Bella 850

 

Bella 850 er ein hurtiggåande cabincruiser med slank linjeføring, elegante detaljar og god kjøyrekarakteristikk.

Store vindusflater skapar eit lyst og triveleg interiør, og bidrar til eit strømlinjeforma og tiltalande eksteriør.

Kraftige rekker og mange gripehandtak , sikrar trygg ferdsel ombord. Båten er utstyrt med 6 solide kryssholdt.

 

 

For å bedre ventilasjonen i båten vart det montert vindu på babord side. Det er i tilegg montert tre ventilar,

to i takluka og ein i dekksluka forran i køya.

 

Båten har ei dobbelseng i baugen. Under senga er det eit stort oppbevaringsrom. Under salongen er det ei

stikkkøye med plass til to personar. På styrbord side er det tolett med dusj. Det er ikkje drenert dørk på toalettet

i denne båten, men det er lagt til rette for det. Mellom toalettet og salongen er det plassert eit garderobeskap.

 

 

Salongen har ein u-sofa, med plass til 5-6 personar. Bordet er justerbart tverrskips. Bordet kan også fjernast.Ved

bruk av innleggsplate, blir det soveplass til ein person i salongen. Fremste del av u-sofaen kan vendast i fartsretningen,

og fungerer då som co-pilot sete. Seta er trekt med Alcantara stoff.

 

 

Denne båten er utstyrt med førarstol fra Aquador 28C. Stolen kan justerast i lengderetning, og er dreibar. I tilegg er

det oppfellbar lårpute, slik at det blir råd å stå og kjøyre. Ved landligge kan lårputa fellast opp, og stolen vendast

90 grader. Dermed er midtgangen helt fri for hinder. I tilegg kan stolen brukast som ein del av sittegruppa.

 

 

 

Bak førarstolen er det ein kjøkkenbenk med vask, og ei dobbel kokeplate. Det er skap under heile kjøkkenbenken,

og under sittegruppa.

Salongen og uteområdet er avdelt med ein glassvegg med skyvedør. Dekket er ca. 3,5m. Heile dekket fungerer

som motorromsluke, noko som gir lett adkomst til motor, batteri og servecepunkt. Motorrommet er kledd med

perforerte rustfrie stålplater. Det er automatisk brannsløkkesystem i motorrommet. Under motoren er montert

eige oppsamlingskar. Dette for å unngå olje- og dieselsøl til sjø, i tilfelle lekasje. Dekselet over batteria er fjerna

på bildet under.

 

 

 

 

 

 

Hovedstrømsbryter:

1. Start + Forbruk

2. Forbruk

Pumpehandtak for lensepumpe i dieseltank rom

 

 

 

 

På kvar side av dekk, er det faste benkar. Desse er levert

med avtagbare puter. Det er luker i benkane slik at ein får

tilgang til lasteromma. På styrbord side er det montert

septiktank, batteriladar, landstrøm, dieselvarmar,

trimplanmotor og tilt motor for drevet. Lasterommet er

over 1m djupt, og har svært god lastekapasitet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Lasterommet på babord side inneheld vanntank og

varmtvannsberedar. I tilegg er det plass til lange

objekt som fiskestenger mm. Det er god lastekapasitet

også i dette rommet.

 

Mellom dekk og badeplattformen er det montert to integrerte lastebrønnar. Desse rommar

alt av tau og blåser. I eine brønnen er det tilgang til dusj, med både varmt og kaldt vatn.

 

 

 

 

 

Båten er solid bygd, med (14-22)mm tjukt skrog under vannlinja. Over vannlinja er båten laminert

med divinycell kjerne for maksimal styrke. Skroget er delvis lydisolert med Armaflex og Noxodul.

 

 

 

Tekniske Data:

 

Lengde 8.5m

Bredde 2.95m

Vekt 2750 Kg.

Volvo Penta KAD300A 272Hk på propellaksling. 300t.

Diesel 240l

Vatn 70l + 20l varmtvannstank

Septik 45l Ejektorsystem eller vakumtømming frå land.

Manuellt pumpetoalett

Wallas 3.0Kw dieselvarmer. Dyser i salong, gang, toalett og stikk-køy

Wallas Kokeplater, 2 stk. diesel

Radio / CD

Baugpropell

Kapell

Raymarine E80 kartplotter m/ Platinum kart

Raymarine 2 Kw radar

Ekkolodd Raaymarine DSM300

Rategyro / Kompass Raymarine ST40

Volvo Penta EDC instrument

Trimplanindikator

Vindusspyler

VHF.

Vendbar førarstol, med oppvippbar pute.

Link til Bella broskyre: http://www.bellaboats.fi/2008/range