Kamp 3

 

18.05.2006           Kyrkjebø/Vadheim – Gaular 8-10      (5-3)               Kriss 5, Thomas, Sivert og Tommy

                             Dommer: Jan Lambrechts, full kontroll

 

                             KyVad stilte med følgende spelara: Anders, Andreas, Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss.

                            

                             KyVad leverte nok ein spennande kamp på torsdagkvelden. Dessverre for oss gjekk det ikkje vår veg. Gaular vant 8-10.

                             Gaular åpna med scoring etter 7 sek. Her stod vi med lua i handa og berre såg på. Skjerpings gutter…….og det var akkurat det dei gjorde. Sivert scora sin første scoring for sesongen etter flott pasningsspel der fleire spelara var med. Andreas prøvde skotfoten og ,men målmannen til Gaular gjorde ein fin redning.  Etter 13 min. hadde Gaular fått 2 mål til og stillinga var 1-3.

                             Kampen var 20 min. gammel da Kriss åpna scoringskontoen. Han scora 2 flotte mål med berre eit min. mellomrom. I tillegg hadde vi ein kjempesjanse på corner, men utan å få ballen i mål.. 3 min. før pause var Kriss frampå igjen. Nydelig scoring etter flott samarbeid mellom fleire spelara. Med denne scoringen hadde Kriss laga ekte hat-trick på 8 min. Flott prestasjon.  Rett før pause scora Thomas med høgrefoten på eit fint skudd over målmannen til Gaular.

                             Dommer, Jan, blæs til pause og vi leda 5-3. Ein flott omgang av gutane.

 

                             Andre omgangen var ikkje så bra. Den vant Gaular 3-7, og dermed kampen 8-10.

                             I byrjinga av omgangen scora dei 3 kjappe mål. Like etter scora Kriss direkte fra corner og stilllinga var 6-6. No rakana det skikkelig for oss. Gaular tok heilt over og laga 4 mål. Da stod det plutselig 6-10 i målprotokollen. Gutane ga ikkje opp av den grunn. Tommy var frampå med ei flott scoring. Og litt etter laga Kriss sitt 5 mål for dagen. På stillinga 8-10 hadde Sivert eit skot i stanga, og Preben brende til på eit innlegg fra sida, men ballen gjekk på utsida av stolpen. Kjempesjanser……Rett før slutt hadde Thomas eit skot, men målmannen til Gaular tok seg av den. Tommy hadde og fleire sjanser, men hellet var ikkje med oss. Gaular hadde og fleire sjanser til å score.

 

                             Gaular vant ein fortjent siger, først og fremst på bedre lagorganisering. I tillegg var dei var mykje tøffere i duellane. Her har vi mykje å hente på trening framover.

                             Mem,men alt i alt ein bra kamp av KyVad.