Os Turn 1 –
Kyrkjebø/Vadheim 6-4 ( 3-1 ) Eirik 2, Tommy, Gard Lørdag 1.juli kl. 08.00 Bane 4
Desse var med: Eirik, Anders,
Tommy, Thomas, Martin, Kriss, Gard, Karl Jakob og Preben
Tidlig
lørdags morgon møtte vi Os. Dette var ein jamn og god kamp fra
begge lag.
Os åpna sterkt og leda 2-0 etter 6 min. Vi kom
bedre inn i kampen og etter 10 og 12 min. hadde Tommy og Kriss store sjanser,
men uten å få ballen inn i mål. Etter 15 min skaut Gard i
stanga, og på returen var Tommy våken og sette ballen i mål. Like før pause spelt
Os flott fotball og la på til 3-1. Dette vart også pauseresultatet.
I andre omgang var det vi som starta best. Eirik laga
2-3. Gard utligna til 3-3 på innlegg fra Thomas. Like etter hadde Eirik
eit kanonskot som målmannen til Os berre høyrde susen av. Eirik
skada seg da han scora ledermålet. Han datt og fekk hånda under
seg, slik at han fekk ein vridning i ein finger. Eirik klarde ikkje å
spele meir i denne kampen pga. smertene. Vi leda 4-3 etter flott spel og god
jobbing av gutane. No tok Os meir over og dei utligna på eit
sjølvmål av oss. Like før slutt fekk dei 2 til og vann
kampen 6-4.
Tapet var ikkje noko å henge med hovudet for.
Os var berre litt bedre enn oss. No skal slappe av i nesten 2 timer før
det vært klart for ny kamp, denne gang mot Venjar.
Sjå her kva
Os har skreve på sine heimesider.