Kyrkjebø/Vadheim
– Sykkylven 2 2-7 ( 2-2 ) Tommy,
Thomas Fredag
30.juni kl.18.00 Bane
12
Desse var med: Eirik, Anders,
Tommy, Thomas, Martin, Kriss, Gard, Karl Jakob og Preben
Litt seinare på fredag møtte vi
Sykkylven 2. Her møtte vi tøffare motstand. Vi hang bra med i
første omgang. Sykkylven åpna best og scora etter 3 min. 2 min.
seinare utligna Tommy. Like etter hadde Erik eit frispark som gjekk like over.
Thomas sendte oss i ledelsen etter 10 min på eit flott skudd. Rett etter
fekk Sykkylven straffe etter at vi handsa i straffefeltet. Den scora dei
på og vi gjekk til pause med 2-2.
Andre omgangen starta veldig dårlig for oss.
Sykkylven fekk 4 kjappe mål og leda 6-2. Vi hadde og nokre sjanser, men
lukkast ikkje framfor mål. Rett før slutt scora Sykkylven igjen og
vant 7-2. Det var ikkje noko å seie på at vi tapte her. Vi
møtte eit godt lag som vi gav god motstand sjølv om vi tapte.
Etter denne kampen har vi pause til Lørdag
morgon kl. 08.00. Da skal vi møte Os Turn 1.