

Fredag 30.juni:
Vi reiste til Sogndal tidlig på fredag i
eit fantastisk sommervær. Måtte innom storhallen for å hente A-kort, T-skjorter
m.m.
Reiste så videre til Gaupne der vi skal ligge
på Gaupne Ungdomsskule. Vi hadde fått tildelt ei scene som overnattingsplass.
Etter at vi hadde installert oss på
skulen, reiste vi ut att til Hafslo. Kampene stod for tur, med kamp mot
Arna Bjørnar Gaupe kl. 15.30. Klokka
18.00 møtte vi Sykkylven 2. Det enda med ein seier og eit tap.
Etter kampen reiste vi innatt til Gaupne
og skifta. Buss til Sogndal kl.20.00, med middag i idrettshallen. Pølse med
stappe
og is til dessert. Tok så buss innatt til Gaupne
kl.21.30. No slappa vi av litt før vi måtte ta kveldstellet. På skulen skulle
det være stilt kl. 23.00.
Både eg og gutane var skikkelig trøtte, så det var
ikkje noko problem med sovinga. Snork, snork.
Lørdag 1. juli:
Uff, uff, mobilane som vi hadde på vekking byrja å
ringe kl. 06.00. Første kampen går kl. 08.00. I Gaupne fekk vi frukost
I idrettshallen like ved skulen. Etter frukost bar
det til Hafslo. Geir med Høyangbussen tilbydde seg å køyre gutane ut. Det passa
oss kjempegodt.
Tusen takk til Geir.
Første kampen var mot Os. Tapte 6-4 i ein ganske jamn
kamp. Etter kampen hadde vi pause til 10.30. Da var det ny kamp, denne gang mot
Venjar.
Tapte kampen 1-2 i ein kamp vi skulle vunne 10-2
etter sjansefordelinga. Etter kampen reiste vi innat til Gaupne. Gutane hadde
lyst til å bade i
symjehallen som låg på skuleområdet.
Etter badinga, bydde Anne og Terje gutane på brus,
pølse og brød, på campingplassen i Gaupne. Sidan vi hadde så god tid på
ettermiddagen fant
Terje på at vi skulle ta oss ein tur til Jostedalen
og Nigardsbreen. Vi såg ikkje bjørnen. På veg tilbake var vi ut på ei sværa
hengebru som gjekk
over ei frådande elv,spennande. Ein fin tur i nydelig
sommervær.
Middag måtte vi ha i dag og. Kl. 19.00 tok vi buss
til Sogndal, i dag var det kjøttkaker og stappe. Etter middag gjekk vi ned til
Sogndal sentrum.
Her var det mykje å bruke pengane på. Var innatt
kommet til Gaupne kl. 22.30 etter at vi måtte vente ein ½ i Hafslo på ein
forsinka buss.
Klokka 23 var det kveldsstell att. Trur alle sovna på
ein blunk i kveld, skikkelig trøtte.
Søndag 2. juli.
Opp klokka 07.30. Etter frukost i hallen var der det
pakking og rydding av ”rommet” vårt, så bar det til Hafslo og siste kampen.
Eidsvåg Bjørn stod på andre sida kl. 10.00. Tett og
spennande kamp som enda med 2-0 seier til oss. Var deilig å vinne denne kampen.
Da var det slutt på Lærum Cup. Etter kampen reiste
dei flest heim, medan nokon reiste vidare på ferie.
Ei flott helg med mykje fotball og fantastisk flott
vær.
Ynskjer deke alle, med foreldre, ein fin ferie.

Mvh Magne