Kamp 9  31.08.2006

 

 

Kyrkjebø / Vadheim – Dale         8-5      (3-2)    Tommy 6, Kriss og Thomas.

Dommer: Jan Lambrechts, myndig og god.

                       

KyVad stilte med følgende spelara: Anders, Andreas, Sivert, Karl Jakob, Tommy, Martin, Gard, Lasse, Preben, Thomas og Kriss.

 

Kanonstart på kampen. Thomas sendte i veg eit skot etter 29 se. og den låg i nota bak ein forfjamsa Dale målmann. Flott scoring. Minuttet seinare hadde Thomas nok ein stor sjanse, men denne gangen gjekk ballen utanfor. Etter 5 min. var Tommy frampå med sitt første av 6 mål for kvelden. Scoringa kom som følge av flotte kombinasjoner. Tommy hadde ein stor kamp i kveld. Han scora 6 mål med strekk på baksida av låret. Dale fekk sin første store sjanse etter 8 min, den kom som følge av feil i forsvaret. Minuttet etterpå hadde Karl Jakob ein kjemperedning. Dale fekk lønn for strevet etter 13 min. Ved dette høve var vi ikkje på plass i forsvar, Dale kom 3 mot 1 og scora sikkert. Karl Jakob hadde nok ein kanonredning like etterpå. Etter 18 min hadde Kriss eit flott raid og la inn til Thomas. Det var berre for han og breiside den inn, men Thomas satte ballen høgt over. Pokker…..Dale hadde like etter eit skot i stanga og ut. 2-2 kom etter 23 min. Ved denne scoringa var vi heller ikkje på plass i forsvar. Her må vi bli flinkere til å komme tilbake etter eit angrep. Rett før pause scora Tommy etter eit flott raid. Preben var svært sekunder før dommeren bles til pause, utan å lukkes.

 

Starten på andre omgang var veldig god. Tommy hadde fleire skot, som vart avverga.Etter 6 min måtte Dale målmannen kapitulere pånok eit skot fra Tommy. Like etter fekk Dale nok eit mål og stillinga var 4-3. Preben hadde ein kjempesjanse, men ballen strauk utenfor. Samme hadde Andreas, men ballen ville heller ikkje her i mål. Andreas hadde nok ein stor sjanse utan å lukkast. Synd, for her hadde Andreas fortjent eit mål. Dale fekk no 2 kjappe mål og dei leda da 5-4. Kampens flotteste mål/angrep kom på nydelige kombinasjoner fra Tommy og Kriss. Det var Tommy som satte inn målet. Kriss stod for ein flott scoring like etter, der han trokla seg gjennom Dale sitt forsvar og hamra ballen i nettet. Deilig, og vi leda 6-5. På slutten scora Tommy 2 mål til, slik at kampen enda, fullt fortjent, 8- 5 til Kyrkjebø/Vadheim.

 

Mykje flott spel av gutane, fine kombinasjoner, flotte soloraid og nydelige skot.

 

Bilder fra kampen kan du sjå her. OBS: Tar mellom 1 og 2 minutt å åpne.