Kamp 11. 20.09.2007
Kyrkjebø / Vadheim – Vik 3
– 10 (1-3) Kriss 3
Dommer: Jan Lambrechts, myndig og god. For det meste
opphold, kjølig.
KyVad stilte med følgende spelara: Andreas, Karl
Jakob, Martin, Gard, Lasse, Preben, Erik, Mads, Jonas, Thomas, Kriss, Henrik,
Sivert og Martin.
KyVad åpna kampen godt. Allerede etter 1 min
kom Sivert seg forbi det som var av Vik spelara, men avslutninga gjekk like
utanfor. Etter 4 min gjekk Vik
opp i ledelsen på eit skot. Sjølv om vi kom
bakpå fortsatte vi å produsere sjanser. Preben hadde eit skot som sneia tverren
etter nydelig samspel med Kriss.
Thomas hadde eit flott skotforsøk, men den
vart redda. Like etter kjem Thomas aleine mot målmannen, han prøver å dra seg
forbi, men den gode Vik målmannen
får ei hand på ballen og avverger.
Etter dei første 10 min er det Vik som tek
over og presser oss bakpå. Fleire store sjanser, utan hell, men etter 15 min
kjem 0-2. Rot i forsvaret og ein uheldig Karl Jakob
gjer at Vik får eit lettkjøpt mål. Kriss
sender oss inn att i kampen med ei flott redusering like etter. Mads var nære
på, men skotet vart redda.
Vik scora etter 20 min, også her var det rot i
forsvaret. Dårlig press på ballfører, og da går det som regel gale. Rett før
pause hadde Lasse sin store sjanse, etter eit
innlegg fra Thomas, men han klarte ikkje å
stokke beina slik at han fekk til ein skikkelig avslutning.
Andre omgangen starta også godt for oss. Kriss
kom til innlegg, Thomas fyrer på direkten, men skotet går like utanfor. Kriss
hadde like etter 2 store sjanser, utan hell.
Det hadde vi derimot litt seinare. Thomas kom
seg til linja, slo ballen inn i feltet, Kriss satsa, ”tok heilt av” og heada
ballen i nota. Utan tvil dagens scoring.
11 min ut i andre omgangen var stillinga 3-2
til Vik og vi var absolutt med på notane.
Så kom ”rullegardina”, siste 19 min tapte vi 1-7.
Kriss laga sitt tredje mål for kampen like før
slutt, flott prestasjon.
Oppsumering: Årsakene til kollapsen i andre omg, både her og mot Høyang
sist, kjem av at vi er litt for mykje ball opptatt. Vi må prøve å ta oss ein
titt for å sjå kor vi har motspelarane. Hvis 2 spelara går på ballfører, så er
det heilt sikkert nokon som er ledige. Nærmaste spelar skal presse ballfører,
vært han utspilt skal den neste som er nærmast, presse.
Men gutter:: Her er mykje positivt, mykje flott kombinasjonsspel og gode
skotforsøk. Dette lover godt til vi skal til Balestrand neste torsdag.