Kamp 12   28.09.2006

 

24.05.2006           Høyang – Kyrkjebø/Vadheim             2 - 1                (0-0)            Sivert

                             Dommer: Petter Sortland, Ok jobb.                                       Været: Overskya, vindstille, men ein god del regn

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Andreas, Anders, Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss.

 

                             Så var det klart for årets siste kamp, lokaloppgjer mot Høyang i Høyanger. Tapte 2-1, surt tap da eg føler at det vi som har dei fleste sjansene.

                             Kampen starta med 2 store sjanser for oss. Kriss hadde eit skot etter 2 min. som gjekk like utenfor. Thomas og Tommy kombinerte flott like etter, avslutninga tok den gode Høyang målmannen seg av. Høyang var frampå med eit godt skot etter 7 min, dessverre for Høyang gjekk ballen like utenfor. Høyang hadde eit flott angrep etter 13 min, innlegget fra Robert var det ingen Høyang spelara til å ta seg av. Sander hadde eit kanon skot etter 15 min som Karl Jakob redda på ein meisterlig måte. Litt seinare spelte Kriss Thomas fri, fra ganske spiss vinkel gjekk skotet i nettveggen. Andreas fekk ein flott pasning fra Thomas, som han avslutta med eit skot som målmannen så vidt fekk redda. Etter 23 kom eit av kampens finaste angrep.  Ballen gjekk fra mann til mann i bra tempo, men Thomas sendte avslutninga i nettveggen her og. Andreas hadde nok eit bra skot forsøk, men ballen gjekk utanfor. På tampen av omgangen hadde Kriss to flotte skot forsøk som Høyang målmannen tok seg av. 0-0 til pause, og faktisk ein av dei beste omgangene vi har spelt i år.

 

                             Etter 1 min. av andre omgangen burde Høyang ha scora etter sommel og dårlig avklaring i forsvar, heldigvis gjekk ballen utanfor. Kriss, Thomas og Tommy kombinerte fint etter  4 min. Skotet til Tommy vart redda. 2 min seinare kom kampens første mål. Sivert sendte i veg eit skot, som på veg inn i mål, var innom  ein Høyang spelar. Vi leda 1-0 mot Høyang og var nesten i den sjuande himmel, men det var ikkje lenge før vi kom oss ned att på jorda. Markus, som var i storform i kveld, lada kanonen og ballen gjekk inn heilt borte ved stanga. Flott scoring og prestasjon. Sivert hadde ein kanonsjanse like etter, der det berre var  siste ”touchen” som ikkje satt, og Høyang kunne avklare. Høyang var no inne i sin beste periode og pressa oss over på defensiven, vi hadde problem med å komme oss ut av eget forsvar. Dei heilt store sjansane klarde dei likevel ikkje å spele seg til. Sander hadde eit godt skot, men ballen gjekk på utsida av stolpen. Etter 23 min hadde Kriss eit kanon skot, men jaggu trur du ikkje at målmannen til Høyang låg langstrak i lufta og plukka den og ned. Thomas spelt Sivert igjennom like etter, men det ville seg ikkje. Samme gjentok seg 1 min. før slutt, da Kriss spelte Thomas igjennon. Eit litt dårlig førstetouch gjorde at Thomas fekk ballen for langt framfor seg og målmannen kom ut og tok ballen. No var eg sikker på at det kom til å ende uavgjort, men……….da klokka viste 1 min og 30 sek på overtid dukka Markus opp att, og fra nesten død vinkel klarde han å lure ballen bak Karl Jakob. Forstålig nok, kjempejubel i Høyang leiren og destod meir skuffande for oss.  2-1 til Høyang, og eit forbanna surt tap. Vi har ikkje marginane på vår side i jamne kamper, bortsett fra da vi slo Høyang 6-5 på Kyrkjebø.

 

                             Tross tap, gutter: Dere har all mulig grunn til å være fornøgde med spelet i denne kampen, var kanskje årsbeste. Da er det ekstra surt at vi taper.

 

                             VIL TAKKE DERE ALLE FOR EIN FLOTT SESONG, DERE ER EIN SUPER GJENG Å VÆRE PÅ TRENING OG KAMP MED.

 

                             Mvh Magne