Kamp 6

 

15.06.2006           Kyrkjebø/Vadheim - Askvoll/Holmedal  4-4 (1-2)    Tommy 3, Preben

                             Dommer: Odd Eriksen, god.                                      Været: Lettskya, flott, hett spelevær for fotball.

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Andreas, Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard, Lasse, Preben og Thomas. Kriss og Anders mangla.

 

                             Det var Akvoll/Holmedal som kom best i gang. Dei hadde ballen mykje i beg. av kampen. Alt etter 4 min. hadde dei eit skot som vi såg i mål, men Karl Jakob redda meisterlig. Minuttet etterpå gjekk dei opp til 0-1. Eit uheldig utspel vart fanga opp av ein Akvoll/Holmedal spelar og han scora sikkert. I tillegg til scoringa hadde dei eit skot i tverren. Etter 8 min hadde Thomas eit godt skot , men ballen gjekk utanfor. Nokre minutt seinare kom Tommy på eit av sine mange raid. Avslutninga satt og , 1-1 var eit faktum. Ikkje lenge etter hadde Akvoll/Holmedal målmannen eit utspel som gjekk over og forbi alle spelarane våre. Avslutninga fra As/Ho gjekk i mål og dei leda 2-1 til pause.

 

                             Andre omgangen starta med ein 100 % sjanse til AsHo etter 3 sekund, men ballen gjekk heldigvis på utsida av stolpen. 2 min. ut i omgangen fekk vi 2-2. AsHo klarde ikkje å avklare inne i straffefeltet. Tommy let seg ikkje be to ganger og hamra ballen inn i nettet. Like etter hadde AsHo eit skot som gjekk igjennom beina på Karl Jakob og like utenfor. No låg det ein scoring i lufta tilAsHo, og den kom. Karl Jakob var uheldig og AsHo fekk eit veldig lettkjøpt mål. På frispark fra Thomas var Andreas veldig nær til å sette inn utligninga. No bølga kampen fra side til side uten dei store sjansene til nokon av laga, ikkje før Tommy og Andreas kombinerte fint. Tommy fekk avslutte og laga sitt tredje mål, hat-trick, for dagen. På corner etter 22 min fekk Preben knalla inn si første scoring for sesongen, vi leda 4-3. Like før slutt klarde AsHo å utligne, slik at kampen enda 4-4.

 

                             Heilt greit resultat i ein jamnspela kamp. Alle spelarane gjorde ein god jobb. Enda kan mange av spelarane værte mykje tøffare i duellane, sjølv om vi er blitt mykje bedre til det i forhold til da vi starta sesongen. Det er viktig å sjå på ballen og ikkje spelaren når ein prøver å setje inn ei takling. Har du full fokus på ballen, går du heller ikkje så lett på ei finte hvis den skulle komme.