"Seksti-tallet hadde The Cavern
Club i London. Sytti-tallet hadde The Scene Club i New York og åttitallet
hadde Joss i Høyanger. Førre helg svinga det igjen på
Joss"
Dette var nesten i overkant...
sjølv for ein som har vore med heilt frå starten.
Dette vert noko å leve opp til no når vi er i gang att.....
Orvedal skriv vidare : - Det er nemleg eit ganske nytt fenomen, dette at ting blir meir hippe (antikvarisk uttrykk for OK ) jo meir sentralt dei er plassert. Ein gong for lenge sidan då rock var rock og jazz noko farlig, var rockepuben Joss like mykje verdens navle som som andre klubbar med kompromisslaust program og blind tru på musikkens universale kraft.osv.....
Dei grunnla ein tradisjon som framleis er liv laga, viss etterkommarane forvaltar den rett og ikkje fortapar seg i nostalgi. Mellom musikarar og publikum med høgt truverde på gata vert Joss rekna som ein av dei brunaste norske rockeklubbane.
Vi skal gjere vårt beste for å forvalte tradisjonen.
Vi vil satse på både etablerte artistar, helst om dei har noko
nytt å melde, og nye spanande saker innafor rock, blues og beslekta
musikkformer.
Vi vil fortsette med ei blanding av "importerte" og lokale artistar.
Orvedal : - Bergen Bluesband hadde fast termin på Joss. Ein tradisjon som Hungry John held ved like som soloartist. I løpet av 80åra hadde klubben opparbeid seg eit så godt ry at grupper som Dum Dum Boys, Backsteet Girls og Can Can opplevde det som ei ære å få spele i Høyanger. Dei gav alt. Gamlekarane Kevin Coyne og Cornelis Vresvijk sørga dessutan for poetisk ballast medan pensjonerte The Spencer Davis Group (rett nok utan Steve Winwood) for forbi ikkje så mykje for musikken si skuld men for å å tene til livets opphald medan dei sørga for å gi plakaten eit visst historisk alibi.osv.......
Soga om Joss nådde eit høgdepunkt ein gang på midten av åttitallet då Knut Reiersrud inntok scena med bluesbandet Four Roosters, sogar forsterka med saxofon og trombone traktert av unge og elleville Bendik Hofseth og Torbjørn Sunde. Det gjekk ikkje ikkje langt ut i det andre settet før Knut kasta sixpensen, og det var den første gangen nokon spela så takplatene ramla ned i hovudet på folk utan at det var planlagt som ein del av programet. Dette sette ein ny standard for ein vellukka konsert på Joss, flygande takplater var eit innslag som var like obligatorisk som Pete Townshand`s gitarsmadring.
Takplatene er framleis dei gode(?) gamle sjølv om lokalet
er litt oppussa.
Etter dette kan vel ikkje Joss fornye takplatene.......
Om Fugazi Tribut med lokale rockarar skriv han: - Dei har ikkje tatt seg tid til å tenke ut navn på bandet, meininga med livet er først og fremst å spele. Joss vert igjen fylt av genuin rock. Dett er musikk blotta for påfunn og smiger. Ikkje noe mellomsnakk: Visst det ikkje treffer deg i magen så kan det vere det same. Vi er med frå fyrste takt og let oss syge inn i ein oppdatert åttitals-odysse`a la Fugazi. Det er dette som er musikkens øyeblikk uansett sjanger og tradisjon. Den korte stunda då tid ikkje eksisterar. Vi merkar berre at noko strøymer gjennom oss på veg ut mot fontenene.
PÅ JOSS
PUB OPPLEVER
DU ROCK OG BLUESARTISTAR
I LEVANDE LIVE !