Kamp 1
27.04.2006.1
Kyrkjebø
/ Vadheim – Dale 5-8 (3-3) Tommy
2, Gard, Kriss og Thomas.
Dommer:
Jan Lambrechts, myndig og god.
KyVad
stilte med følgende spelara: Anders, Andreas, Sivert, Karl Jakob, Tommy,
Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss.
Kampen starta ganske famlande for KyVad sin del. Dale scora i 8, 12 og
21 min. Etter spel og sjanser var vel dette ikkje heilt rettferdig, men i
fotball er det måla som tel. Etter 22 min. fekk vi vår første scoring, det var
Tommy som var frampå. 2 min. seinere var det Kriss sin tur. No var det
plutselig spenning igjen,og da Tommy var frampå igjen og gjorde 3-3 etter 27.
min var det stor jubel både på bana og sidelinja. Rett før dommaren blæs av for
pause, hadde Preben eit kanonskot som gjekk i tverrliggaren og ned på streken.
Den hadde fortjent ein bedre skjebne. 3-3 til pause var vel Ok etter spel og
sjanser.
Andre omgang starta som den første. Dale scora etter 1 min, og 3-4 var
eit faktum. No var Dale skikkelig på hugget og scora 3 kjappe mål til. 3-7 etter
12 min av andre omgang. Thomas hadde fleire store sjanser, men hadde ikkje
hellet med seg. I 44. min scora Gard eit flott mål, 4-7. No var det vi som
hadde eit spelemessig overtak, men ballen ville ikkje i mål. Tommy hadde eit
kjemperaid men avslutninga traff keeper, og Dale kunne avklare. 2. min før
slutt fekk Dale ei ny scoring, og minuttet etter fekk ”brennemesteren Thomas”
tuppa inn eit mål. Slik ebba kampen ut, tap 5-8.
Dale hadde eit godt, fyskisk sterkt lag, med
ein god spiss.
MEN GUTTER: Det er ingenting å henge med hovudet for. Alle gjorde ein
fin innsats, og trener vi godt framover kan vi kanskje være på høgde med Dale
når vi skal møte dei i Dale om ein månad. 10 åringane Andreas og Sivert som er
nye i år, klarde seg godt, og gjorde ein flott innsats.