Arna Bjørnar Gaupe – Kyrkjebø/Vadheim   0-4    ( 0 – 3 )       Eirik 3, Tommy       Bane 6 kl.15.30

 

            Desse var med: Eirik, Anders, Tommy, Thomas, Martin, Kriss, Gard, Karl Jakob og Preben

 

 

            Dette var første kampen vår i Lærum Cup, og det gjekk veldig bra.

Første omgangen spelte vi fin fotball. Gutane prøvde å la ballen ”gå” og fekk det til og ved fleire høve. Første målet fekk vi etter 5 min. da gjekk ballen fra Kriss til Thomas og videre til Eirik som scora sikkert. 5 min seinare var Tommy frampå med ei flott scoring og gjorde 2-0. Eirik laga sitt andre mål like før pause på eit nydelig gjennomspel av Tommy. Før det hadde også Gard ein stor sjanse.  Arna Bjørnar hadde også store sjanser, men dei var heldigvis ikkje like dyktige framfor mål.

 

Andre omgangen var også ganske jamnspelt. Gard hadde nok ein gang ein stor sjanse utan å lukkast. Arna Bjørnar pressa på utan å score. Etter 15 min laga Eirik sitt tredje mål, hat-trick, og vi leda 4-0. Dette vart også sluttresultatet.

Alle gutane gjorde ein flott kamp. Anders, Martin og Preben rydda opp i forsvar. Eirik, Kristoffer og Tommy jobba godt på midtbana. Spissane Thomas og Gard jobba godt, men utan å få mål.

 

Kjempestart på Lærum Cup av gutane   J