Kamp 7

 

22.06.2006           Gaular – Kyrkjebø/Vadheim             8-5      (2-2)    Thomas 4, Kriss

                             Dommer: Heilt ok jobb                      Været: Skya oppholds vær. Varmt og godt.

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss. Andreas  og Anders mangla i dag.

 

Kampen starta veldig bra for oss. Alt etter 4 min. hadde Kriss 2 store sjanser, som med litt meir hell kunne ha gjeve scoring. Minuttet etter scora Thomas sin første scoring for kvelden, etter ein gjennombrudds pasning fra Tommy. Litt seinare fekk Gaular corner som førte til ein sjanse, utan at dei fekk utteljing. Like etter varta Karl Jakob opp med ein kjemperedning. Etter 9 min. fekk Thomas ein nydelig pasning fra Kriss, og avslutninga satt der den skulle. Vi leda 0-2, kanskje ikkje heilt fortjent.No pressa Gaular oss skikkelig over på defansiven. Dei hadde 3 kjempesjanser med berre minutts mellomrom. I det 20 min. kom reduseringa. Ein Gaular spelar sprang heilt fra egen dølinje over heile bana, etter at vi hadde hatt corner, og scora Gaular sitt første mål. 2-2 kom like etter som følgje av at vi ikkje klarde å avklare i forsvar. Lasse hadde ein stor sjanse etter 25 min, men mål vart det ikkje. Sivert, Kriss og Tommy kombinerte fint etter  27 min, utan at det vart utteljing. På overtid i 1 omg. burde Gaular ha scora. Aleine gjennom, sette han ballen , heldigvis for oss, utenfor.

Andre omgang starta med eit markert Gaular overtak. Dei hadde fleire store sjanser før scoringa kom i 4 min. Gaular fortsatte å føre kampen. Etter 12 min. går dei opp til 4-2. Scoringa kom etter eit hjørnespark. Like etter hadde Kriss ein sjanse, men Gaular kontra og satte inn 5-2. No kom måla tett utover. Kriss laga 5-3 etter klabb og babb i feltet etter eit hjørnespark. I neste 5 min. periode laga Gaular 3 enkle mål. Trur vi var begynte å bli trøtte no. Tommy hadde 2 fantastike raid, men var uheldig og klarde ikkje å putte ballen i mål, uflaks. På slutten av kampen klarde vi å redusere 2 ganger. Det første kom etter at Kriss sprang fra alt og alle og ga ballen til Thomas som dundra den i tverren og ned, nydelig mål. Hat-trick av Thomas. Like etter laga Thomas sitt 4 mål for kvelden, Kriss med målgjevende her og. Dommeren bles av kampen og Gaular hadde vunne fortjent 8-5.

 

Gaular er eit hardt kjempende lag som er knallharde i duellane, men gutter, vi må trene og stå på videre.Berre 8 dager til Lærum Cup.

Kampen som vi spelte i dag, skulle egentlig spelast 17 august.