midtunelva) gjekk det tidlegare opp sjøaure om somrane og det vart fanga ein del fisk med håv, garn, fiska med troe og jamvel teke med hendene når det var lite vatn i elva. Dei største aurane som eg har høyrt om er fanga her vog 6 ½ kg.

Eg har høyrt at Kristian Hanssen tidlegare har sett ut fisk i Svartevatnet. Ottar Midtun har fortalt at han hugsar dette, han var med å fanga kjøa i elva ned for “Stampehuset” på Midtun. Den 17.7.1977, kl. 17.35, slepte borna mine og eg 12 kjø (fanga i elva på Midtun) ut i Espeviktjønna. Korkje der eller i Svartevat­net kan det ha vore brukande tilhøve for kjøa, ikkje på nokon av plassane ser det ut til å finnast fisk no.

Det vert sagt at både Hanssen og andre skal ha sett ut fisk i fleire av tjønnene på fjellet her, men utan resultat. Hanssen skal også ha sett ut kjø i Prestevatnet ovan for Hausevika og der vert det fortalt om mykje fin fisk no.

 

LITT OM KORLEIS UNGANE HADDE DET I MIN OPPVEKST

For min eigen del kan eg seia at me hadde det i alle fall ikkje keisamt. Eg vaks opp i “dei harde 30-åra” og under krigen, men eg kan ikkje seia at eg sakna noko, me var ikkje vane med anna. På skulen byrja me når me hadde fylt sju år, skulestart var om hausten. Me gjekk på skule 3 dagar i veka, “småskulen” tirsdag, torsdag og laurdag, “storskulen” mandag, onsdag og fredag. I småskulen gjekk me 3 år, i storskulen 4 år.

I skulebiblioteket fekk me låne bøker av ymse slag. Dei vaksne lånte bøker i folkebiblioteket, som heldt til i kommunehuset, og hadde ope kvar preikesundag. Mange hadde også ein god del bøker sjølve, både romanar, reiseskildringar og kjende verk. Bibel og salmebok fanst i alle hus.

I tillegg til bøker las folk mykje aviser. Radio var det heller få som hadde før krigen, og under krigen vart radioapparata inndregne. Dei mest utbreidde avisene her, etter det eg kan hugse, var:”Sogn og Fjordane”, “Sogningen”, “Bergens Tidende”, “Gula Tidende” og “Dagen”. Sume heldt også “Ukens Nytt”. Eit blad som mest alle hadde, var:”For Fattig og Rik”. Eit vanleg magasin var “Syn og Segn”. Alle bønder hadde, i tillegg til andre aviser og blad, “Produsenten” og “Vestlandsk Landbruk”.

Av barneblad las me “Norsk Barneblad” og “Magne”. Teikneseriehefta var også populære. Dei eg hugsar best, er “Smørbukk”, “Vangsgutane” og så det om Knut Berg og munken Tala. Av dei ymse vekeblada trur eg “Nynorsk Vekeblad” var det mest leste her. Spel av ymse slag var også ei viktig fritidssyssel.

Dei største faga på skulen var kristendom, kyrkjesoge, bibelsoge, norsk, lesing, skriving, rekning, landkunne, soge, natursoge, fysikk, kjemi, helselære, teikning og song. Mange av dei songane og salmane me lærde i folkeskulen sit fast i minne enno.

 

Skuletida.

I skulen dreiv me, i tillegg til den vanlege undervisninga me fekk, også ein god del med å laga til program til festar som læraren ordna med for oss. Desse aktivitetane føregjekk alltid om kveldane, og me var då ofte i ungdomshuset. Der var det scene og lettare å øva på sketsjar, skodespel og anna program. Me hadde julefest fast kvar 1. nyttårsdag. Dette vart kalla for barnefesten og me ungane stod for alt programmet. I tillegg til desse festane hadde me også mange gonger program på andre tilstellingar, som t.d. jenteforeininga “Flittig Lise” sine basarar. I denne foreiningen hadde jentene møter anna kvar veke heile vinterhalvåret. Dei kom saman rundt om i heimane, og dei laga mange fine ting som vart utlodda på basar ein gong for året. Innkoma gjekk til ymse føremål som var med på å betra tilhøva ved skulen, t.d. til skulebiblioteket, innkjøp av orgel og mykje meir. I mi skuletid vart mest alle tilstel­lingar som me borna hadde haldne i ungdomshuset. Me opptredde med program, som song, opplesing, talekor m.m., også på dei vaksne sine samkomer, som t.d. på basarar. Å vera med i program på tilstellingar syntest me var moro, det var som litt løn for strevet med all øvinga.

To dagar i året var skuleborna som regel med på skogplanting. På Midtun vart det planta mykje og me var i Undertundalen og i prestegardsmarka. Plantedagane syntest me var fin avveksling frå skulearbeidet, og det er kjekt no å sjå at det har grodd og vakse der me var med og sette plantar ned.

Det var vanleg med skuletur om sommaren. Eg veit at borna hadde skuletur til Bergen, men under krigen var det vanskeleg å ta ut så langt, så då måtte me greia oss med å vitja dei nærmaste grendene.

 

Hjelpte til heime.

Utanom skulen var me, når leksene var unnagjorde, med i arbeidet på garden. Det tykte me var som det skulle vera, og det kunne mange gonger vera både interessant og morosamt. Haust og vår gjekk det ofte på jorddyrking. Det føregjekk med spa, greip, hakke, slegge, spett, brot, og stundom brukte me stubbebrytar, også kalla steinbukk. Me hjelpte til det me kunne og gledde oss når me såg at arbeidet muna. Stubbebrytaren var ein slags “heisekran”, laga av 3 eller 4 stokkar stillt opp som ein pyramide, med ein aksling mellom 2 av stokkane, tannhjul, to sveiver og vaier som gjekk i ei blokk festa under “pyramidetop­pen”. Med denne innretninga kunne me sveiva opp store stubbar og steinar. Dei største steinane, og bergnakkar, vart sprengde sunde med dynamitt, og jamna ut. Boringa føregjekk  for hand med vanleg minebor og feisel. Dei yngste på “laget” hadde gjerne jobben med å halde boren. Det hende at me fekk eit “rapp” over fingrane når feiselen ikkje trefte borhovudet som han skulle. Når holet var blitt så djupt at boren stod av seg sjølv, brukte me ofte borlykkel for å spare knokane. Det var også lettare å snu boren med borlykkel. Me hadde også ein liten type feisel, han vart kalla einpiggar, og vart brukt når ein mann borte åleine. Han heldt då boren med ei hand og slo (med einpiggaren) med den andre. Det var viktig at borane hadde skikkeleg skjer og det sytte han Nicolai i Prestneset for. Han var ein klyppar til å kvesse bor og han var kjend for sin dugleik frå eit langt virke som borsmed på større anlegg. Det var elles æser og amboltar rundt på mange av gardane også i den tida.

Ved sprenginga brukte me som dekning “kjerringar” av samanbunta sprakar. Det å sjå at skotet gjekk, og korleis det gjekk, var spanande, mest som eit høgdepunkt i arbeidet.

Når dei vaksne var i vedskogen og felte og laga til ved som skulle køyrast heim til vinteren, hende det at me hadde i oppgåve med å gå med mat til arbeidsfolket. Me gjekk då slik at me kom fram omlag til middag, og så var me med der til alle gjekk heim att om kvelden. Å senda ved på løypestrengen var skøy.

Det hende også alltid noko i marka, ein gong såg me gjerne ein rev, eit ekorn, ein hare, eller eit anna skogsdyr, i elva var der kjø og i skogen fuglar som me ikkje såg heime, t.d. orrfugl, flaggspett, hakkespett og gjerne ein andefamilie på vatnet.

Om kveldane var me gjerne med i florane. Å “prata med”, klappa, kosta og stella dyra var både interessant og lærerikt. Me hjelpte også til med å gjera reint i gangar, fylla høy i jøtene (fortraua), bera vatn til dyra og mykje meir.

Til lys i floren vart brukt “Flagermuslykter”. Desse lyktene var runde med oljebrennar, lampeglas og med glaskuppel utanpå, alt plassert i ei råme av jern, med handtak til å hengja, og bera, lykta etter. Over lampeglaset var der ein liten skjerm av metall slik at ikkje gneistar skulle stiga opp og skapa brannfare. Rundt lykta var det ringar av jern til vern mot slag når me bar ho med oss. Til vanleg hang lykta på sin visse stad i floren, men når arbeidet tilsa det, vart ho også boren med rundt i uthusa. Å bera lykta for å lysa når dei vaksne arbeidde, var ein av jobbane ungane hadde.

Me var alltid med når kyrne slapp ut om våren, når sauene med lamma vart slepte i marka og når kyrne vart daura ute. Stor stas var det også når sauene vart henta heim om haustane. Ut på ettermiddagen sankedagen, stod me gjerne i tunet og speida opp mot Åsane, og me syntest det var kjekt og spanande når me såg den lange rekkja med dyr koma framom Holtesteinen og nedover Holtane.

Dyra hadde namn, og kvar av oss ungane hadde ei ku og ein sau som me rekna for vår. Det var alltid spanande å sjå om sauen min var med heim att frå fjellet og om lammet var blitt stort og fint. Det hende at me var på utstilling med dyra, og det var gjævt om me kunne koma heim att med sløyfer knytte på dei, kvit sløyfe for 1. premie, raud for 2. premie og blå for 3. premie.

Me hadde også mykje moro med kjæledyra; kattane og hundane. Dei var mest som familiemedlemar. Oftast var dei svært kjælne og likte svært godt å leike. Den jamne og roande malinga frå katten der han låg under etasjeomnen i stova, trur eg aldri eg gløymer. Hunden var klok og flink til å passa huset. Han melde alltid i frå når framande nærma seg, og få torde koma nær om hunden var åleine heime.

 

Skumringstimane.

I vinterhalvåret tok gjerne dei vaksne ei lita pause i arbeidet før dei gjekk i floren om kvelden. Det var i skumringstida, når mørkret seig på, og før lyset vart  kveikt inne. Det var litt for skymt til å gjera arbeid som trong lys, og litt for tidleg til tenna lampane. Dette vart kalla skumringstime og var ei hyggestund for familien med soger og eventyr, song, og musikk om det fanst instrument i huset.

Etter at radioen kom vart det gjerne til at me høyrde barnetimen i denne tida. Kvar torsdag lydde me på “Bergen lokal”, og me gledde oss over “Kallemann og Amandus, tante Amalie og onkel Tobias”, og var litt stolte av at han som spelte alle desse rollene hadde nær slekt i Fonna. Han heitte Eriksen, og me tykte han var sabla god. Om laurdagane var det barnetime frå Oslo.

Enkelte hadde også grammofon, og det var svære greier, dei få platene vart spelte oppatt og oppatt. Grammofonane vart drivne med stålfjører og måtte dragast opp mellom kvar plate, og det hende at me vart litt leie av all sveivinga.

 

Populære aktivitetar.

Ein svært populær ting var, særleg når me kom saman i helgane, å driva med “kvennkall” i elva, eller med jakter. På Midtun hadde ungane lenge ein fin dam innom garden, der det seinare kom beitefelt og han Rolf no har dyrka opp. Der var me ofte på langturar både til Amerika og Afrika. Der var demt opp, bygt kaiar og laga hamner, og der var det mykje moro og mykje tidsfordriv med ein livleg skipsfart og store arbeid med vedlikehald av både anlegg og båtar.

Om som­maren, når vatnet var varmt nok, var me mykje i Storelva og bada og fanga aure, ja, me kunne mange gonger tilbringa heile sundag­ane der, hadde knapt tid til å gå heim for å eta. Det hende og at me var med dei vaksne på turar i fjellet for å sjå etter dyra. Då hadde me salt, blanda med mjøl, med til sauene, som kom springande lange vegar når me kalla på dei. Dei kjende nok lukta av saltblandinga som me strødde på steinar og berg.

Me laga lauv- og barhytter og om våren var det også svært populært å laga seg boge, helst av raun, og skyta med pilar. Me laga ein spesiell sort pilar som me kalla “rasarpilar”. Til å skyta ut dei brukte me ein sterk, men mjuk raunekjepp. Me batt eit kort tau i  toppen på raunekjeppen, i andre enden av tauet sette me ein stor knute som gjorde at tauet kunne leggjast i eit skar på pila. Me heldt kjeppen med den eine handa, med den andre drog me i pila og spende kjeppen i ein stor boge. Når me då slepte pila brått kunne ho fara langt av stad.

Ein annan populær ting var det å lage vindkjegler (små vindmøller). Dei smidde me til av trefjøler. Vindkjeglene vart festa til stenger som me sette på gjerdestolpar eller liknande stader, der dei kunne svinge fritt i vinden. Sjølve kjegla såg ut som ein propell, og vart, ofte med ein spikar som aksling, sett på enden av ei trestang som hadde eit slags vele i andre enden, omlag som ein verhane. Stanga med kjegla svinga så om ein spikar i stanga på gjerdestolpen. Det var viktig å få det heile rett “avbalansert”, slik at kjegla til ein kvar tid stod opp mot vinden. Med lagleg vind vart det svært til fart på kjeglene, og det var triveleg både å sjå og høyre på, der dei raste rundt som små hjul.

Me dreiv også med leikar som å slå ball, sprette pinn, hoppe paradis, gøymespel, noko som heitte “pinnen min”, siste par ut, slå på ringen og mange fleire.

 

Farande.

Det hende ofte at det kom båtar med “splintefylgje”, som folk sa. Dette omreisande folket hadde med seg mengder av handlaga spann, vispar og andre bruksting som dei gjekk rundt på gardane og selde. Dei selde og mange andre ting, som klokker, blonder og prydnadsting. Mange av tinga var vel det som vert kalla “juggel”, men dei var fine å sjå til og me ungane vart storøygde og imponerte når dei opna skreppene sine.

Dei var ofte flinke blekkmak­arar og sette ofte opp nye takrenner til folk. Somme tider tigga dei mat. Det hende at det var spåkoner med i flokken. Ikkje sjeldan røykte dei gamle konene i fylgjet pipe, det tykte me var eit “syn”, det var den gongen heilt uvanleg her at kvinner brukte tobakk i det heile teke. Me syntest at det var litt spanande når desse folka kom. Hundane måtte ha på “følelsen” når fylgja nærma seg, for det vart som regel eit “hundeglam” som høyrdest lang veg. Frå eldre tider hadde desse reisande det ordet på seg at dei ikkje var så nøye med om dei tok med seg ting dei kom over, og som dei trengde, så folk var vel kanskje litt letta når båtane reiste att. Jakob Sande har eit godt dikt om desse reisande folka, det heiter “Fantefylgjet”.

Andre reisande, handelsreisande, var her også av og til. Bokseljarar som sleit på store og tunge skrepper, folk som tinga bort landbruksreiskap, agentar for tøyvarefabrikkar, forsikringsagentar og fleire.

Det var litt avveksling frå det daglege med vitjingar av framan­de. Her reiste og emissærar, og reisesekretærar for ymse orga­nisa­sjonar og folk som heldt politiske-, og andre, foredrag. Dei av desse som me sette aller størst pris på var frelsesarmedamene som samla mykje folk på møta sine. Dei spelte og song så fint. Og så var det sekretæren for redningsskøytene, han hadde alltid film med seg.

Ein gong kom filmen “Gjest Bårdsen” her til. Det var svære greier i den tida, eg trur mest at heile bygda, både ungar og vaksne, var samla i ungdomshuset den kvelden.

 

Ski og skøyter.

Om vintrane gjekk me mykje på ski og skøyter når føre og tilhøva låg til rette for det. Var snøen kram, med dårleg skiføre, laga me gjerne snøhus og -festningar og førde snøballkrig. Me rende også på kjelke, særleg på skaren gjekk det strykande. Men også i vegane vart farten stor. Når me rende ned reinene frå Midtun glei me fint heilt ut til Stireina. Ein gong tok me kanen heime, og med han fylt opp med ungar, sette me nedover Skoldingen. Nede i overgangen til myra gjekk kanemeiane gjennom skaren, kanen vart endevendt slik at han hamna bak fram med meiane opp, og me som sat på vart slengde utover skaren. Ikkje nokon vart nemneverdig skadd.

Det er dei mange fine måneskinskveldane på isen, når vatnet låg, ofte med eit lite bål som, frå ein holme, blenkte i stålisen, saman med stundene i skibakkane, me gjerne hugsar aller best, der var det liv og skrål. Gleda over sporten der den gongen var nok like stor, og kanskje meir naturleg og ekte, som ho no er på dei store sports­arenaene.  Eg trur neppe at nokon av oss ungane som vaks opp då hadde det langsamt nokon gong. Det følest i alle fall ikkje slik når eg no tenkjer tilbake.

Det kunne nok vera strevsamt på eit lite vestlandsbruk og vanskeleg for dei vaksne som skulle få endane til å møtast. Som oftast var det mange munnar å mette i kvar familie. Folk måtte fara fint med det dei hadde og nytta det som naturen gav på beste måte. Det var dei opplærde til å gjera, dei var vane med å ha det trongt, fann seg tilrette med det som var, og det er gjerne dei lysaste minna som lever lengst.

 

I “Fremad” for 16.11.1902 fann eg fylgjande “gullkorn”:

“Den som har Gaard som føder 3 Kjør og en Hest,

Som elsker sin Gud og sin Hustru dernest,

Som ikke er skyldig hverken Klokker eller Præst

Han har det best.”