Kamp 12 

 

27.09.2007           Balestrand - KyVad                4 - 2    (2-0)    Andreas 2

                             Dommer: Ung gutt, god.                                 Været: Nydelig vær, men kaldt.

 

                             KyVad stilte med følgende spelara:Sivert, Karl Jakob, Martin, Gard, Lasse,Thomas, Kriss, Erik, Jonas, Mads og Henrik, Andreas og Preben.

                            

                             No stod sesongens siste kamp for tur. Balestrand stod på motsatt banehalvdel, eit lag vi hadde håp om å slå.

                             Kampen begynte godt for oss. Balestrand var vel ikkje over midten før 10 min. var gått. Allikevel klarte vi ikkje å score mål, tross store sjanser.

                             Etter 3 min var det flotte kombinasoner. Ballen gjekk fort på ett touch fra Preben til Thomas, som la videre til Kriss. Skotet gjekk utanfor. Thomas hadde eit skot rett på keeper fra god posisjon. Preben knalla til på ein sentring fra Kriss, ballen slo i stanga. På ein corner like etter nikka Kriss

                             i tverren. Balestrand kom no inn i kampen. Dei hadde nokre halvsjanser før dei gjekk opp til 1-0. Med litt hell skulle nok Karl Jakob ha tatt den.

                             Mads hadde eit flott raid etter 18 min, men skotet gjekk utanfor. Det ville seg liksom ikkje for gutane i dag. Balestrand gjekk opp til 2-0 like før

                             pause. Som så mange ganger før kom baklengs målet på for dårlig press, og ikkje flinke nok til å markere motstandaren. Kriss avslutta omgangen med eit skot utanfor.

 

                             Andre omgangen var ikkje minuttet gammel før vi heldt på å redusere. Sivert kom i stor fart mot Balestrand keeperen, avslutninga gjekk ikkje vår veg her heller. Etter ein corner fra Thomas , nikka Kriss rett på keeperen. Nei, det ville seg ikkje og da Balestrand gjekk opp til 3-0 etter 6 min, såg det ikkje lyst ut. Like etter heldt det på å bli 4-0, men Karl Jakob redda fint. Etter 13 min av omgangen fekk vi endelig ei redusering. Andreas brukte farten sin og sprang fra det som var av Balestrandspelara. Avslutninga satte han til side for keeper. Nydelig scoring. Det virka som målet satte litt meir fart i gutane. Erik var nære på, men skotet gjekk utanfor. Balestrand hadde og nokre store sjanser. Andreas var nær å sette inn sitt andre mål for kampen, men keeperen redda. 4-1 til Balestrand kom etter 20 min, på eit skot over Karl Jakob. Sivert var nære på like etter, men skotet strauk stolpen. Vi skulle få ei redusering til på tampen. Nok ein gang var det Andreas som stod for målet.

 

                             Så var sesongen over. No venta det pizza og brus på Nobel når vi kom til Høyanger. Etter stemninga på Nobel å dømme, var det tydelig at gutane allerede hadde gløymt tapet.

 

                             Sjølv om resultata ikkje har gått vår veg denne sesongen, trur eg spelarane har hatt det moro i lag, både på trening og kamp.

                             Eg har iallfall trivdes godt i lag med deke, dere er ein flott gjeng. Ynskjer alle lukke til med ny sesong neste år.