Kamp 5

 

24.05.2006           Dale – Kyrkjebø/Vadheim      6-5      (4-1)    Kriss , Tommy 2, Gard

                             Dommer: Ungdom, heilt Ok jobb                   Været: Skya oppholds vær. Kjølig

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss. Andreas mangla i dag.

 

                             La det være sagt med ein gang: Detta var eit forbanna surt tap……………….

                             Kampen starta veldig bra spelemessig for oss. Alt etter 1. min hadde Thomas ein kjempesjanse på pasning fra Kriss, men dessverre gjekk skotet rett på keeper. Etter 3 min. kontra Dale inn 1-0, som kom av at vi ikkje klarde å avklare godt nok. Minuttet etterpå vart det 1-1. Nydelig spill, klikk, klakk og Tommy avslutta med eit skot som gjekk inn like til side for keeper. Kampen forsatte med eit klart overtak spelemessig, men vi hadde ikkje ”fru Fortuna på vår side. Kriss skaut over etter 5 min, stor sjanse. Etter 9 min. vart Thomas spelt igjennom av Tommy men skotet gjekk rett på keeper. Like etter var det Dale som var frampå. Karl Jakob var uheldig da ein slakk ball trilla gjennom beina hans og inn i mål. Litt etter hadde vi nok ein kjempesjanse på eit gjennomspel men Dale sin keeper var utenfor 8-meteren og avklara med ei lang tå i siste milliontedels sekund………3-1 til Dale kom og på eit tullemål som vi skulle ha avklart. Like før pause auka Dale til 4-1. Etter spel og sjanser følte vi at dette var urettferdig, men i fotball er det måla som tel. Det var fleire frustrerte spelara i pausen som ga uttrykk at vi ikkje fekk betalt for alt det flotte spelet vårt.Tross alt bestemte vi oss for å gå på bana i andre omgang med det som mål å prøve å ta dei igjen. Det gjorde vi faktisk og, ei stund………

 

Omgangen var berre 1 min. gammel var Gard frampå med ei lang tå, og ballen gjekk inn forbi keeper. 3 min. seinare hadde Tommy eit skot som strauk stanga ,selvfølgelig, på utsida. Like etter hadde samme gut eit frispark som gjekk rett over. I denne perioden hadde vi mange flotte angrep, og da Tommy lukkast med eit skot etter 11 min, fekk vi trua tilbake. På eit hjørnespark i 18 min. var Gard frampå for andre gang i dag, 4-4 og kampen var heilt åpen. Vi hadde fleire gode forsøk etter dette og . Thomas hadde eit skot utan å lukkast. Preben hadde ein stor sjanse, men ballen gjekk rett over tverren. På slutten av kampen mista vi litt grepet, og Dale var frampå med 2 scoringer, surt. Rett før slutt fekk vi ei redusering ved Kriss på eit langskot. Her var keeperen til Dale på ein liten skogstur. Slik slutta kampen med eit knepent 6-5 tap. Mange flotte prestasjoner av spelarane våre.

Tommy med mange gode raid oppover som laga sjanser for både han sjølv og andre på laget. Anders, Martin, Lasse og Preben i forsvar rydda godt opp. Kriss, Tommy og Sivert sleit som slaver på midten. I angrep, Gard med 2 mål og Thomas med god innsats sjølv om måla uteblei i dag. I mål stod Karl Jakob.

STÅ PÅ GUTTER, VI NÆRMER OSS. SIST TAPTE VI 8-5.