Kamp 6. 24.06.07 kl.14.30

 

Eid Gul - Kyrkjebø/Vadheim 5 - 2                (2-0)    Thomas og Kriss

                                                                                                                                      

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Sivert, Karl Jakob, Henrik, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss.

 

Dette var den sjette og siste kampen i Grodaas-Cup.

Vi møtte eit meget godt Eid lag, og vi var sjanselause sjølv om vi spelte ein god kamp der innsatsen var på topp.

Martin i midtforsvaret hadde fleire gode avklaringer, likeeins Gard skikkelig på hugget. Lasse og Henrik kjempa godt

mot overmakta. Til pause leda Eid 2-0 etter massivt press, men innsatsen som alle KyVad spelarane la ned vart

det berre med 2 baklengs.

 

I andre omgang klarde vi å komme oss litt lenger opp på bana, men det var Eid som scora først no og.

Henrik var nære på da han snappa ein ball på midten. Han kom seg forbi ein Eid spelar men det gode skotet gjekk i nettveggen.

Kriss scora vårt første mål i kampen, da han utnytta rot i forsvaret til Eid. God innsats av Kriss gjorde at han fekk belønning med

å score. Eid gjekk opp til 4-1 og 5-1 på  langskot. Nokre minutt før slutt var Thomas frampå. Skotet som han sendte i veg etter sommel

i Eid forsvaret, gjekk inn og vi reduserte til 2-5. Dette vart også slutt resultatet.

 

Da var det også slutt på Grodaas-cup. 2 uavgjorte kamper og 4 tap. Synd at ikkje gutane fekk seg ein seier, det hadde dei frotjent.

Begge uavgjort kampene var det berre uflaks som gjorde at vi ikkje vann. Likeeins kampen mot Tamberskjelvar som vi leda 3-2

like før slutt. Sjølv om Tamb. fekk 3 kjappe mål på slutten, var dette den kampen som var best spelemessig. Her gjorde alle

gutane ein kjempekamp, sjølv om det til slutt enda med tap.

Så GUTTER: Vi fekk ikkje ein einaste seier, men spelemessig og sjansemessig var vi ikkje langt unna.