Kamp 6  K

 

14.06.2007           Balestrand - KyVad                4 - 2    (4-1)    Thomas og Kriss

                             Dommer: Ung gutt, god.                                 Været: Halvskya, litt sol. Flott spelevær

 

                             KyVad stilte med følgende spelara:Sivert, Karl Jakob, Martin, Gard, Lasse,Thomas, Kriss, Erik, Jonas, Mads og Henrik. Andreas og Preben mangla.

 

KyVad starta forrykande, Kriss raida rett i angrep, la inn og Erik var nære på før det var gått 20 sek.. Balestrand kom seg fort etter åpningssjokket, og skaut i stolpen etter 2 min. Like etter gjekk Balestrand opp til 1-0 på eit flott langskudd. Kriss var nære på, men skuddet strauk stolpen. Utover i omgangen bølga spelet fram og attende, jamt, men no skulle Balestrand få 3 kjappe mål.  I ein fem minutters periode fra det 18 til 23 min, scora dei 3 ganger. Mellom scoringane hadde Mads ein stor sjanse etter flott forarbeid av Erik. Skotet fra Mads tok målmannen til Balestrand seg av. Litt seinare var Thomas nære på, men skotet vart redda. 2 min før pause fekk vi ei redusering. Thomas klaska til på eit langskot som gjekk inn  over målmannen. Den skulle han vel kanskje ha hatt, men heldigvis for oss gjekk den inn. Rett før pause heldt vi på å redusere ein gang til. Kampen gjekk til pause med 4-1 til Baletrand, etter ein heilt jamnspelt omgang.

 

Andreomgangen var berre 3 min gammel da Erik spelte til Kriss som dundra ballen i nettet. Nydelig………… Balestrand skaut i stanga. og Karl Jakob varta opp med nokre flotte redninger. Jonas var nære på  i 6 min. men skotet gjekk over. Erik hadde ein bra sjanse etter at Thomas kom seg fram på sida og la inn. Thomas hadde eit flott skot like etter, men den vartt slått til corner. Sivert var og frampå med skotfoten, men ballen gjekk også her over målet til Balestrand. Erik var nære på igjen, men skotet vart redda. Balestrand var også farlige. Eit skot strauk stanga, og like etter small det i tverren og ned på streken, men heldigvis, Karl Jakob rydda opp i siste liten. Ikkje lenge etter var det vi som ikkje klarde å score på 2 store dobbeltsjanser. Thomas skaut i stanga, og returen satt Erik rett på målmannen til Balestrand. Her var vi berre litt uflaks fra å redusere nok ein gang.

Heilt på slutten av kampen hadde Kriss 2 store sjanser, bl.a eit skot som small i stanga.

 

Alt i alt ein bra kamp av gutane. Vi vant andreomgangen 1-0, og dei siste 37 minttane av kampen med 2-0.

No er det sommerpause, etter Grodaas-cup,  men treningane fortsetter i sommer, så lenge det passer seg slik.