Grodaas Cup Juni 2007

       Fredag 22.juni:

 

       Så var endelig dagen for avreise  til Grodaas-Cup kommet. Eg tok med meg Thomas, Kriss, Gard og karl Jakob.

       Fra Vadheim reiste Harald og Petra med Sivert, Martin og Henrik. Terje og Anne hadde med Preben og Lasse.

Vi reiste fra Kyrkjebø kl 16.30. Måtte ha ein stopp på Skei. Gard måtte kjøpe tannkost, han gliste godt, den gløymde

han i fjor og. Klokka 19.00 var vi framme i Grodaas. Etter at vi hadde vore på innsjekk kontoret fekk vi med oss ein mann som skulle vise oss kor vi skulle bu. Overnattingsplassen vår vart ei kjellerleilighet oppe i eit byggefelt over Grodaas sentrum. Det var ein skikkelig nedtur, men vi fekk gjere det beste ut av det. Da all bagasje var komt inn i leiligheta og liggeplassene var ”oppblåst”, reiste vi på skulen og åt kvelds. Litt tid til fotball vart det og. Været kunne vore bedre, med litt duskregn. Klokka 23.00 var vi ”heime”. Klokka vart vel sikkert rundt 01.00 før dei siste sovna.

 

Lørdag 23. juni:

 

Vi måtte tidlig opp på lørdag. Første kampen var allerede kl. 08.30. Vekking kl 06.40, på med fotballutstyret, så køyrde vi ned på skulen for

å ete frukost. Etter frukosten rusla vi opp til bane 7 der dei 2 førstekampene skulle spilles. Andre kampen gjekk kl 12.00. I pausane mellom

kampene var det nokon som prøvde bogeskyting, paintball og nokon var med på Tine fotball skule med bl.a. Frode Grodaas og Dennis Schiller.

Lagbilde tok vi også. Siste kampen i dag var ikkje før kl 18.00. Det var ein trøtt gjeng som reiste tibake til leiligheta etter siste kampen.

Da var det dusjing med vatnrasjonering. Maks 2 min. under dusjen for kvar. Måtte gjere det slik for at alle skulle få dusje i varmt vatn.

Da alle var ”staila” reiste vi ned på skulen att. Kveldsmatne på jonsokafta var grillmat, det smakte skikkelig godt. Etter maten var det diskotek

i gymsalen. Rundt kl.23.00 hadde vi fått nok. Da reiste vi ”heim”, at snop, chips og drakk brus. Det var ein sliten gjeng som sovna rundt kl 00.30.

 

 

Søndag 2. juli.

 

I dag sov vi lenge. Vekking kl. 08.40. Første kampen var ikkje før kl. 12.00 i dag. Etter frukost på  skulen køyrde vi tilbake og pakka og rydda.

da pakkinga og ryddinga var det klart for kamp. Siste kampen i dag var klokka 14.30. Etter ein liten matpause etter siste kampen var det klart

for heimreise. Vi var heime ca. kl.19.00.

 

Ei kjekk, men slitsom, helg med mykje fotball var over.