Kamp 3 J

 

24.05.2007           Kyrkjebø/Vadheim – Balestrand                    9 - 4    (5-3)            Thomas 3, Kriss 2 Preben, Erik, Jonas og Henrik

                             Dommer: Jan Lambrechts, meget god.                                   Været: Regn, regn, det bøtta ned.

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Andreas, Sivert, Karl Jakob, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas, Kriss, Erik, Jonas, Mads og Henrik.

 

                             Kampen starta med eit markant overtak for KyVad. Jonas var nære på allerede etter 1 min. Kriss hadde eit flott raid etter tre min. men i mål ville ikkje ballen. Preben testa skotfoten, men skotet vart redda av Balestrand sin målmann. Sivert var og nære på i åpninga av kampen, utan å lukkast å få den inn. Så urettferdig kan fotball være, Balestrand kontra etter 17 min og scora på sin første sjanse. Heldigvis gjekk det ikkje lang tid før vi utligna, og den var det Henrik som stod for. Ikkje mange minutta seinare gjekk vi, heilt fortjent, opp til 2-1. Jonas scora etter sommel i forsvaret til Balestrand. No skjedde det mykje på kort tid. Kris laga både mål nr. 3 og 4 på kort tid, det eine, eit kanonskot fra langt hold, PANG. Preben fekk æra av å lage vårt 5 mål like før pause. Balestrand gjekk rett i angrep etter avspark og knalla inn reduseringa til 5-3, som også vart pauseresultatet.

 

                             Andre omgangen starta veldig bra for KyVad. Thomas lurte av 2 forsvarsspelara og knalla inn sitt første mål for kvelden. Erik laga like etter eit like flott mål, der han lurte vekk nokre forsvarsspelara og klarde å lure avslutninga forbi målmannen. Preben tok sats, fekk ballen i eige forsvar og sprang over heile bana med ballen, før han sentra til Erik, som nesten laga sitt mål nummer 2. Balestrand hadde ein del sjansar no.Karl Jakob hadde ein flott reaksjonsredning på eit skot fra kloss hold. Thomas laga 8-3, på sentring fra Jonas, og like etter laga han sitt tredje mål, etter fantastisk forarbeid av Kriss. Andreas var nære på, men mål nr. 10 kom ikkje. Balestrand reduserte til 9-4 på straffe etter ein hands i forsvaret.

 

                             GUTTER: dette var veldig bra av alle sammenJ. Dere kjempa, jobba og sleit kampen igjennom, og som dere ser, det gir resultater. Enkelte ganger var det ein fryd å sjå samspelet som dere fekk til. Skal eg være litt kritisk og så har vi ein del å hente når det gjeld forsvarsarbeid. Ein del ganger kom Balestrand med 2 spelara aleine igjennom. Det virker som vi gløymer at vi må passe plassane våre. Med ein gang vi misser ballen må nærmest spelar legg press på ballfører, og er det forsvarere som har vore med i angrep, må dei kjapt tilbake i forsvar.