YMSE

 

VEKSTAR

Kristtornen ved gamle kommunehuset i 1960-åra. Foto: I brosjyre frå arboretet på Milde.

I ei brosjyre frå arboretet på Milde ved Bergen står at krist­tornen i Eivindvik (ved gamle kommunehuset) truleg er den største kristtorn i Skandinavia. Kva tid dette vart skrive står det ikkje noko om, men det må vera seinare enn 1960 då brosjyren inneheld nokre statistikkar som går fram til dette året. Der er også eit bilete av kristtornen med ein mann som lenar seg oppetter stammen. Kristtornen er no nedbroten, men det renn opp nye skot så me får vone at han kan veksa seg til “gamle høgder” igjen.                                                      

Dei 4 store granene som står ved sida av kristtornen er planta av Hans Sørensen Brandanger, turleg i 1868-70. Dette har sonesonen til Hans, Håkon Brandanger, fortalt. Hans var i teneste hos presten ein sommar då han var heilt ung. Ein dag dei hadde vore i prestemarka og planta gran fekk Hans desse plantane hos presten. Presten sa at han kunne setja plantane der i hagen så lenge, og ta dei med seg når han skulle reisa om hausten, men dei vart ståande.

Den fine eika ved bankhuset (nybygget av 1978) er gåve til banken frå Marie Midttun, gnr. 19, bnr. 3. Planten vart henta på dette bruket og planta ved bankhuset av Stein Midtun (gnr.15, bnr.52) truleg i 1984.

I fyrstninga av 1970-talet var her ein professor frå Stockholm og leitte etter hinnebregne. Han hadde høyrt at denne planten skulle finnast ved prestegarden i Eivindvik. Me fann ikkje hinnebregne mens professoren var her, men seinare fann eg ein slik plante og sende han til Stockholm. Professoren skreiv tilbake og fortalde at dette var den plantetypen han leitte etter. Eg oppfatta det slik at dette var ein nokså sjeldan plante. Staden der eg fann planten var under hammaren vest for huset til Anne Karin og Geir Haveland.

 

GAMLE VEGAR

Gangstadklubben skal ha fått namnet sitt av at folk som, i båt, kom til kyrkje gjekk opp der. Denne kyrkjevegen vert også sett i samband med Vetrestøa på Flolidstranda. Eg har høyrt at om vinteren, når Ilenessundet var islagt, gjekk kyrkjefolket i land i Vetrestøa, gjekk derfrå over land til Midtunvågen, over vågen på isen, og oppatt i Gangstadklubben. Det er sagt at også vikingar kom over Gangstadklubben når dei skulle til samlingane sine i området der kyrkja står no. Frå Gangstadklubben gjekk dei utover framom der Sandal sitt hus står, på markene der Ranghild Sognefest og Olav Midthun har tomtar, og over høgda der kyrkja står. Olav Midthun fortel at då han opparbeidde tomten sin synte det tydeleg at der hadde gått ein vei (sti), -  ein stad var der lagt ned steinar til å gå på.

Der huset til Norstein står vart det tidlegare kalla “Smedreset”, truleg fordi smeden, Søren Larsen, hadde verkstaden sin rett nedfor der.

Den gamle bygdevegen frå dampskipskaia gjekk opp omlag der som lækjarkontora held til, framom der Norstein sitt hus er og gjennom tunet til Sandal, huset som Åge Sandal no eig, og så vidare opp gjennom Skaret, over Haugane, gjennom “Rauleet”, tvers over tomta til Kristina og Fredrik Nerdahl, over ytste delen av Grytelia, ned att omlag ved “Nyebrua”, og vidare innover Midtunvågen etter den same traseen som i dag. I retteleg gamle dagar var det berre gangveg frå Midtunvågen til Eivindvik og denne gjekk over Gryta og Stien, og vidare gjennom Grytelia ovanfor hamrane ved sjøen. Det er truleg denne gangvegen, og kanskje også det at prestegarden hadde stien sin til stølen ved Svartevatnet over bruket, som har gjeve det namnet Stien.

Opp og aust for dampskipskaia, vart det kalla “Kleivane”, og i området der budde, etter det folk fortel, ei kvinne som vart kalla “Anne på Kleivane” og ei som på folkemunne heitte “Gudeleg ­Brit”. Me hugsar alle “Sørinastaua”, der budde “Storesørina”, og seinare (etter siste verdskrig) Tora Haugsdal.

I Oldrevika, ved svingen i krysset der vegen går ned til d/s-kaia, var det ein brønn med vasspumpe der båtar kunne henta vassforsyningar.

Oppe på Skaret samlast gjerne ungdomane i bygda til moro. Området der vart tidlegare nytta til utstillingsplass for husdyr.

Reina frå Borgstova opp mot Haugane vart kalla Prestereina.

Den “nye” vegen frå prestegarden, framom d/s-kaia og inn i Midtunvågen, langs sjøen, vart ferdig i 1924. Den vart bygd av bygdefolket som tok ein god del av kostnaden sjølve. Vegstykket mellom “Gamlebanken” (Jørs sitt hus) og “Nyebrua”, vart i daglegtale kalla “Korketrekkaren”, på grunn av alle svingane som var der. “Nyebrua” vart kalla slik for å skilja ho frå “Storeb­rua” ved ungdomshuset. Denne brua over Storelva (Midtunelva) var den største her før “Nyebrua” kom. På Henriksbø har me “Jordmor­brua” over “Jordmorelva”.

Attmed vegen, under hammaren inn for Nyebrua, låg Martekjelda. Der var det klårt og godt vatn. Namnet hadde nok kjelda etter “Marte i Urda”, som hadde huset sitt oppå muren ovom vegen ved dei gamle naustmurane i Stien. Marte døydde i 1939, og huset vart flytta til Bremnes på Byrknesøy.

 

FJELL OG VARDAR

I eit forlik i Evindvik Forlikskommisjon av 4.11.1829 som gjeld grense mellom prestegarden og Gryta, står at Mikkelfjellet også har vore kalla “Fløifjeld”. Olav H. Tveit hugsar også til at gamle folk snakka om Fløyfjellet.

Det er folk som meinar at namnet Mikkelfjellet kan vera kome frå St. Mikal. Han vart rekna som englane sin høvding og som Israel sin særskilde vernar. Han skulle leia dei rettferdige til Paradis og forkynna oppstoda med hornsignal og sigre i den siste kamp mot Satan. I Europa vart Mikal rekna som skytshelgen for soldatar og riddarar. Han skal også ha vore knytt til dei som ferdast på sjøen. Messer til hans pris vart gjerne haldne, vert det sagt, på stader der dei kunne sjå utover sjøen, mot havet. St. Mikal vart også kalla Sankte Mikkjel. Minnedagen hans var 29. september, Mikkelsmesse. På nedste delen av Mikkelfjellet, der terrenget flatar seg ut, kunne det vera god plass til ein messelyd. Kanskje denne delen av fjellet, p.g.a. at mikkelsmessene vart haldne der, fekk namn etter St. Mikal, og så har dette namnet etter kvart vorte brukt om heile fjellet?

Heilt framme på Mikkelfjellet stod tidlegare ein steinvarde. Det er framleis mange i Eivindvik som hugsar denne varden. Gunhild Kversøy, Einar Navdal og Olav Midthun seier at då dei vaks opp her var varden ca. 100 - 150 cm. høg og omlag 1 m breid. Han minka etter kvart og vart til slutt heilt borte.

Folk som har granska på dei gamle varslingsvetane meinar at varden på Mikkelfjellet kan vera ein leivning frå den gamle vardevaktrekka fram til Gulatinget. Av gamle vetar her i området som eg har lese om er nemnde Stemnebøveten, Neverdalsveten, Svabergveten og Midtunveten. Kvar Midtunveten stod er ikkje klårt, men kan det, sjølv om dette no er Grytemark, ha vore på Kvitefjellet. Rolf Midtun seier at han har sett steinar som kan vera restar av ein slik varde lengst vest på Kvitefjellet ved den gamle fjellstien opp Gudbrandskaret. Kanskje har dette fjellet heitt Vetefjellet og namnet så gjennom tidene vorte til Vitefjellet  og endra til Kvitefjellet. Dersom Svabergveten har hatt ein “utlaupar” oppe på Svabergfjellet, slik det har vore hevda, er det frå Mikkelfjellet klar synslinje til alle desse vetane (same kvar veten har stått på fjella ovanfor Midtun) og så ned til Krossteigen. I tillegg ville folk i heile Eivindvik, inkl. Midtunvågen, sjå signala frå denne varden. Her er også god utsikt utover sunda og øyane. Ein som har studert mykje på det gamle varslingssystemet er Oddkjell Bosheim som no bur i Lærdal, men er frå Hallingdal. Han seier at med vardar på dei stader som er nemnde her , noko han meinar er svært sannsynleg, tykkjest varslingslinene svært greie til og frå Eivindvik. Førsteamanuensis Per Linge meinar at den gamle ordninga med vardevakt som vart innførd i Noreg av Håkon den gode, var bygd på ei tyrkisk varslingsordning.

Fjellet som mange no vil ha namnet Kvitebergnova på, har alltid heitt Høystakken her. Tidlegare stod også dette namnet på dei offentlege karta. På det eldste kartet eg har sett over området har heile fjellrekka innover fått namnet Midtunfjella, men på eit kart frå 1866 (22D 10 og 11) står namn som “Høiestakken”, “Braasviksaata”, “Ormekletten”, “Vatnestølen”, “Risestølen” og “Midtunstølen”.

I ei åstadsak frå 7.12.1797 om merka i fjellet her, står også “Høiestakken”. Denne saka gjeld merketvist mellom Gryta og Midtun og det ligg då nær å tru at Høystakken må vera Gryte- eller Midtunmark, og då let det enno meir underleg med Kvitebergnova for oss som er oppvaksne her og veit at namnet på fjellet, mellom folket her, har vore og framleis er, Høystakken. I 1942 til 1946 vart det halde ei ny kartoppmåling og det ser ut for at det var under denne at namnet vart endra. Det nye kartet meinar eg kom ut i 1953. Noko vedtak i Gulen kommune om endring av namnet på kartet har eg ikkje sett.

 

SOGNEFJORD SIGNALSTASJON

 Biletet er truleg teke i 1920-åra. Foto: Ukjent.

Marinekommando Vestlandet nytta i verdskrigen 1914-18 Kjerring­fjellet som signalstasjon. Føremålet med stasjonen var, som ved andre slike stasjonar langs kysten, å speida etter om det skulle koma framande krigsbåtar inn til landet. Journalen til marinekommandoen syner også at det vart sendt inn meteorologiske observas­jonar.

Stasjonen på Kjerringfjellet heitte “Sognefjord Signalstasjon”. Kva tid hytta som stod der vart bygt, veit eg ikkje, men i marinekommandoen sine arkiv på Statsarkivet i Bergen ligg kopi av brev av 21.6.1914 der signalformann og signalmenn vert innkalla til 3 vekers instruksjonskurs på Marineholmen med frammøte 20. juli 1914, så hytta vart truleg oppsett på ettervinteren og våren 1914. Signalformann var vernepliktig sersjant Andreas Underthun og signalmenn Olav Nese (Henriksbø), Jørgen (Olsen) Midtun og Sigurd Larsen (Fonnevik). I 1916 slutta Sigurd Larsen  (det ser ut for at det var p.g.a. dårleg helse), og Jørgen (Ottesen) Midtun kom inn i hans stad.

 I 1918 vart det bygt “bislag” til hytta. I journalen står (1.3.1918) at rekninga for dette tilbygget er betalt med kr. 288,77.

På vaktposten hadde dei sterke kikkertar og det var installert telefon. Folk som budde på kysten gav melding til vakta om dei oppdaga noko mistenkjeleg. Ein gong var det ei kvinne som ringde og nokså oppskaka melde frå om at ein ubåt var på veg inn Sognesjøen. Det viste seg, då vakta fekk sett sine gode kikkertar på “farkosten”, at det var ein kval som var på veg innover. Det var nok vasstrålen kvalen sende til vers som vakte kvinna sin mistanke.

 Det kunne ofte vera hardt ver der oppe. Natta til 8.10.1918 slo lynet ned og gjorde skade på hytta. Vaktmannskapet (det var berre ein den natta, Jørgen Ottesen Midtun) vart svimeslegen. I jour­nalen står på8.10.1918, journalnr. 380: “telegr. Lynnedslag på Sognefjorden. Foreløbig uten forbindelse”, og på nr. 384, same dag:”rapport over lynnedslaget”.

Stasjonen vart nedrigga våren 1928. Kva tid og til kven hytta vart seld har eg ikkje sett noko skriftleg om, men etter det folk fortel var det Alfred Fosse (gnr. 20, bnr.3) og Jon Midtun (gnr. 19, bnr. 1) som kjøpte hytta. Seinare var Jon Midtun eineeigar. Hytta vart nedriven og materialen boren ned til Midtun, og seinare seld. Det siste som vart bore ned frå fjellet frå stasjonen var bolten for stativet til ein kikkert. Som gut var eg med då Jon skaut bolten laus frå fjellet. Odd Midttun (Henriksbø) var også med. Med feisel og minebor borte me eit hol i berget attmed bolten og han vart sprengt opp med dynamitt. Jon skulle få han omsmidd til vedkilar. Dette meinar eg skjedde tidleg i 1940-åra, under siste verdskrig.

 

FLINKE ORGANISTAR

Tidlegare er nemnt at Kristian Hanssen var ei eldsjel både i ungdomslaget og med mange andre ting. Han var også sers flink til å spela orgel. Ved sida av læraryrket var han både klokkar og organist i kyrkja her til han reiste frå bygda i 1946. Broren, Harald Hanssen, skal ha vore eit enno større talent innan musikk. Det er sagt at han spelte under gudstenestene i kyrkja då han var 11 år. Han vart berre 28 år gamal, men rakk å halda mange konsertar, og gle mange med musikken sin, i sitt korte liv. Han heldt også konsertar her i kyrkja, m.a. var han her, saman med Nan Dybdahl, sundag 8. juli 1923, same året som han døydde. Det trykte programmet for denne konserten har eg sett, det finst enno i bygda. Far til Harald og Kristian heitte og Kristian Hanssen. Han kom her til som lærar frå Domben i Solund.

 

FRÅ ELDRE TIDER

Det er fortalt at det, ein gong under jordyrking, vart funne ein klump av gull i Gangstadklubben, under hammaren ved Jørs sitt hus.

Egil Undertun fortel etter far sin, Olav Undertun, at i området der Eivindvik Stadion no ligg vart det av ein arkeolog for mange år sidan funne leivningar som synte at der hadde vore ei våpensmie i sogetida. Smia låg under eit hamarslag, omlag der som garderobebygget på idrettsplassen no står.

I ei vik på vestsida av Flolidgarden ligg ei lita slette. Etter det eg har fått opplyst, både av folk på Flolid og av andre, er det dette området som vart kalla Vollane og der meinar dei den gamle tingvollen var.

Odd Midttun seier at på Henriksbø er det funne restar etter 3 gamle tjørehjellar (tjøremiler); 1 i Vassurda, 1 opp for Langeva og 1 i Sætråsmyra.

På Kattekletten, opp for Midtun, såg me tidlegare restar av 2 steinhytter, ei på nedre og ei på øvre Katteklettmyra. Desse hyttene hadde vore nytta til veiding av ørn. Det er fortalt at når bonden på gnr. 20, bnr. 1 skulle skyte ørn gjekk han og kona saman under eit teppe inn i hytta. Kona gjekk så ut og heim att medan mannen låg igjen og venta på ørna. Dette med å gå inn saman under teppet var for å lura ørna, ho såg ein som gjekk inn og ein som kom utatt, trudde då at hytta var tom og at det var fritt fram å forsyna seg av åta. Om dette trikset førde til at det vart felt mange ørnar veit eg ikkje.

Som tidlegare nemnt hadde prestegarden i eldre tider støl på Henriksbø. Gryta har vore enkesete for presteenkene til langt fram i førre hundreår. (Eg har også sett Vesøyna nemnd i samband med Gryta, kanskje var det noko med at presteenkene hadde beiterett der?).

Elva aust for gamleheimen har eg høyrt nemnd “Kvernhusbekken”. Der har nok stått kvernhus for prestegarden.

Ved elva var det også vaskeplass for klede. Olav H. Tveit hugsar at dei på Stølen kokte og vaska klede der ved elva. Dei hadde også klesnorer der, det var særs god turkeplass.

Den små løa på Haukøya har tidlegare stått som kårstove i Grønevika.

Det kan sjå ut som  Midtun har vore den eldste sjølvstendige garden i Midtunvågen (tunet mellom to delar av det som høyrde til garden der prestegarden no ligg). At Midtun har fått vågen oppattkalla etter seg skulle også tyda på at dette har vore den eldste og største garden i fjordbotnen her. Gamle folk sa at bøndene på Midtun, i tidlegare tider, brukte Gryta til kalvehage. Som eit teikn på at dette kan vera rett vert halde fram at steingarden i merke mellom innmarka på Gryta og Midtun heiter Sjølegarden, garden med leet ned mot sjøen (der kalvane gjekk), medan garden i utmarka vert kalla Grytegarden, han kom til etter at Gryta var blitt eige bruk.

På gnr. 20, bnr. 3 på Midtun stod ein gamal flor som i eldre tider hadde vore ljorestove og bustadhus på garden. Dette huset skal ha stått der før bruket vart utskilt (frå bnr. 2) som eige bruk, og det vert hevda at stova var fleire hundre år gamal. Huset vart rive i 1988 då den nye driftsbygningen på garden vart oppført.

Ole J. Midtun har fortalt, etter bestefar sin, at under koleraepidemien i 1849-50 skal det ha vore gravlagt dødsoffer i myra under Kleivhamaren. P.g.a. stor smittefare vart dei som døydde i farangen gravlagde så snart som mogeleg, og at det skjedde også utanfor vigsla gravstader har me fleire dømer på.

Ved veien opp til Kleivhamaren låg ein stein som var raudleitt på let, han vart kalla Rausteinen og er no komen inn i den nye vegen.

Det er sagt at Lindesteinen på Langhogen snudde seg når kyrkjeklokkene ringde.

I ein artikkel i “Budstikken” i 1824 skriv prost Dahl at det på Timmerøya skal ha vore halde holmgang og at øya skal ha vore rettarstad og gravstad for avretta og for  folk som tok sitt eige liv.

Den tidlegare husmannsplassen nord-aust for Grønevika er blitt kalla Soleibotn. Det har vore hevda at namnet kjem av planten Soleie. Folk som er oppvaksne i området meinar at bakgrunnen for namnet ikkje er Soleie, men sol, - botn ved sollia, eller botn med mykje sol i. Eldre kart og skrifter underbyggjer dette. Olav Tveit (på Stølen) seier at då forledra hans fekk eigedoms­dokument på bruket Stølen, truleg i 1928, var Sollibotn også nemnd, og Olav, som også seinare har sett dokumenta, hugsar at namnet vart skrive med li og ikkje lei. I utskiftningsdokumentet som er datert 27.8.1954 står “Sollibotn”. I eit gamalt kart frå ca. 1800 er namnet skrive “Solliebotten”, og i eit kart frå 1860 står der “Solibot..”, resten av namnet er borte. I ei liste over dødsattestar av 8.11.1892, underskriven av sokneprest Sandberg, står “Solibotnen”. Skrivemåten på namnet vart i 1994 teken opp til ny vurdering, og i 1995 vedtok kommunestyret at namnet igjen skal skrivast Sollibotn.

 

FRÅ NYARE TID

Den fyrste bilen som kom til bygda vår var ein liten lastebil, “Fargo” -1938-modell, som Odd Midttun kjøpte i 1951. Den fyrste personbilen kom i 1956. Det var distriktslækjar Fischer som hadde den. Kva bilmerke og modell det var veit eg ikkje. Den gongen var det ikkje vegsamband ut frå Eivindvik.

Det vert fortalt at Gunnar Henriksbø, gnr. 21, bnr. 7, som var sers flink i arbeid med fjell og arbeidde som stigar i mange år, har europarekord i tunnelboring.

I 1904 fekk Eivindvik telefonstasjon, den var truleg alt då i huset til Peder Sandal (gnr. 15, bnr. 4). På  denne eigedomen vart stasjonen verande heilt fram til han vart lagt ned ved automatiseringa av telefonen i 1984.

Den fyrste radiomottakaren som kom var det skipskaptein Johannes Norstein som hadde, han bygde den sjølv. Han vart også den fyrste eigar av fjernsynsapparat her når NRK starta fjernsynsending rundt 1960. Etter at han, i 1955, ved oppnådd aldersgrense, gjekk av som skipsførar i Fylkesbaatane, dreiv han med montering av fjernsynsantenner til folk. Han tok patent på eit “vinsjapparat” som m.a. var i bruk på båtar i Fylkesbaatane. Eg veit at han også var til København for å vera med på montering av vinsjapparatet på eit nybygg ved ein verkstad der.

I ungdomslagsavisa for 6.11.1927 står at det året fekk me ny prest, ny doktor, ny klokkar og nygift lensmann, - litt av eit hendingsrikt år.

 

SVIKEN PREST

Ei gamal skillingsvise som var vide kjend, har tilknytning til Eivindvik. Truleg er ho laga her. Det var ein hjelpeprest, Peter Bugge, som vart hugteken i ei av prestedøtrene. Dei var visst også trulova, men så rakna samhaldet mellom dei. Han vart svært skuffa, følte seg sviken og let kjenslene sine få uttrykk i ei vise. Visa er skriven i siste halvdel av førre hundreår. Tilsette ved Bergen bibliotek har skaffa meg visa som er notert ned av ein som hugsa ho igjen. Etter notatet lyder ho slik:

VISA OM SVIKEN PREST

Nu har solen ned bak vesterfjellet dalet,

og nu tier hver en nattergal.

Aftensolen på himmelen utfolder

nu sin krone så deilig og så sval.

Fugleskarer i de tause, grønne lunde

har tillukket sine syngende munde

og henslumret i en evighets søvn.

 

I de stille, lune timer vil jeg tenke

i erindringens drømme på deg.

Å hvor skulle vel mitt hjerte da banke

uti brystet og barmen på meg.

Stille klage fra hjerte utkommer

og roper til himmelens dommer.

Still min lønnlige smerte, du o Gud!

 

Blid var talen i din munn som i en engels

når i lønndom du talede til meg.

Og din deilige blomstebestrødde stemme

var kun svik og fordervelse for meg.

For i hjertet der var du forræder,

derfor går jeg nu i lønndom og græder,

mens du går på blomsterstrøet vei.

Det vel krummer seg i hjertets dype indre

når jeg tenker på din sukkersøte munn.

Og din skjønnhet som lokket meg i blinde,

inntil skipet ble stående på grunn.

Du forsto jo å redde deg og fare,

og med listighet bringe meg i snare.

Men din handling skal belønnes deg en gang.

 

Kunne døvstumme berg og klipper tale,

kunne jorden opplukke sin munn.

O, da skulle disse vidner forklare

mang en mørk og bekymringsfull stund,

som din falskhet har manet i mitt minne,

har fordunklet solen i mitt indre.

Og har banet meg en tornekrattet vei.

 

Så mottag da mitt farvel falske pike,

nu for siste gang jeg byder deg adjø.

Gid jeg kunne flytte bort fra Norges dale,

gid jeg lå uti graven kold og død!

Men i hjertet en smerte deg skal nage,

og i sjelen en stemme deg skal plage

for den kjærlighetspakten som du brøt.

 

KJAPPE SVAR

Også her i Eivindvik har me hatt folk som har vore flinke til å koma med raske svar og reaksjonar. Eg kjem på fylgjande:

I eit bryllaup der det var gjestar både frå Masfjorden og Gulen, vart enkelte nokså “våte”. Presten var også gjest i bryllaupet, og nokre som syntest det gjekk litt vidt, snakka med presten og sa seg leie for situasjonen.  “Eg ser no det at guling­ane toler meir enn masfjordingane”, sa presten.

Ein gong det skulle haldast fråhaldsmøte i gamle kommunehuset møtte det fram berre nokre få, mellom dei presten. Då møtet vart avlyst skal presten ha sagt:”No går me i prestegarden og får oss eit glas vin”.

Klokkaren var også med på møtet. Han var ein god rimesmed, og på vegen opp mot prestegarden fann han på eit rim om situasjonen. Eg veit diverre ikkje korleis rimet lydde, men det var noko om “den tørstige skarde” som drog mot kilden av garde.

Frå krigens tid, ein annan prest, det var stor mangel på tobakk: Ombord i skyssbåten tok skysskaren opp tobakk, rulla seg ein sigarett og tende på. Presten såg på og sa: “No er eg slutta å røyke”. “Ja so, kva tid slutta du då?”  “I går”. Skysskaren skjøna stoda og presten fekk seg ein velkomen “stapp” i snadda si.

Skysskaren hadde eit år stilt båten sin til disposisjon for nokre som reidde seg til med eit slags “harpun” på båten. Dei prøvde seg visst nok også med å få has på ei styrje med denne reiskapen, men det gjekk ikkje så bra. Våren etter sa presten til skysskaren:” Skal du på styrjefiske i år?”

Etter same presten er fortalt: Presten var, som vanleg på den tida, formann i skulestyret, og mottok mange klager over skules­kyssane. Ein av krinsformennene sa: Ja, det er så gale at me kunne ha kome bort på sjøen fleire gonger.” “Å, det hadde vel vorte berre ein gong”, var presten sin kommentar.

Presten var flittig med på tilstellingar i bygda. På ein morsfest vart det spørsmål om kva song dei skulle syngja. “Kanskje “Kjerringa med staven” kunne høva”, sa presten.

Ein liten gut var ein fin måneskinskveld ute i lag med far sin. Det var under krigen. Då faren sa at månen var berre halv i kveld, oppfatta den vesle guten det slik at når ikkje månen lenger var heil så måtte det vere noko gale, og han sa: ”Det er ikkje eg som har øydelagt månen, det må vera tyskarane som har skote han sund”.

Ein skysskar hadde med seg i båten ein passasjer som ikkje var så sjøvan. Skysskaren var det me kallar lommekjend og heldt nær land. Passasjeren var tydeleg redd for at dei skulle koma borti ein “nabbe”, og til slutt greidde han ikkje halda seg lenger: “Det er no sjø på hi sida også”, freste han.

Ein svært varm sommardag kom ein mann, pustande og pesande, opp til ein nabo. I det mannen turka sveitten og okka seg over varmen, sa han: ”Jøye meg kor heit han er”. “Stikk han i vatn då”, kom det prompte frå naboen.

Ein lensmann var ute og fiska saman med drengen. Dei fekk ikkje noko, og dette klaga dei over då naboen, klokkar og kyrkjesongar, rodde framom. Klokkaren kasta to små torskar opp i båten til lensmannen i det han sa: “Her har du to toskar, og så er de to frå før, det skulle bli eit høveleg Whistlag.”

To menn, begge kjende for å like eit glas vin eller to, sat ved eit bord og fortalde stubbar til kvar andre. Dei hadde det svært så morosamt såg det ut til. Ein ved nabobordet sa: "No lyg dei kvar andre så fulle at dei må støtte kvar andre ut."

Ein bonde køyrde skjelsand frå Sunndalsbrygga heim til garden sin. Ein han møtte på vegen sa: “Du køyrer store lass, det vert tungt for hesten.” “Ja,” svara bonden, “eg skjøna ikkje at han orkar det”.

Ein gong nokre bønder dreiv med bråtebrann, greidde dei ikkje meistra elden. Mykje folk samla seg for å hjelpa til med sløk­kinga, men det såg stygt ut. Då lensmannen kom og såg korleis stillingen var, sa han: “Dere skulle vært satt i kasjotten hele gjengen”. Ein av karane svara momentant: “Vi må no pinadø sløkke først”.

Ein annan gong sat denne karen, saman med ein del andre, i stova til ein nabo og prata. På bordet låg ein trompet. Ein av dei som var der tok trompeten og fekk fram nokre ulydar. “Jau, det er råd å høyre når det kjem vande folk til”, sa mannen. Litt seinare var personen som bles i trompeten, borti instrumentet igjen, men “musikken” vart ikkje noko meir vellukka denne gongen. “Jau, eg høyrer at du har vært borti det før”, var no kommentaren.

Ein  eldre ordførar var blitt noko “gidd”, som mange blir på sine eldre dagar. Den tidlegare nemnde mannen hadde sett ordføra­ren i vegen ein dag. Då han trefte nokre karar på butikken, spurde han: ”Skal det vera heradstyremøte i dag?” Svaret var ja. “Eg skjønar det, eg møtte ein mann med eit løst hode borti vegen.”

Ei eldre dame, som var rekna for å vera litt “fin på det”, samtala med mannen og praten kom inn på gravferdsskikkar. “Jeg tror jeg vil bli gravlagt”, sa dama. “Det kan du være sikker på at de gjør”, svara han. “Min søster hun ble kremert hun”. Mannen kremta, “ja, det var vel det tryggeste det”.

Mannen dreiv litt med målararbeid for folk. Ein av gardbrukarane her pussa opp eit kammers og måla veggene blå. Han let mannen sjå resultatet av arbeidet sitt. Mannen stod ei stund og så sa han: “Jeg skal si deg en ting, grav det der av igjen så skal jeg fikse det jeg”.”

Kanskje ville kommentaren til det eg no har skrive vorte noko­lunde i same dur, men no får det stå med det som er. Takk for at du las det!

 

BYGDA VÅR

Du stille, lune Eivindvik,

du bygd langs sund og våg,

du gjer oss alle glad og rik,

den venaste me såg.

 

Og rundt om deg der står dei vakt,

dei trauste, gamle fjell,

som gullet får på toppen lagt

når sol går ned om kveld.

 

I grøne lier fuglen syng,

om våren lett og yr,

i åsen gror det gras og lyng,

der beitar sau og kyr.

 

Når vinterkåpa du tek på

med kulde, snø og is,

så kvit og rein du er å sjå,

vårt vinterparadis.

 

Den unge gut, den fagre møy,

her inne vil dei bu,

i ly og livd her bakom øy,

i ærleg strev og tru.

 

Med hage, åker, dyr og eng

og fjord der fisk heldt til,

her veit me at mest alt me treng

naturen gjeva vil.

Vår tanke tidt tilbake går,

i hugen minna kling,

her på den grunn som me no står,

stod gamle Gulating.

 

Her folket fann sin samlingsstad

frå rett så gamal tid,

her skaldar sa fram hyldningskvad,

her trælar vart sett fri.

 

Dei gamle kongar fram her bar

si tru på Kvite Krist,

om motstanden var strid og hard,

så trua vann til sist.

 

Om dette minner krossar to,

og døypefont av stein.

Og der det fyrste gudshus stod,

står kyrkja kvit og rein.

 

Stor vyrdnad fyller deira sinn

som her har foten sett,

her folkestyret vart ført inn

i Noregs lov og rett.

 

Så lys og vakker er vår grend,

med sterke sogeband

som gjorde at ho vart så kjend

i heile Noregs land.

 

Så vil me ynskja du skal få

ei framtid god og rik,

at lukka alltid fylgja må

deg, kjære Eivindvik.

Går til tone: “Min gode, fagre barneheim”.