Kamp 11 21.09.2006
21.09.2006 Kyrkjebø/Vadheim
– Gaular 0-8 (0-3)
Dommer:
Jan Lambrechts, full kontroll
KyVad
stilte med følgende spelara: Anders, Andreas, Sivert, Karl Jakob, Tommy,
Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss.
Uff,
uff, detta var kampen da ingenting fungerte. Da spesielt det å ta vare på
sjansene, og score på dei vi får.
Alt
etter 1 min. skulle Thomas ha scora på ein kjempesjanse etter innlegg fra
kanten. Tommy hadde eit skudd rett utanfor like etter.
Så
var det Gaular sin tur, dei scora på sjansene sine, og fekk både 1-0 og 2-0
etter 4 og 5 minutter. Sivert og Tommy hadde ein flott kombinasjon etter 10
minutter, der dei spelte vegg og fekk avslutta utan å score. Noko seinare hadde
Kriss eit kanonraid, kom til sida og la inn og der stod Thomas på blank
goal…………samme gjentok seg etter 27 minutter, det ville seg berre ikkje for
Thomas i dag. Gaular fekk hjørnespark etter 28, nydelig ”serv” og ein like
nydelig nikk rett i nota. 0-3 til pause. Spelemessig var vi fullt på høgde, men
fekk ikkje mål på sjansene.
Andre
omgang sin første sjanse fekk Gaular på eit frispark. Karl Jakob varta opp med
ein flott redning.. Litt etter hadde vi ein bra muligheit på hjørnespark, men
mål, å neida. No kom kampens dårligaste periode. I løpet av ein 9 minutters
periode fra 9 til 18 min gjekk Gaular fra 0-3 til 0-8. 5 mål på 9 minutter.
Fleire av måla var flotte skot fra litt distanse. Gutane våre gav ikkje heilt
opp trass alle baklengsmåla. Vi hadde nokre bra sjanser litt seinare, bl.a. ein
kanonade etter 26, der vi sikkert hadde 4 eller 5 avslutninger på mål i løpet
av 5,6 sekund. Dette var dagen da vi ikkje skulle ha mål. Rett før slutt hadde
Andreas eit nydelig raid, der han parkerte Gaular spelarane, men heller ikkje
han var heldig med avslutninga.
Gutter,
ikkje heng med hovudet. Vi skal komme sterkare tilbake.La oss få til ein
skikkelig avslutning i Høyanger neste torsdag.
Nokre
bilder fra kampen kan du sjå her.