Kamp 2
11.05.2006 Askvoll/Holmedal
– Kyrkjebø/Vadheim 3-4 (3-1) sjølvmål, Kriss, Thomas og Tommy
Dommer:
Ja, god.
KyVad
stilte med følgende spelara: Andreas, Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard,
Lasse, Preben, Thomas og Kriss.
Fytti
rakkern, dette vart ein spennande kamp.
Kampen starta med eit spelemessig overtak for KyVad, men det var
Askvoll som scora først . Scoringa kom etter 3 min. som følge av at vi ikkje
klarde å avklare. Kriss hadde ein kjemesjanse etter 7 min, men ballen ville
ikkje i mål. 2 min. seinere hadde vi ein flott kombinasjon, uten å lukkast å
score no heller. Så, vi fekk corner etter 17 min, Thomas la corneren og ein
Askvoll spelar var uheldig å beina ballen i eige mål. 1-1 var eit faktum. Etter
scoringa vår virka det som vi tok ein liten pause og Askvoll fekk meir tak på
kampen. 2 kjappe scoringer i det 24 og 26 min. Rett før pause hadde Gard ein
kjempesjanse, men ballen small i stolpen. Askvoll gjekk til pause med 3-1
ledelse.
I andre omgangen hadde vi ballen veldig mykje. Etter 11 min. hadde
Tommy eit skudd som gjekk rett over. Litt seinere hadde Gard ein stor sjanse,
men det lukkast ikkje no heller. Tommy hadde nok ein stor sjanse etter 19 min,
men no gjekk skuddet uheldigvis rett på keeper. No begynte vi å ane at vi ikkje
skulle klare å score fleire mål. Slik skulle det heldigvis ikkje gå. Etter 21
min. scora Thomas på eit flott gjennomspill. Skotet gjekk i legste hjørne og
keeper var sjanselaus. 2 min. seinere sendt Kristoffer i veg eit skot fra egen
halvdel. Ballen datt ned rett foran keeper og spratt over han og inn i mål. No
hadde vi 3-3 og 7 min. igjen å spele. Vi fortsatte å produsere sjanser og da
det var 1 min. igjen fekk vi corner. Thomas la corneren rett på hovudet til
Tommy som nikka ballen nydelig i mål. Ei kanon scoring og med det enda kampen
med seier for oss. Dette fortjente gutane.
Alle spelarane gjorde ein kjempejobb
i dag. Det vi må prøve å jobbe med på trening framover, er å bli tøffere
i nærkampene. Vi må ta i litt meir…..i tillegg må vi prøve å bli litt bedre på
å organisere oss på bana. Med det meiner eg at vi må prøve å komme tilbake på
plassen etter at vi for eksempel har vore med opp i angrep.