Kamp 10  14.09.2006

 

 

Askvoll/Holmedal - Kyrkjebø / Vadheim            5-4      (3-2)    Thomas 2, Tommy og Sivert

Dommer: Dømte godt, men burde sett og blåst mål for den ballen som var inne.

                       

KyVad stilte med følgende spelara: Andreas, Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss. Anders mangla.

 

Kampen var berre eit minutt gammel da Kriss spelte Thomas igjennom, men skotet gjekk utanfor. Vi hadde fleire store sjanser før vi etter 10 minutter gjekk opp til 0-1. Det var, som så mange ganger før, Tommy som avslutta med eit nydelig skot. Like etter hadde Thomas nok eit bra skot forsøk, men målmannen til Askvoll som var veldig god, redda meisterlig. Etter 15 min utligna Askvoll etter dårlig avklaring i forsvar.. 3 minutt seinare gjekk vi nok ein gang i ledelsen. Sivert stod for ein fin prestasjon, da han tråkla seg gjennom forsvaret til Askvoll og scora fra kloss hold. Askvoll hadde sine store sjanser og, bl.a. eit skot som knalla i tverrliggaren, den hadde nok fortjent ein bedre skjebne. 2-2 kom etter 22 min. Den scoringa kom som følgje av at vi ikkje jobba godt nok tilbake. Askvoll kom 3 mot 2 som dei gjorde ved fleire høve. Rett før pause gjekk Askvoll opp i ledelsen, her var Karl Jakob uheldig på ein ganske enkel ball. Askvoll gjekk til pause med 3-2 ledelse.

 

Andre omgangen starta med eit massivt press mot oss. Karl Jakob redda oss ved fleire høve med flott redninger. 4-2 til Askvoll kom på ein misforståelse i forsvaret vårt. 2 spelara vart ikkje einige om kven som skulle avklare, det utnytta Askvoll og scora . Etter 10-12 min klarde vi å spele oss innatt i kampen. Thomas reduserte til 4-3 på eit nydelig skot. Kriss hadde minuttet seinare eit fantastisk raid som han avslutta med å legge ballen til rette for Thomas. Skotet hans gjekk igjennom beina til målmannen og inn i mål. 4-4 og no var vi for fullt med igjen.  Kampen bølga fram og attende resten av kampen. Vi hadde ein ball som sikkert var over halvmeteren inne utan at dommeren blæs mål, dette bekrefta Askvoll sin ledar etter kampen. Men, men det er dommaren som dømmer…….Askvoll fekk seiersmålet 6 minutter før slutt på eit flott skot.  Alt i alt ein ganske jamn kamp. Gutane virka litt trøtte i dag, litt av skylda for det må vel fjellturen  med skulen før i dag ta. Det er lov å være trøtt da.