Kamp 2
10.05.2007 Vik
– Kyrkjebø/Vadheim 7-6 (3-4) Kriss 3, Preben 2, Thomas 1
Dommer:
Veldig bra. Været: Halvskya, flott vær.
KyVad
stilte med følgende spelara: Andreas, Sivert, Karl Jakob, Martin, Gard, Lasse,
Preben, Thomas og Kriss, Mads og Jonas.
Kampen
starta med eit stort trykk fra Vik. Allerede etter nokre få sekund hadde dei
eit skudd som gjekk like over. KyVad kom fram ved ein anledning tidlig i omgangen,
men innlegget fra Thomas til Kriss enda med at målmannen til Vik snappa ballen
rett framfor Kriss etter ein litt uheldig første touch. Vik gjekk rett i angrep
og scora etter flott spel. Like etter vart der nesten 2-0. Jonas hadde eit skot
som målmannen til Vik tok seg av.
Vik
gjekk opp til 2-0, eit tullemål, som kom etter at vi ikkje avklarde skikkelig.
3-0 til Vik kom etter eit hjørnespark.
Etter
det målet kom vi bedre med. Thomas laga vårt første mål for sesongen på eit
flott skot, etter pasning fra Preben. Gutane fekk no blod på tann.
Preben
laga 2-3 etter pasning fra Thomas, og like etter kom 3-3. Da var det Preben som
spelte Kriss igjennom. Etter ein corner fekk Kriss krangla inn ledermålet vårt.
Vi hadde snudd 0-3 til 4-3 ledelse, flott prestasjon av gutane. Vik hadde og
fleire store sjanser, men heldigvis vart det ikkje mål.
Andre
omgangen starta med ein flott redning av Karl Jakob på eit kanonskot etter
berre 20 sek. Vik pressa oss, men det var vi som litt ufortjent fekk score
første målet i andre omg. Thomas la pasningen, som Kriss scora sikkert på. Like
etter hadde Andreas ein stor sjanse etter flott forarbeid av Kriss. Vik scora
på eit langskot etter 8 min, og etter 15 min fekk dei nok eit mål. Spennande
no, spelet bølga fram og tilbake, med store sjanser til begge lag. Martin testa
skotfoten, men skotet gjekk like over. Preben sendte oss i føringa etter eit innkast
og mykje klabb og babb framfor mål.
10
minutt før slutt var Vik frampå igjen, 6-6. Vinnermålet til Vik kom 5 min. før
slutt. I sluttminutta hadde vi store sjanser både ved Thomas, Kriss og Preben
utan at det vart utteljing.
Flott
kamp gutter, dere jobba godt alle saman. Såg ut som vi hadde gløymt stortapet
mot Høyang.
Trur
dere likte dere godt på ferjeturen og ilag med Høyang sine lillejenter som også
var i Vik og sparka fotball. J J J J