Kamp 7

 

23.08.2007           Kyrkjebø/Vadheim - Høyang  4-10    (1-4)    Thomas 3, Preben

                             Dommer: Jan Lambrecht, god.                       Været: Skya oppholds vær. Varmt og godt.

 

                             Kampen starta forrykande for oss. Preben hadde 2 skot før det hadde gått 2 min, men den gode Høyang målmannen redda sikkert.

                             Etter 3 min var Gard uheldig å sette ballen bak Karl Jakob i eit tappert forsøk på å avklare. Litt seinare hadde vi ein trippel sjanse etter

                             eit flott raid av Kriss. 3 skot som alle vart redda. Då det hadde gått 7 min fekk vi utlikninga. Preben slo ballen til Thomas som scora på

                             eit flott skot. Karl Jakob mååte no i aksjon fleire ganger og han avverga gode skotforsøk fra Høyang. Det var Markus, som var i fin form i dag,

                             som stod for det meste av det Høyang produserte i denne perioden.

                             Erik testa skotfoten, utan å lukkast, etter ein pasning fra Mads. Høyang gjekk opp i ledelsen etter 16  min på nok eit sjølvmål. Thomas var nære

                             i det 17 min, men Mr.Borlaug i Høyang buret redda. Markus gjorde alt etter 23, raida forbi alt av KyVad spelara, la inn framfor mål,og pang så

                             var det 1-4. Det var også pause resultatet.

 

                             Høyang hadde nokre store sjanser i begynnelsen av andre omg. Karl Jakob måtte i aksjon både titt og ofte. Martin stod for ein flott prestasjon da han førte opp langs sida og sende i veg ei kanonkule som Høyang slo til corner. Corneren fra Thomas nikka Preben like utanfor.

                             Sivert fekk lønn for sin kraftige arbeidsinnsats da han skaut i stanga og Preben scora på returen. Høyang tek litt over no, Sander hadde eit skudd som KJ redda. Markus spring og spring, nett som Duracell kanina, og skaper massevis av sjanser for sine lagkamerater.

                             Martin, som var skikkelig på hugget i dag, var nok ein gang frampå med skotfoten, men inn ville den ikkje. Etter 10 min reduserte vi, mot spelets gang,

                             på ein kontring. Thomas lurte ballen inn til sides for Høyang målmannen. 3-4 og vi var godt med 12 min ut i andre omg.

                             Minuttet etterpå laga vi vårt tredje sjølvmål for kvelden. Like etter var det Sander sin tur, klinka til fra 25 m og ballen susa inn over ein forfjamsa KJ.

Høyang laga no 3 kjappe mål. Litt for dårlig til å avklare i forsvar, det straffer seg. 2 min før slutt laga Thomas sitt tredje mål for kvelden, hat-trick.

Målet kom på eit godt skot. Men pokker, det vart tosifra imot, da  Høyang scora heilt på slutten.

 

Tross tapet synest eg vi gjorde ein grei kamp. Vi vart ikkje utspelt, tross 4-10.

 

Møt opp på trening framover, øve, øve, øve,  så får vi prøve å sanke meir poeng i seinare kamper.