Kamp 8

 

31.08.2007           Vik – Kyrkjebø/Vadheim                   5-2                  (1-2)            Kriss og Sivert

                             Dommer: Veldig bra.                                                             Været: Overskya, oppholds vær, litt kjølig.

 

                             Dette var ein kamp vi frykta litt, da vi tapte 4-17 på Kyrkjebø sist vi møttest. Kampen gjekk mykje bedre enn frykten.

                             Det starta dårlig. Vik satte inn første målet allrede etter litt over 1 minutts spel.

                             Kriss utligna ikkje lenge etter, da han tverrvende på ein femmer og scora på eit fint skot. Utover i kampen hadde vel Vik ballen mest,

                             hadde også dei største sjansane. ballen small i stanga ved eit par høve.

                             da kampen var 21 minutt gammel, gjekk vi opp i ledelsen. Sivert drog seg forbi eit par Vik spelara og skotet gjekk inn til sides for målmannen.

                             Flott mål som kom etter kanon innsats, vilje og tæl. Like etter skaut Thomas i tverrliggeren og ned, men Vik fekk rydda unna. Vi gjekk til pause med 2-1 ledelse.

 

                             Andre omgangen var ikkje like god som første. Sivert og Erik hadde gode skotforsøk utan å lukkast. Vik fekk 2-2 etter 6 min. og dei siste

                             10 minutta fekk dei 3 til, slik at slutt resultatet vart 5-2 til Vik. Alt i alt ein grei gjennomført kamp av KyVad. Vi vant 1 omg. 2-1………

 

                             Må legge til at kampen gjekk på ein knøttliten grusbane, på skulen, på Vangsnes.