Eidsvåg Bjørn
– Kyrkjebø/Vadheim 0-2 ( 0 – 0 ) Thomas
2 Søndag
2 juli kl. 10.00 Bane
2
Desse var med: Eirik, Anders,
Tommy, Thomas, Martin, Kriss, Gard, Karl Jakob og Preben
Kanonkamp av
gutane..alle jobba, kjempa og sleit i heile kampen. Det ga også resultat.
Kampen åpna med eit lite press fra
Eidsvåg Bjørn. Dei hadde ein del sjanser, men Karl Jakob tok seg
av det som kom. Vi hadde også sjanser til å score , utan å
få det til. Eidsvåg Bjørn spelte tøft og både
Kriss, Thomas og Eirik måtte ned for telling. Omgangen ebba ut, utan at
nokon klarde å lage mål.
Tidlig i andre omgang fekk Thomas ein pasning ut
på kanten. Da han såg at det ikkje var medspelara i feltet,
prøvde han eit skot. Det kom nok uventa på målmannen til
Eidsvåg Bjørn. Ballen gjekk via målmanne fra nesten
død vinkel og inn i mål, nydelig scoring. Målet tende gutane
enda meir, dei kjempa som løver. Byrja no å bli ganske ampert ute
på bana. Eidsvåg Bjørn kjefta kraftig på dommaren,
filma og viste seg fra ei lite sympatisk side. Eidsvåg Bjørn
pressa oss bakpå på slutten av kampen, men Kristoffer og Karl Jakob
som stod i mål halve omgangen kvar, redda det som kom. 1 min før
slutt sparker KJ ut til Preben, han legg videre til Eirik som igjen spelar
Thomas igjennom. Thomas avslutter med eit skot som går forbi
målmannen og inn i mål. Kjempejubel på bana og på
sidelinja. Vi vant 2-0 og gutane hadde levert sin beste kamp. Då dommaren
bles av kampen gjekk laglederen rett ut på bana og kjefta den kvinnlige
dommeren huden full. Eg spurte ho etterpå kva han hadde sagt.
”Elendig dømming” m.m var utsagna til Eidsvåg
Bjørn laglederen. Spelarane til Eidsvåg Bjørn ville heller
ikkje takke for kampen. Trur nok at Eidsvåg Bjørn trudde at dette
skulle gå greit sidan vi hadde tapt for 1-2 for Venjar, og dei hadde
slege dei 12-0.
Gutane kan være stolte av det dei har prestrert
denne helga. 2 seirer og 3 tap. Vi vart heller ikkje utspelt i nokon av kampane
som vi tapte. Må og ta med at vi spelte i gruppe med berre 12
åringer. Berre 3 av spelarane våre er 12 år, resten er 11.