PROLOGAR

 

EIVINDVIK ÅR 1000 – 2000

 

Når eg skal prøve fylgja bygda vår

attende gjennom tusen år

på maksimum 10 minutt

blir det nok ganske tørt og stutt.

 

Ved starten av dette årtusen

rådde vel ståket og susen

etter Olav Trygvason sitt uventa fall

då bogen til Einar Tambarskjelve small.

Med den største sak som på tinget var ført

hadde kongen ved sjølve folkesjela rørt,

det var ikkje lett å få folk til å snu

frå asa- til kristentru.

Men også seinare kongar kjempa for Kvite-Krist

og kristtrua vann fram til sist.

 

På gamle Gulating

var det uro og spenning

når det mot tingsete bar,

kvar detalj måtte sjekkast og gjerast klar,

hatlekvistar, lauttein, den heilage hovring,

skinntelt vølast med solide sting -

og tusenvis av andre viktige ting.

 

Framover i hundrevis av år

stod tinget ein stad i bygda vår,

hjallarhornet ljoma i våre lier,

for bygda var det gylne tider.

Tingfolket kom frå fjern og nær,

for å fremja sine saker her,

dei fekk løyst sine tvistemål,

dei tende sine offerbål.

På smekre skuter kom over bylgje

hersar staute med mangmennt fylgje,

tenarar, trælar, fisk, kjøt og brød,

tønner fulle med øl og mjød.

 

Mange kom som vitner i strid og trette,

andre for nytt å frette,

sume for å drive handel

med ting folk trong i dagleg vandel,

nokre bytte til seg prydnadsting

som kostesam nål og ring.

Under veitsler ved kveld

vart møy lova bort og træl vart seld.

M a n g e sette stemne med frender

her på dei vakre Gulastrender.

 

Trauste lagrette- og nemndarmenn

kom hit utan vesker med papir og penn,

utan dokument måtte dei domar seie,

med tanken og tunga måtte dei seg greie.

Dei gjorde si plikt med omhug og flid,

som løn fekk dei fri reise, mat og grid.

 

Ein viktig person var lovseiingsmann

alle måtte kunne stole på han,

det var gamal sæd og skikk

at han kunne lova til punkt og prikk.

 

Når kongen var komen vart tinget sett,

på vollen dommarane skilde vrangt og rett.

Dei forma lover og dømde brotsverk,

i rettferdssans ekte og sterk.

Gulatingslova var så demokratisk og god,

at mange seier norsk demokrati si vogge i Gulen stod.

 

Diverre, etter som hundreåra gjekk,

tingsetene her mindre tilslutning fekk

og rundt 1300 det faktisk enda med

at tingstaden i Gulen vart lagd ned,

flytt til byen mellom dei sju fjell.

Daneveldet kom og sa tingordninga farvel,

men ideane i Gulatingslova var av den beste sorten,

dei levde vidare heilt fram til vår grunnlov av 1814.

 

Og området her i Eivindvik

fekk framleis ei tid god og rik.

Granskarar meinar kristendomen nytt liv bar

til staden der dei heidnske heilagdomar var,

at offerlunden vart fjerna etter bispekrav

og offerkjelda vigsla til Heilag-Olav,

at det så vart reist krossar to

og at kyrkje kom der hovet stod.

Etter segna hovdingar vart døypte til trua rein

i ein døypefont hogd til av stein.

Staden der dei religiøse samlingar hadde sin start

no for den nye trua samlingsstad vart,

der folk frå vide områder framleis stemner held,

- bygda vart sentrum i eit stort prestegjeld.

Kommune-og prestegjelds-grensene vart seinare flytta

og i 1890 vart Eivindvik-namnet med Gulen bytta.

 

I 1327 finn me kyrkja her nemnt på eit registerblad,

men Eivindvik er truleg enno eldre kyrkjestad.

Tradisjonen seier også at bygda kloster fekk

og at munkar prosesjon mellom krossane gjekk,

om våren for å be om signing for årsens grøde,

om hausten for å takke for avling og føde.

I 1863 kom kyrkja me har no,

frå ca. 1600 den gamle på same staden stod.

 

Til presteembetet her høyrde mykje jord

og inntekta til prestane var ofte stor,

men prestar som tente godt

har ikkje alltid beste ettermæle fått.

Ein som er kjend av dei aller fleste,

som brukte midlane til folket sitt beste,

var Niels Griis Alstrup Dahl.

Som  takk for alt hans arbeid, slit og bal,

for hans omtanke og varme kjensler sterke,

me gler oss til å få reist han eit minnesmerke.

 

Kjende personar har vitja bygda mange gongar,

diktarar, granskarar og fleire kongar,

Christian V 1685, Gyldenløwe 1695, Fredrik IV 1704.

vitjingar som gav kveik og fekk tankar til å spire.

Den som har takka finast for seg, fram til no,

er Henrik Wergeland som var her i 1832,

hans fine hyldningssang

les me stolte gang på gang.

Ivar Aasen som granska målet her i 1843

har mykje rosande om folket i bygda skrive ned.

Asbjørnsen hadde i 1855 forsking på eventyr som mål

då han ein sommarkveld kosa seg i Eivindvik med bål.

Men det gjevaste som for mange i hugen står

er minnet om då kong Håkon gjesta bygda vår,

i 1936, den tjuesjuande mai,

sette han foten på vår kai

og vandra omkring på vår bygdevei.

 

Frå Sandalskaia har me minner om mang ei festleg stund

med kjende og staslege båtar på vårt sund,

«Berge Viking» 1981, i 82 «Sørlandet»,  91 «Saga Siglar»,

gilde seglskuter med mannskap som pussar og striglar,

dåp av bilferja «Gulen» i oktober 1989,

ja, kaia har vore midtpunkt i lang tid.

Der vart m/b «Eivindvik», då han kom her til,

døypt i nittensyttito, den tjueniande april.

Med denne moderne lækjarbåten

Bache-Wiig, i samarbeid med FSF-flåten,

både sjuke- og rutetransporten revolusjonerte,

reisetida til byen halverte.

 

Den 25. Januar 1945

som ei sol fram i hugen kjem,

elektrisiteten kom til Eivindvik,

aldri lyste vel bygda slik.

Fest det vart med talar og mang ei god vise,

alle ville krafta i høge tonar prise.

 

I 1935 var her ei songarstemne

som eg også synest eg må nemne.

Der fekk bygda og folket så mykje skryt

at me framleis på jubelbylgja flyt.

Øystein Hovden sin vakre Eivindviksong

vart då framførd for fyrste gong.

 

Bygda har gjennom åra hatt mange lag og foreiningar

der folk i alvor og gaman veksla meiningar.

Det skapte eit godt bygdemiljø,

og gav avkobling i strevet for det daglege brød.

«Skjotarlaget Gula» kom i 1878,

bringa bygda mange premiar flotte.

Me fekk «Avholdslaget Gula»,

«Idrettslaget Gula»

og i 1898 var grunnen rudd

for ungdomslaget «Vaarbrudd».

Det dei der fekk til må me beundre,

songkor kom det alt i år 1900,

og om mange gilde samkomer møtebøkene fortel,

med handskrive blad, talar, sketsjar og skodespel.

Dei må ha hatt ein svært god leiar i presten,

Ottesen styrde laget ein mansalder nesten.

 

Mest heilt frå start

pengar til eige hus samla vart,

dei tigga og skramla,

pengane inn i kassa ramla,

og så kunne det endeleg skje,

dei bygde i det tørre året 1933.

 

Huset var høgst moderne for si tid,

det fyrste ungdomshus teikna med folkebad i.

I Ytre Sogn var folkebadet her då det einaste,

den gongen var me dei reinaste.

 

Rundt på gardane sysla kvar med sitt,

mange hadde det nok heller stritt,

dei stelte dyra, sådde, onna og pløgde,

og var stort sett nøgde.

Det å stella inne

var arbeid for ei kvinne,

ho mor ho sydde, vaska, koka og baka,

under gryta elden knitra og spraka.

 

Bygdefolket var tidleg ute med skogreisning,

sette ut plantar i store felt med gjerder omkring.

I 1904 starta på Midtun det store arbeid

med å planta ut Lia, lang og brei,

eit felt på 600 mål i alt det blei,

og skogmeisteren kunne med målbandet

proklamere største plantefelt på Vestlandet.

 

I Fonnevika hadde prestane frå gamalt svinesti,

der kom vår fyrste d/s-ekspedisjon og postopneri,

næringsdrivande kasta på staden sine blikk,

starta handel, fargeri, bakeri og margarinfabrikk.

 

Postopneriet har bygda hatt i over 200 år,

telefontenesta attende til 1904 går.

Med telefonarbeid hadde karane våre ei god hand,

mange herfrå var med då linjene vart strakte på Island.

 

På Kjerringfjellet var frå 1914 - 28 militær vaktstasjon,

moderne utstyrt med kikkert og eigen telefon.

 

Dr. Nielsen hadde med «Lillegutt», dampbåten sin,

truleg fylket sin fyrste skyssbåt driven med maskin,

båten var lett å styre,

men skysskaren måtte svært så tidleg opp å fyre.

 

Slike farkostar vart her sett på som små undre

då omkring 1900.

I 1920-åra vart dr. Trædal beundra opp i sky

då han til tenestereisene kjøpte sitt eige fly.

Pasientane sprang nyfikne ut når flyet kom,

sjukdomen vart borte, senga tom.

 

Trekkrafta på gardane heitte ofte blakken,

for han me audmjukt bøyer nakken,

trutt og tolmodig alt han drog,

sle og kjerre, harv og plog,

om me køyrde eller rei,

han kjende sin vei,

sommar som vinterstid,

fann alltid den rette sti.

Han vart bytt ut på resten,

me sakna den sterke, snille, gode hesten.

 

Traktor og andre jordbruksmaskiner

som durar og kviner,

alle slags reiskap og moderne utstyr,

tok seg fram utan hjelp frå husdyr.

Når det kom ei ny maskin,

dyr og fin,

med bruksanvisning på framandt språk

kunne det lett verta vanskar og bråk

og kva var meir naturleg for folk då

enn å vende seg dit dei var vane å gå

når dei løysing på sine plager skulle få,

også med maskina synte det seg best

å søkja hjelp hos lækjar og prest.

Snart gjekk underverket så det gneistra,

og jernhesten fint og greitt dei meistra.

 

Slåtten gjekk lett, fort og glatt,

vanskelege teigar vart sette att.

Å laga velforma høystakkar og -stål

var ikkje lenger noko arbeidsmål,

høyet låg i silo og ute i store ballar,

kraftfor og gjødning kom på pallar,

effektiviteten vart større enn nokon gong før,

men ingen lenger separerte eller kinna smør.

Me sakna smaken, over i'en var det prikken,

mjølka vart sendt til byn og kjøpt igjen på butikken.

 

Då elekrtisitet, radio og fjernsyn kom

livsmønster og vanar vart snudde om,

i lys frå runde pærer vart ein radiolyttar og TV-kikkar,

borte vart skumringstimane og andre gamle, gode skikkar.

 

Eg burde nok ha nemnt mykje meir,

med då måtte minuttane ha vore mange fleir,

om verksemder og arbeidsplassar,

om undervisningsbygg og skuleklassar,

men eg  har alt brukt over 10 minutt

så no lyt det vera slutt.

Eg vil berre ynskje at alle må

i dei komande tusen-åra få

ei framtid god, lys og rik

både i og utanfor Eivindvik.

 

Eivindvik, nyttårsafta 1999.