|
Det vart starta jazzklubb i Høyanger alt i 1980. Det vart etter kvart meir ein rock og bluesklubb som diverre måtte legge inn årane i -89. Dette var til tider ein svært aktiv klubb med eit godt rykte i musikkmiljøet. "Beste rockeklubben i landet " ifølge Blind Date i april 1984. Det vart og forsøkt starta ein stor Bluesfestival, noko som ikkje lukkast. Framleis er det god musikk å høyre i Høyanger. Påskerock/jam er bl.a godt kjendt. Men det var meir aktivitet og musikk i klubben si tid. Kanskje det er på tide å få liv i Rock og Blues- klubben att ? Det meinte i alle fall den sisste leiaren i Rock og Bluesklubben Geir Birkeland og Ottar Uglum som i si tid var med og starta opp klubben og var med i styret i mange år. På eit møtet på Joss 16/9 -98 vart det skipa eit intrimstyre som jobba med å etablere klubben og få ihop ein startkapital. Klubben vart formelt stifta 23 januar 1999. Det er vel få plassar på Høyanger sin storleik som har så mange rockeband. Rock og Blues- interessa er det ikkje noko i vegen med i Høyangerregionen. Klubben vil no forsøke å få til litt meir regelmessige tilskipingar. Ønsket er å få hit dyktige band. På den måten vil vi innspirere lokale musikkarar, som vi og vil gi spelejobbar. Eides hotell - Joss har sagt seg interessert i eit samarbeid og det er vi svært glade for. Dette er eit kjempebra lokale for denne typen musikk og har framleis eit godt navn i musikkmiljøet. No når vi går inn i 2003 slit vi tungt. Vi har meldt oss ut av
Rockeforbundet og har ikkje noko valgt styre, men Ottar Uglum er
kontaktperson og Tilbake til Heimesida |