RIM

 

Å SETJE SPOR ETTER SEG

Det seiest at snøen skjuler alle spor,

og når månen ring rundt seg fekk,

guten, i tiltru til det gamle ord,

fatta  mot og  på friarføter gjekk.

 

Men naturen han var lunefull og lur,

gjorde nattefriaren forfjamsa og sprø,

då han til sist kom seg ut frå jomfrubur

og såg at det for lengst var slutta å snø.

Å stille fram seg over tunet liste

til inga nytte for mannen var

når det i snøen så tydeleg for alle viste

kor ferda starta og kor hen det bar.

 

Vete og frost let stega etter han stå,

saman med spor etter katt og mus,

og anna krek, som i natta still og grå,

snusar ved naboen sine tun og hus.

 

 

 

STJERNER

 

I kunst, film og sport

får stjerner jubel og æra,

prestasjonar gler oss stort,

- det vil dei alltid gjera.

 

Du som i edelt arbeid står

er heller ingen tapar,

velferd og trygge kår

du i samfunnet skapar.

Stjerner så lett me hyller,

kanskje skjeldnare det skjer

slitaren som i dagen fyller

trivsel for oss som lever her.

 

Eit lunt smil me hugsar gjerne,

ei hand som oss hjelpe ville,

minnet som ei vakker stjerne

funklar fargerik i kvelden stille.

 

 

 

STØVSUGAREN

 

Den gamle støvsugaren i kjellaren står

der han har stått ubrukt i mange år,

heilt sidan dagen det frå nærmaste by

kom ein kramkar med ein moderne ny.

Etter trufast teneste i lang, lang tid

vart hans aktive dagar brått forbi,

etter innsats i kjøken, gangar og stover

var hans gode liv no for alltid over.

Litt sliten var han vel blitt,

men meinte framleis å greie arbeidet sitt,

så kvifor måtte denne krenkjing skje,

i eit mørkt kott å verta sett ned ?

 

Ja, ja det var vel bra å få kvile ei stund,

slik andre hushjelper tek seg ein blund,

stressa av åleine i eit fredeleg skjul,

roa ned anker, spolar, skruar og hjul,

men å verta evig pensjonist

i vente på skraphaugen var for trist.

 

Men så ein dag noko hende,

einkvan lykkelen i døra vende.

Støvsugaren venta i spenning stor,

i dørglytten kom gamle, gode bestemor.

Ny von dette i støvsugaren tender.

Med krøkte fingrar og varme hender

bestemor varleg lyfter han ut or skåpet

og større og større veks håpet

for opp trappa det ber

og inn i stova ho fer,

monterar kost og slange,

dreg leidningen lange

til næraste stikkontakt,

støvsugaren jublar av all makt,

når brytaren inn ho slår

og motoren brummar og går,

mel som ein kjælen katt

som no har funne heimatt.

Arbeidsgleda han fullstendig fyller,

pussar bord, benkar og hyller,

smett under stolar og mellom bordbein,

kvar ein krok vert sugd rein,

over dørstokkane lett han hoppar,

-ingen ting i dag han stoppar,

syg opp støv, sukker, salt og pepper,

reinsar golv, divanar og mjuke tepper,

flørtar med bilete av vakre kvinnekroppar,

feiar over alvorsame, barske familietoppar.

Og bestemor ho var lukkeleg og glad

over slik ei arbeidsvillig maskin å ha,

det gjekk både livleg og fort

og snart var reingjeringa unnagjort.

Den gamle støvsugaren merka det på gikta,

men full av lukke over at den nye svikta

hadde han fått vist at han enno kunne

og fred i sjela si atter funne.

 

 

 

SYMJEBASSENGET

 

Av pressa forstår me det slik

at bassenget skal stengast i Eivindvik

og den tokke har me også fått

at no er det for godt.

 

Vedtaket om at bassenget skal bort

vart snøgt og standhaftig gjort

utan noko konsekvens-vurdering

eller kostnadskalkulering.

 

Elevar som symjeundervisning skal ha

må ut av kommunen dra.

Om dette ikkje fungerar så bra

byggjer me nytt, men på annan stad.

 

Å reparere

kan me ikkje risikere,

så difor skal me der no lage

ny innebygd barnehage.

 

I samfunn med lite peng

er det skattelette folket treng,

ikkje symjebasseng.

 

 

 

TANKAR

 

Eg ligg her og kviler og dormar,

tankane arbeidar roleg og stilt,

det er ikkje noko som riv og stormar,

alt følest fredfullt og mildt.

 

Eg ser for meg ei fin og lun lita bygd,

med gardsbruka godt i hevd,

der alt vitnar om folk med stor dygd,

og om strevet velstanden har krevd.

 

Det er mi eiga heimbygd eg ser,

du verden for eit vakkert syn !

Gode barneminne kjem for meg her,

midt inni denne sotute, travle byn.

 

Eg minnest våren, den livgjevande tid,

med nypløygde åkrar i bakande sol,

med lauvsprett og fuglesong i dal og lid,

og bakkar fulle av kvitveis og fiol.

 

Eg ser lamma kring sauene danse og sprette,

rompa svingar ivrig når dei føde vil ha,

tolmodig sauen gjev dei si mette,

dei diltar avgarde att runde og glad.

 

Om sommaren var det vel travle dagar

med slåing, hesjing, brøying, sæting og slikt,

då kunne det nok koma stønnande klagar

frå born som i varmen gjorde si plikt.

 

Men du store min kor det var skøy

når søndagen kom, og elles vi var fri,

vi bada, førde våre jakter mellom skjer og øy,

- svalt og triveleg ved elva på sommarstid.

 

Hausten renn inn i mine tankar,

lauvet visnar og fell av på kvart tre,

stormen tek så det jamrar og bankar,

og regnet auser ned.

 

Men avlinga er vel i hus,

bøndene kviler ut no,

dei likar å høyra stormens sus

der dei hygger seg inne i ro.

 

Vinteren fell på etter kvart,

snøen dekkjer gard, mark og fjell,

i skogen driv bonden det hardt,

trea stuper med snødriv og sterke smell.

 

Kåte hestar spring så govet står,

bjøllene ringlar nesten i takt,

skrik og skrål frå akebakken går

i glede over vinterten si prakt.

 

Eg ser deg, mi heimbygd, i alle årsdraktar,

farga rustbrun, kvit, eller grøn,

med fjord og fjell som kring deg vaktar,

er du for meg alltid like skjøn.

 

 

 

TRADISJONEN

 

Kyrkja ligg  kvit og fin,

bada i lys som fløymer,

kula på spiret glitrar og skin ,

frå orgelet tonar strøymer.

 

Ljosken frå mange lampar

syner folk kor vegen går

der dei i snøen stampar;

kyrkjeklokka klangfullt slår.

 

Stjernene funklar og blinkar,

månesigden over åsen står,

naturen blunkar og vinkar

til oss og bygda vår.

 

Slik han gjorde i farne tider

då kongar og hersar kom,

og til drøftingar,under desse lier

fann høveleg stad og rom.

Reglar og lover som her fekk form

vann stor vyrdnad vidt ikring -

dei vart sett på som ei gyllen norm,

dommane frå gamle Gulating.

 

Herfrå dei kommunen styrde

frå den fyrste, spede start,

minna frå soga, akta og vyrde,

friske og levande heldne vart.

 

God tradisjon var viktig for eit folk

gav tillit, tryggleik og gode vanar,

nærte folkesjela frå bolk til bolk,

har større verd enn me dagleg anar.

 

Ordtaket:”Utan fortid, inga framtid”

vil me kanskje ein gong forstå,

og fædrearven, ein solid grunnvoll bli

for oss å byggja vidare på.

 

Måtte banda bakover aldri rakne,

men vera ein spore, få ting til å gro,

halda oss motiverte og vakne,

hjelpa fram ei utvikling rik og god.

 

 

 

TRENDAR

 

Full av stress og trendar

er vår nye, moderne tid,

alt dei vrir og vendar

-livet er stadig på gli.

 

Før på kaia alt me fekk,

spikar, sokkar, brød og ost,

der båtar kom og gjekk

med folk, varer og post.

 

Posten legg ned i bygda vår,

finn ikkje lenger kontorlokale,

etter gode tenester i over 200 år

set dei også her punktum finale.

 

Samfunnet går så det susar

frå langt uti havet til Kjølens rand,

effektivitet og pengar folket rusar,

sed og skikk druknar i velstand.

 

Når mammon rullar som bylgjer mot strand

må det nok undre mang ein arm stakkar

at han lyt dra milevis i verda sitt rikaste land

for å henta medisin og julepakkar.

 

 

 

TRIMPOENG

 

Gamle, vakre Løypingåsen

er så gild å vitje,

på tørre berg og mjuke mosen

er det godt å sitje.

 

Synet av bygda kan du nyte,

- mot øyriket og havet sjå,

la augo over landskapet flyte,

-strålar glitrar i sjøen blå.

 

På Fonnefjellet orren ivrig kurrar,

småfuglar i skogen kvitrar og syng,

tusenvis av små skapningar surrar

i gras og fargerik, blomstrande lyng.

 I lia under deg gauken gjel,

sola kyrkjespiret gyller,

lækjedom for kropp og sjel

deg i kveldstimane fyller.

 

Om hausten blå og raude bær

byr deg alle vitaminar du treng,

helsebot finn du over alt her,

 - men ingen trimpoeng.

 

Ved den store, runde stein,

under konglene i den fagre furu,

ein stille sus frå den grøne grein

mellom kropp og sjel byggjer bru.

 

Hadde ei lita bok i furua hange

her på dette framifrå kvileplatå,

ville namn blitt notert av mange

glade, håpefulle store som små.

 

 

 

TSUNAMIEN

 

Dovent turistar leikar i sand

på ei fredfull, varm strand,

ferieidyll under sol og himmel blå,

roleg sjø så langt auga kan nå.

 

Dei som merkar at vatnet unormalt sig

nysjerrige etter i vasskanten stig,

plukkar plastnett fulle av fisk

som ligg og sprelar fin og frisk.

 

Men naturfolket på staden der

i full fart mot fjellsida fer,

 for dei kan dette vera signal

om ruin og tap av liv i tusental.

 

Sjøen kom tilbake, fresa og froda

over landet, som ein vegg å skoda,

store, skummande flodbylger

fekk dei mest katastrofale fylgjer.

 

 

Store båtar langt inne i landet låg,

bilar oppe på hustak du såg,

trer og bygningar vart brotne ned,

tusenvis av mennesker strauk med.

 

Mot øydelagd bygd og by

kom sigøynarfolk ned frå sitt ly,

gamal visdom vart deira berging

frå flaumen si fælslege herjing.

 

Nært samarbeid med naturen

redda dei unna vassmuren,

ved å spela med naturen på lag

hadde dei berga livet også i dag.

 

I samarbeid med Gud og hans natur

folket framleis på framtida trur,

i hugen tung og sår

dei vonar på ein ny og god vår.

 

 

 

Alle som leid ille me hjelpe vil,

minske skaden tsunamien stelte til,

ta del i bygging av rassert landskap,

lindre lidinga etter dei store tap.

 

 

 

TURMINNE

 

I dag har eg vore heilt på Kjerringfjellet.

Naturen har så mykje fint å fortelle,

praktfull film han for meg lagar

frå turar med ungane i svunne dagar.

Minner knyter seg til myrar og nutar,

mor, far, ei lita jente og tre gutar.

Steinen der me ofte gjorde ei togn

og laga fløyter av sevjerik rogn,

forma vart kanskje ikkje så flott,

men lyden likte ungane godt.

Ved demma med dammen blå

me drøfta kva veg me skulle gå,

framom murane ved den gamle torvmyr

med omen frå stikking, tørking, ståk og styr,

ut til Sollibotn og innatt Grønevikstien,

eller til Presteselet og ned Grytelien ?

 

Frå Mikkelfjellet, tidlegare Fløyfjeld,

der munkane i sogetida messer held,

ser me austover grøne, vakre bøar,

mot vest ligg glitrande sund og sjøar,

den frodige Midtunvågen, bø i bø,

Stemnebøos, Folefotsund og Sognesjø,

og langt der ute det speglblanke hav

som ei kjensle av endeløyse oss gav.

Her levde fædrene i ætt etter ætt,

på lendet eg kan`kje sjå meg mett!

Lier med skog, rabbar med lyng,

voggande blomar, fuglar som syng.

Øvst i stien, tung og bratt,

nyt eg no, mo og matt,

synet av eit så storslege øyrike,

at eg tvilar på om det har sitt like.

Vår Herre gav oss med raus hand

eit aldeles utruleg vakkert land.

 

Naturen sin yre vårsong

minner om den gong

me friske og spreke

kobla av etter ei slitsam veke

på turar i desse markene her,

hugnad og helsebot fann me der.

 

Fram i minnet kjem

17.7.77, kl.17,35

då me i gamle Espeviktjønn,

med ei stille, inderleg bønn

om at dei måtte få leve og ikkje dø,

slepte ut tolv små elvekjø.

Eg minnest strålande barneaugo

ned i vatnet stire og glo

då byttene med fisken frå Midtunelva

ut i tjønna varsamt vart kvelva,

gode ynskjer me alle sende

med kjøa, fanga av ivrige barnehende.

Fiskane sakte gjennom vatnet glei,

- diverre såg me aldri meir til dei.

 

Om me ser ekorn, rev og andre dyr,

gjev det stemning som av eventyr,

og det er retteleg stort

om me får auga på ein hjort

som oppetter lia rasar

på sine sterke hasar,

eller i himmelsynet trona

med den prektige krona.

 

Her er berget der ein stor hoggorm låg,

den fyrste av slikt slag som ungane såg.

På Kjerringfjellet

måtte eg fortelle

om den tidlegare vakthytta

som den norske marinen nytta

for landet mot ufred å verna,

men som forlengst var fjerna.

Grunnmuren står tung og solid,

og minner om ei hard krigstid

då stormaktene sine kanoner ladde,

og om rolla nokre frå bygda hadde

i krigen 1914 til 1918

i hytta der på fjellknatten.

To og to sat trutt på vakt

for å varsla åtak frå framand makt.

Med ein sterk kikkert i stativ

kunne dei på fjorden fylgja alt liv

og augo kunne langt utover nå,

men framande hærskip dei slapp å sjå.

Ein gong ei kone, i telefonen, melde om

at ein ubåt inn Sognesjøen fossande kom,

men når dei sette kikkerten på

var det ikkje vanskeleg å sjå

at det som kona si merksemd stal

var ein sprutande, velvoksen kval.

Hol i berget viser enno

kvar kikkertstativet stod.

 

Ei haustnatt, i eit fælsleg uver

slo lynet i vakthytta ner.

Den natta ei vakt åleine var,

nemleg dykkar bestefar.

Han vart svimeslegen då det small

og då han vakna etter siste toreskrall,

var hytta og telefonlina mykje skadde.

Eit gevær på veggen lynet leia hadde,

til den jernsenga som då var tom,

heldig at den andre vakta ikkje kom.

Om han den natta i senga hadde lege

ville kanskje lynet han i hel ha slege.

 

Etter slik ei trasig soge

tok me stien som i ein liten boge,

førde ned til Presteselet,

der dvergen hadde så klårt eit mæle.

Me sende ut alle slags vridne rop,

or berget kom det svar på alt i hop.

På bakkane her gjekk før husdyr på beite,

kyrne gav god mjølk, bukkane vart feite,

i selet kokte stølsjentene så grom ein graut

at minst femten kjerringar i feittet flaut,

jentene kinna fjellsmør, ysta den finaste ost,

skaffa presten næringsrik og god sæterkost.

 

Me leika ved stille dammar,

sende store lasteprammar

med fiken og banan frå varme land,

tilbake for dei med singel og sand.

Kongle og kvist vart til velvurde kyr

og mange andre fagre og nyttige dyr.

 

Her smakte det godt med mat,

på ein høvande stein som fat,

og med heimelaga saft,

- det gav glede og kraft.

I vatnet kunne me plaske,

oss gullande reine vaske,

i vasskanten spidda me pølse over eld,

sløkte grundig før me, fram mot kveld,

med sekken over skuldra i reim,

gav oss på veg heim.

Me rusla gjennom skogen ned,

eit ekorn hoppa frå tre til tre,

plantefurua stod fint i rad,

det nærma seg soleglad.

Medan fuglane song i dalande sol

og gauken flittig over bygda gol

 me vandra ned kjende lier,

- det var fine og gode tider !