Kamp 5. 24.06.07 kl.12.30

 

Kyrkjebø/Vadheim – Førde 1             2 - 2                (0-0)            Thomas og Preben

                                                                                                                                      

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Sivert, Karl Jakob, Henrik, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss.

 

Ny dag og nye muligheiter. Etter ei god natts søvn  var vi klar til ny kamp.

Førde åpna best og hadde flire cornere og skotmuligheiter i begynnelsen av kampen, men Karl Jakob hadde stengt buret.

Første sjansen fekk vi etter 9 minutt, men forsøket fra Kriss vart avklart til corner som vart resultatlaus. 2 minutt seinare vart

Thomas spelt igjennom av Kriss. Thomas kom aleine mot keeper, kom seg forbi keeperen, me da kom det ein Førde spelar

og fekk avklart. Kanskje skulle du ha prøvd på eit skot. Preben hadde ein kjempsjasne rett før pause, men ballen gjekk over.

 

2 minutt ut i andre omgang avklara Lasse i forsvar, Kriss fekk ballen, videre til Preben som igjen sentra til Thomas. Thomas

gjorde ingen feil og sette ballen i mål. Kanonspel av gutane. Preben hadde ein 100% sjanse etter 18 min., men aleine med keeper

lukkast han ikkje. Det gjorde han imidlertid nokre sekund seinare. Preben sin 2-0 scoring var av det nydelige slaget. Fra langt hold, gjekk skotet i ein bue over keeper og inn i nota. Vi leda 2-0 og det var ikkje meir enn 5 minutt igjen av kampen. Vår første seier var innen rekkevidde,

men trur du den kom??? Reduseringa til 2-1 for Førde kom på eit vakkert langskudd som Karl Jakob var sjanselaus på.

Minuttet før slutt fekk dei også 2-2. Dette var eit billig mål som keeperen vår var uheldig på.

Med dette ebba kampen ut med uavgjort. Synest skikkelig synd på gutane no, her hadde dei fortjent å vinne etter ein flott kamp.