Kamp 5.  07.06.2007  L

 

 

Kyrkjebø / Vadheim – Vik                       3 – 17              (3-5)    Mads, Erik og Thomas.

Dommer: Jan Lambrechts, myndig og god.                                  Sol og steikande varme.

                       

KyVad stilte med følgende spelara: Andreas, Karl Jakob, Martin, Gard, Lasse, Preben, Erik, Mads, Jonas, Thomas og Kriss.

 

På forehand hadde vi trudd at dette var ein kamp vi kunne vinne, siden det var så jamt i Vik. Vi tok feil……………….

Starten på kampen var strålende. Etter 3 min kombinerte Andreas, Erik og Mads strålande. Andreas førte opp på sida, la inn til Erik som igjen sentra til Mads. Mads gjorde ingen feil, 1-0 etter glimrende spel. Vik utligna rett fra avspark, der ein Vikje fekk gå rett igjennom. Erik hadde flott skotforsøk både i det 6 og 7 min, men kula ville ikkje inn. Litt seinere, etter 12 min., lukkast Erik. På pasning fra Kriss, scora Erik sikkert. Vik kom sterkere etter kvart som omgangen nærma seg slutten. Dei fekk 3 kjappe mål og leda 5-2 like før pause. Rett før dommeren blæs til pause la Kriss ein flott pasning til Thomas. Thomas avslutta med eit skot som gjekk inn bak keeperen til Vik. Dermed vart pauseresultatet 3-5. Litt urettferig med 2 måls ledelse til Vik, da omgangen var heilt jamn.

 

Andre omgangen taler for seg, 0-12. Utan å skulde på noko trur eg fjellturen med skulen i dag var ein medvirkande årsak til at det vart total kollaps, i tillegg mangla vi dessverre spelarane fra Vadheim. Dei hadde vi sårt trengt i dag.

Ein ting til: Vik har ein spelar som er fantastisk god, trur han laga ca. 12-14 av måla til Vik. Gutter, han fekk gjere nett som han ville………….vi var alt for dårlige til å legge press på han. L  det gjorde vi mykje bedre i Vik. Når det er sagt skal vi møte Vik 2 ganger til i år, så da har vi sjansen til å rette på det.